Den industrielle revolusjonen kom til Noreg i 1840-åra. Som i dei fleste andre land var tekstilindustrien først ute. I Storbritannia hadde spinne- og vevemaskinene gått sidan slutten av 1700-talet, og i 1842 vart forbodet mot eksport av maskiner oppheva. Nokre få år etter starta industrialiseringa av Noreg, mellom anna i Ytre Arna.
Det var fleire faktorar som gjorde plasseringa av tekstilfabrikkar her naturleg. Elva, med eit fall på 66 m frå Gaupåsvatnet, gav nok kraft til å drive maskinene. Bergen, framleis den største byen i Noreg, hadde ein stor marknad. Billeg arbeidskraft vart henta frå bygdene i Nordhordland.
Så å seie alle gründarane av tekstilfabrikkane i bergensområdet kom frå Sør-Jylland, og dei fleste frå ein liten kommune her, Broager. Dette gjer denne delen av norsk industrihistorie heilt spesiell. Jebsen-brørne var dei første, men seinare blei fabrikkane i Salhus, på Dale, på Hop, i Eidsvåg, i Samnanger, på Trengereid etablert av menn frå Sør-Jylland i perioden 1859 til 1895. Dei rike bergensborgarane engasjerte seg ikkje i denne industrireisinga.
Løns-og arbeidsvilkår, fagorganisering
Fabrikkane i Ytre Arna vaks fort , og utover mot slutten av 1800-talet arbeidde det rundt 450 arbeidarar her. Arbeidstida var den første tida 15 timar for dagen med ein og ein halv time pause. Frå 1872 vart arbeidstida redusert til 11 timar netto, og i 1920 vart 8-timarsdagen innført. I fabrikkane i Ytre Arna arbeidde både kvinner og menn, i motsetning til i tekstilfabrikkane t.d. rundt Akerselva der dei fleste arbeidarane var yngre kvinner. Lønene var låge i tekstilindustrien, og kvinnene tente ned mot halvparten av det mennene tente. Fram mot århundreskiftet arbeidde svært ofte barna i fabrikkane når dei ikkje var på skulen. Fabrikklokala var ofte kalde og trekkfulle med mykje støy og støv, og maskinene vart drivne av farlege opne reimer og akslingar.
Fabrikkherrane bestemte kven som skulle få arbeid og kven som måtte gå, dei fastsette suverent løn og arbeidstid. I år 1900 hadde den sosialistiske avisa «Arbeidet» i Bergen eit avisoppslag under overskrifta «Arbeidsforhold i Arne verre enn i Russland». Her vart det brukt uttrykk som «arbeidernes sløvhed» og at det var «slavelignende forhold» ved fabrikkane. Dette provoserte mange arbeidarar, og dei tok til motmæle i eit innlegg i Bergens Tidende same året. Men avisoppslaget kan ha vore ein vekkar, for same året vart Arne Arbeiderforening danna. I 1908 meldte foreininga seg inn i Norsk Arbeidsmandsforbund.
Året etter sette foreininga fram lønskrav som blei blankt avvist, og det enda med ein fire månader lang streik. Etter streiken fekk fagforeininga ein knekk og vart lagt ned i 1912. Men i 1919 vart Arna Tekstilarbeidarforeining stifta.
Arne Fabrikker og Ytre Arna-samfunnet i førre århundret
Etter tunge tider på 1920-talet vart ei storstilt modernisering sett i verk rundt 1930. Moderne maskiner vart kjøpt inn, nye tidsriktige produkt vart utvikla, og produksjonen vart rasjonalisert og effektivisert. Omsetjinga auka, og det vart stadig behov for meir arbeidskraft. Nye administrasjonsbygningar vart reist, og produksjonslokala vart stadig utvida. Fabrikkane stod på høgda av makta si i første halvdel av 1960-talet. Over 1100 personar arbeidde då i fabrikkane.
Men omslaget kom brått. Konkurransen frå lågkostland tok knekken på Arne Fabrikker og store deler av norsk tekstilindustri. Rundt 1980 var det meste slutt, sjølv om det var produksjon i fabrikklokala under namnet Arne-Høie, seinare Høie, ei tid framover.
I dei store fabrikklokala der spinne- og vevemaskinene stod er det i dag svært mange småbedrifter, og fleire hundre personar har sitt daglege virke her.