Målaren frå Selje
Self portrait: Bernt Tunold in 1908.
Bernt Wilhelm Tunold vart fødd 25. februar 1877 på den segnomsuste øya Selja i ytre Nordfjord. Faren hadde flytta til Selje frå Stryn, mora kom frå Åheim på Sunnmøre. Dei to bygsla eit småbruk under prestegarden, og her vart Bernt fødd som den yngste av ni søsken. Då han var 18 år, flytta han til Bergen, og der vart han buande det meste av livet. Men han kom mest årvisst heim til Selja for å måle, og mange av bileta hans har såleis motiv frå heimbygda. Bernt Tunold døydde i Bergen 23. januar 1946.
Frå underoffisersskule til målarutdanning
I Bergen tok Tunold til på underoffisersskulen, der han var elev i to år. Han fekk deretter arbeid som sekretær ved lagmannsretten i Bergen. Men teikning og måling var det han lenge hadde hatt mest hug til, og hausten 1901 vart han elev ved Henrik Asor Hansen sin målarskule. Dei to sesongane han var ved skulen, saman med ein del teikneundervisning hjå målaren Olav Rusti, utgjorde heile Tunold si målarutdanning.
Vestlending og folkeminnegranskar
Medan mange andre kunstnarar drog ut i Europa og vart prega av dei nye, moderne straumane i kunsten, vart Bernt Tunold stort sett verande på Vestlandet. Han skildrar vestlandsnaturen i gråtonar og i saftige grønfargar, Tunold-grønt, som det gjerne vart kalla. Den store interessa hans for bygdekulturen og kvardagslivet i Nordfjord-bygdene, gjorde han til så vel folkeminnegranskar som målar. Han var oppteken av biletvev, treskjering, plantefarging og dei gamle nordfjorddraktene, og han mislikte at dei vestlandske bondehusa fekk moderne innreiing og vart kvitmåla utanpå.
In the autumn of 1912, Tunold went to Vesterålen in northern Norway, where he stayed for 1 ½ years. During this time he painted a series of pictures with strong colours, quite different from the ones he painted at Selje. This painting is entitled "Summer evening at Sortland" from 1913.
Hyen, ekteskap og røykstove
I 1916 slo Tunold seg ned i bygda Hyen i Nordfjord. Han kjøpte seg ei gamal røykstove og der vart han buande i nesten fire år. Mange av bileta hans frå denne tida har motiv frå det gamle klyngjetunet der stova hans låg, og frå naturen rundt. I 1920 gifta han seg med Edel Prøitz. Det første barnet deira vart fødd i Hyen. Men så vart det vanskar med kjøp av grunnen røykstova sto på, og Tunold fekk stova riven og flytta ho til Selje, der han bygsla ei tomt under prestegarden. Etter ei tid måtte han selje stova av økonomiske grunnar. Forfattaren Sigrid Undset var ein av dei som var interessert i å kjøpe, men det vart ingen ting av fordi ho ikkje fekk kjøpe tomta. Etter at stova var seld, flytta Tunold-familien til Bergen, der målaren vart buande dei siste 20 åra han levde.
Den omreisande målaren
Siste 25 åra av livet sitt drog Tunold rundt på Vestlandet med målarskrinet sitt store delar av året. Det var ikkje berre landskap han måla på desse reisene sine, men også stilleben, portrett og interiør.
Bernt Tunold often painted, and in various seasons, the view from the home of his childhood at Selja towards the mainland with the church and the beach. This painting is called "Summer at Selje" from 1910. In the background to the left you can see the church with the beach further to the right. Maybe it is his mother and one of his sisters who are outside haymaking.