Skårstølen med sel bak, fjøs framme.
Datering
1999.
Fotograf
Torgny Ueland.
Eigar
Torgny Ueland.

Skorstøylen

Skorstøylen ligg i skogslia, noko nedanfor skogavakse ca. 545 m o.h. På garden Skor, gard nr.60, er berre eitt bruk, og dei har og stølen åleine. Fjøsen er til nedfalls, men selet frå 1898 er stort, og i bra stand. Det har og vore eit smalafjøs oppe ved bøagarden.

Tilkomst

I eldre tid brukte dei råsa oppover lia. Så i 1995 kom det skogsbilveg mest opp til stølen. Det er berre nokre hundre meter med rås, så er du der. Råsa går vidare opp framom Tystadstøylen og opp på fjellet med terreng for fine og lette turar.

Bruk av stølen

Bygdeboka viser til at matrikkelnemnda frå 1723 seier at garden var utan støl. Gardstunet ligg i fjellbygda opp mot 300 m o.h. Truleg var det så pass kort veg til sommarbeite og mjølkeplass, at dei gjekk opp og mjølka morgon og kveld. Kva tid stølen vart bygd, veit vi ikkje. Men fjøset ser i alle høve eldre ut enn selet som vart bygt i 1898.

Stølstida var frå jonsok til barsok - eit par månader. Det var husmora sjølv, Marta Kleppe, som gjekk på stølen i tida 1932-39. Ei triveleg, men travel tid fortel ho. Det var kort veg til andre stølar. Tystadstølen låg rett ovanfor og Almestølen eit kvarters gange lenger inn med mange stølsjenter. Dei slo stølskvia og tok høyet heim på slede på ettervinteren. Kring 1950 tok stølsdrifta slutt, og no veks skog og kratt innover stølsbøen.

Nokre fakta

Skor, gard nr. 60, Vereide sokn, hadde 1 bruk i 1890. Folketalet i 1865 var 8, medan det i 1891 var 12 menneske på garden.

  • Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 340. Sandane 1992.
  • Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999. 
  • Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997. 
  • Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997. 
  • Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. 
  • Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940. 
  • Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
  • Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.