Borgstova på Sjøtun i Vik. Huset vert nytta til ymse tilstellingar og til turistføremål.
Datering
1999.
Fotograf
Arne Inge Sæbø.
Eigar
Arne Inge Sæbø.

Borgstova i Vik

Borgstova er eit restaurert hus på Sjøtun i Vik som vert nytta til kulturarrangement, møte og ymse slag tilstellingar. Huset frå 1864 er det eine av to hus som står att frå den gamle offisersgarden.

Forhistorie

Borgstova vart bygd i 1864, same året som sengebua, tenarstova og geitefjøset på Sjøtun vart rivne. I staden for desse vart det bygt eit nytt tømra hus, med desse romma: Rullestue, pigekammer, drengestue, reiskapskammer, eldhus og sauefjøs. Eit par rom hadde Glassjaa i Taget.

Kva var ei borgstove?

Borgstover, i Vik ofte kalla bosstove, fanst på mange gardar. Dei vart nytta til tenarane, som budde der. Det står att nokre borgstover i Vik, bl.a. i Tillisch-garden. Men når me snakkar om Borgstova i Vik, meiner me den som står på Sjøtun. Etter 2. verdskrigen og fram til 1970-åra vart Borgstova nytta som bustad.

Borgstova restaurert

Bedrifter i Vik og fylkeskommunen har ytt økonomisk bidrag til restaurering av Borgstova. Reiskapskammeret har vorte til kjøken, og det er bygt til eit krossbygg i austre enden. Det som var nytta til sauefjøs, har vorte til vedhus og opplagsrom. Den store skorsteinen som var i eldhuset er intakt.
Det er ei stifting som eig huset. Huset vert leigd ut til lag og einskildpersonar. Privatpersonar har gjeve møblar og gamle ting til Borgstova.

Garden Sjøtun

Sjøtun-garden er no seld ut i småpartar. Garden vart og kalla Skaffargarden, Aallgarden og Oberstgarden (Ovestegarden). Her budde offiserar på ekserserplassen Viksmoen, difor namnet Oberstgarden. Her var i si tid ein flott stovebygning, men han brann ned i 1938. I dag er der att berre ei kornturke og Borgstova. Driftsbygningen kalla Ara vart riven hausten 1999.

 

Image
Sjøtun-garden vart seld ut i småpartar, og i dag står berre Borgstova og ei kornturke att. Midt på biletet ser me stovehuset, borgstova og den gamle driftsbygningen på Sjøtun-garden. Stovehuset brann i 1938.
Datering
1910-15.
Fotograf
O. P. Fosse.
Eigar
Vik Lokalhistoriske Arkiv.

 

  • Lundeland, Bjarne: Hus, byggje- og bumåte i Vik i eldre tid. I Bygdabok for Vik i Sogn,, bind II, s. 94-194. Bergen 1956.

Vik lokalhistoriske arkiv:

  • Vik kommunearkiv. Branntakstprotokollane for Vik, 1864.