Men det var dei store lakseinnsiga som må ha vore ein av grunnane til at nokre av dei første hordalendingane slo seg til i Skipshellaren på Straume, truleg den beste veidestaden i Hordaland i steinalderen. Med laksen fylgde godbitar som sel, fugl og anna jaktbart vilt. Mykje av det som stod på steinalderfolkets matsetel, kan framleis fangast ved Straume. Berglandet Vaksdal syner spor etter mange av kapitla i den vestnorske geologihistoria. I sørvest ligg Bergensbogane med kambrosilurskifrar. I nordvest rår grunnfjellet. Og i aust ligg gigantiske flak av lausrive grunnfjell som har sklidd på underliggjande lag av fyllitt og glimmerskifer.
Med lange dalar frå fjorden og opp til fjellviddene ligg Vaksdal i eit overgangsområde, både geografisk og administrativt. Før 1853 høyrde nokre få av gardane i Vaksdal heime i Mjelde skipreide på Osterøy, medan resten var delt mellom Arna, Hosanger og Vatsvern skipreider. Vatsvern, det store bygdelaget nedanfor Voss, høyrde til Hardanger og Voss sorenskrivar-dømme fram til 1773. Då vart det overført til Nordhordland. Bruvik kommune frå 1870 omfatta i hovudsak det området som er dagens Vaksdal, med tillegg av gardane i Eksinge-dalen som vart overførte ved kommunereforma i 1964.
Kjem du langs E16 frå Bergen mot Dale i dag, så kjører du heile vegen innanfor det området som høyrde til Arna skipreide i mellomalderen. Her opplever du fjordlandskapet på sitt brattaste og trongaste. Det er mest som ein portal opnar seg når du rundar svingen og kjem inn til Dalegarden. Det brattlendte landskapet held fram innover mot Straume og Stamnes. Vegen frå Stamnes til Eidslandet, som opna den fem mil lange Eksingedalen for omverda, er bygd med handemakt – eit teknisk meisterverk. Vi ser den naturgjevne samanhengen i at Eksinge-dalen høyrde i hop med nabodalføret Modalen. Før vegen og bilen kom var dette den kortaste byvegen: over fjellet til Modalen, ut Mofjorden og Osterfjorden til fjordungskyrkja på Hamre og til Bergen.
Laks og kraft
I ein annan målestokk enn kraftutbygginga, men likevel viktig for bønder og bygdelag, var det vidgjetne laksefisket i fjordane og elvane. ”Laksenæringa i Bruvik er så verdfull, at ho ikkje kan skattast for høgt”, skal ordføraren i gamle Bruvik kommune ha sagt på festlege tilstellingar. Vosso-laksen og Ekso-laksen, nokre av dei mest storvaksne laksestammane i verda, vandra inn i fjordane kring Osterøy. Frå Trengereid og innover til Stamnes stod sitjenøtene tett i tett på begge sider og håva inn store mengder fisk.
Kraftutbygginga må ta sin del av skulda for at det tidlegare så rike laksefisket er historie. At Ekso og Daleelva framleis er lakseførande kan ein takka dei lokale fiskarlaga for. Saman med kraftutbyggjarane har dei sett i verk ei rekkje tiltak som gir håp for laksestammane. Ekso vert kalka, og i begge elvane vert det lagt befrukta rogn rett i elvegrusen – etter naturmetoden. Om laksefisket neppe vil nå attende til gamle høgder er det likevel ei trøyst for sportsfiskaren at aurefisket i både elvar og vatn gir gode fangstar.
Tre retningar
Tre topografiske hovudretningar i landskapet går att i kommunen. Eidsfjorden, Dalevågen og Dalseiddalen går sørvest-nordaust langs lagdelinga i fjellet. På tvers av denne retninga går Bergsdalen. På Dalegarden møtest desse to retningane mellom stupbratte fjell. Nedanfor ligg store blokker av stein som viser korleis landskapet brått kan endrast, også i dag. Av same grunn har vegvesenet sirleg tråkla fjellet saman med solide bolter over dei mange tunnelopningane langs stamvegen mellom Bergen og Voss. Den ville Veafjorden følgjer den tredje retninga - nord-sør. Breane forsynte seg villig av det svakare fjellet langs den gamle forkastinga, og skapte slik den opptil 400 meter djupe fjorden.
Isen for hardt med landskapet og etterlot seg tersklar og trau med innsjøar og elvesletter, som i Eksingedalen og Bergsdalen. I Bergsdalen går eit skilje ved Storefossen. Ovanfor denne er dalen U-forma. V-dalen nedanfor er for det meste utforma av elvar, som mellom istidene har skore seg ned i fjellet, på veg mot fjorden.
På slutten av istida kalva breane raskt innover dei djupe fjordane. Isfronten stogga fleire stader der det vart grunnare og avsette delta av sand og grus, som på Jamne i Vaksdal (68 m o.h.), på Dale (65 m o.h.) og ved Eidsland (60 m o.h.). Vidare oppover langs Eksingedalen ligg flatt jordbruksland på breelvavsetjingar som vart spylte ut framom breen då ham smelta attende.
Dei høge og bratte fjella har mykje å seia for klimaet i Vaksdal. I dei tronge dalane mellom fjella kan det bli snautt med sol og solvarme. Nedbøren er meir likeleg fordelt enn sola: I fjellområda lengst i sør kjem det over 3000 mm i året, i Bergsdalen om lag 2500 mm og i Eksingedalen 2000-2500 mm. Dalane er ikkje berre skuggefulle – dei kan og vere vindfulle: Med tyngdekrafta si hjelp vert kald vind styrt ned mellom fjella om natta og i stille periodar om vinteren. Om sommaren, og særleg på dagar med sterk oppvarming, vil dalvinden blåsa oppover dalen. I områda nær Veafjorden demper fjordvatnet temperaturvariasjonane; resultatet er milde vintrar og relativt låge sommartemperaturar. Dersom fjorden frys til, kan kulden breia seg innover land.
I dei undersolte dalsidene er det vanskeleg for andre treslag enn dei hardføre sortene, som bjørk og gråor, å klara seg. Dei veks tett i dei bratte liene langsmed Veafjorden. Opp gjennom heile Bergsdalen er det mykje bjørkeskog. På Moastølen opp frå Småbrekke finn ein gammal urskogliknande fjellbjørkeskog med store tre. Gråor veks meir spreidd i dalføret. I Eksingedalen står bjørk og furu tett nedst i dalen, medan bjørk og gråor er nærast einerådande innover mot Gullbrå. Edellauvskog er det lite av i Vaksdal, truleg fordi berggrunnen er for sur. Eika klarar seg best, og helst der ho kan veksa under lune berg.
Forutan hjort og rein og småvilt som rype og hare, har utmarkskommunen nokre uvanlege dyreførekomstar: I Vesle Askjelldalsvatnet i Stølsheimen lever dei vestlegaste skjoldkrepsane her til lands. Det skuldast det kalkhaldige fjellet. Skjoldkreps toler ikkje forsuring, det ein centimeter lange krepsdyret lever berre i vatn med pH over 6. På murveggane til Dale Fabrikker og nabobygningane ligg ein av dei største taksvalekoloniane som er att i Hordaland. Insektproduksjonen i Daleelva er viktig for desse fuglane. Elveinsekta er også viktige for fossekallen, som lever ved dei fleste elvar og bekkar i kommunen. Ved Bolstadfjorden er det funne ei flaggermushole i bergveggen som desse dyra nyttar som dagplass. Slike holer er det heilt sikkert mange av i Vaksdal.