Den bergenske kongevei
Vegen gjennom Lærdal og over Filefjell har frå urgammal tid vore den viktigaste vegen mellom aust og vest og vart ein periode kalla "Den bergenske kongevei" og seinare "-hovedvei". "Kongeveg" eller "kongsveg" er ei nemning frå 1600-talet på ein hovudveg som låg under kongen eller statens forvaltning og svarar til vår stamveg eller riksveg. Lærdal prestegjeld (Borgund, Lærdal og Årdal) hadde vedlikehalds- og og skyssplikt for kongevegen.
Lærdølene hadde òg hatt oppgåva med å frakta "kongens skatter" som då var i klingande mynt over Filefjell til Christiania. Som motyting hadde prestegjeldet sidan 1563 hatt halv skatt og fritak for militærteneste. Lærdal var det einaste prestegjeldet i landet som sat med slike rettar. Men det varde ikkje lenge. I 1802, etter oppreist og mykje strid, måtte lærdølene gje tapt, og dei miste privilegia sine. Føraren for oppreista, Anders Lysne, vart halshoggen på Bergenshus året etter.
Postvegen Christiania - Bergen
Då postvesenet vart oppretta i Norge i 1647, vart det etter kvart stilt krav til ein viss vegstandard. Posten brukte ni døgn frå Bergen til Christiania. ".. Meget vanskelige Veie, Klippe og Dale at passere, hvor det ikke lod sig gjøre at ride, men hvor Postbønderne maate bære Postsekken paa Ryggen ..", heiter det om vegen på denne strekninga midt på 1700-talet.
Sidan kom nye krav. På slutten av 1700-talet skulle vegen mellom Christiania og Bergen oppgraderast til køyreveg og ridevegen gjennom Lærdal vart gjort farbar for hest og vogn. Post- og varetransport hadde sjølvsagt auka, men det låg og militære grunnar for ei slik storsatsing.
I dansketida var det ingen norsk sentraladministrasjon og heller ikkje norske vegstyresmakter. Stiftet var høgste myndigheit, og Bergens stift betalte frå "den bergenske veikasse" til oppgraderinga.
Køyreveg for hest vogn
I åra 1790-93 vart arbeidet gjort. Ikkje minst var etappen gjennom Galdane ei stor utfordring. Dette vegstykket vart rekna som ".. den vanskeligste Vej, som kan findes i noget Land", som biskop Pontoppidan sa i 1749. Andre reisande skreiv og skremmelege skildringar av turen gjennom Galdane, særleg vinterstid. I gammal tid vart nok begge sider av dalen og strekninga kalla "Galderne". Også i dag er dette ei vanskelege vegstrekning som går under namnet "Seltåsen".
Vegbyggjarane
Generalvegmeister i Bergens stift, Christopher J. Hammer (1759-1823) hadde ansvaret for oppgraderinga av kongevegen på vestsida av Filefjell. Han la "Det franske prinsipp" til grunn for vegbygginga. I siste halvdel av 1700-talet kom franske førebilete inn i norsk vegbygging. Vegane skulle helst vera snorrette. Resultatet vart ofte bakke opp og bakke ned i bratte stigningar.
Løytnant Wilhelm Jürgensen (1762-1842), seinare kjend som kompanisjef for det Lærdalske kompani, var kommandert til Lærdal med 50 "gevorbne" (verva) menn. Jürgensen og mennene hans saman med lokale bønder og husmenn bygde vegen "med nogle pryl" frå stiftsgrensa på Filefjell, nedover Borgund, i Vindhella og mest truleg også gjennom Galdane.
Traséen
Frå Husum og nedover mot Lærdalsøyri følgjer traséen nordsida av dalen forbi gardane Fremre og Nedre Øygarden for så å gje seg i kast med sjølve Galdane-strekninga. Den gamle postvegen kryssa elva ved Bruknappen og gjekk på sørsida over Seltåsen til Seltun. Men Hammer følgde nordsida vidare nedover, bakke opp og bakke ned, mange stader på høge murar med brusande elvejuv nedanfor. Eit stykke etter husmannsplassen som har gjeve namn til strekninga, flatar dalen noko ut og lendet vert lettare ved Seltøyni (Fjellheim) og Seltun.
Vegstykket var i bruk i om lag 50 år. På 1840-talet vart den "Bergenske Hovedvei", som den no vart kalla, på nytt oppgradert og lagt på sørsida av denne vanskelege strekninga, "der den tilforn hadde ligget". Kaptein Finne, Vindhellas byggmeister, hadde då bygt "det nye storartede veianlegg over Selthunaasen".
Dei gamle vegane på begge sider av dalføret er i dag godt oppmerka og er populære turvegar i sommarhalvåret.