Minnesteinen over falne frå Fjaler står attmed kyrkja i Dale. Steinen vart avduka 15. mai 1947. Løytnant Ramstad var formann i nemnda som stod bak arbeidet med å få steinen reist.
Datering
2002.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Minnestein i Dale over falne 1940-1945

Ved kyrkja i Dale står ein minnestein over falne i andre verdskrigen. Det er ti namn på steinen. Sju kom bort på sjøen. Minnesteinen vart avduka 15. mai 1947.

Står attmed kyrkja

Minnesteinen over falne frå Fjaler står like innom hovudporten til kyrkja. Øvst står innhogge:

REIST TIL MINNE * OM DESSE SOM LET LIVET FOR * LANDET I UFREDSÅRA 1940-1945.

Så følgjer namna med dato og årstal for fødsel og død, og opplysning om korleis det bar til at dei miste livet. Eit opphøga symbol nedst på steinen er likt symbolet på ein minnestein over falne i Gulen.

Image
Teksten på minnesteinen, med namna på ti personar frå Fjaler som omkom under andre verdskrigen.
Datering
2002.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka Kristi Himmelfartsdag, 15. mai, 1947. Avdukingshøgtida tok til kl. 13.00 etter gudsteneste. Mannskap frå to ubåtar stod æresvakt, og marineløytnant Hatlem-Holsen stod føre sjølve avdukinga. Grunnen til at marinen og ubåtmannskap var til stades, var at to av dei falne omkom på ein norsk u-båt på eit særskilt oppdrag i Nord-Norge.

Lærar Fagerheim nemnde i korte trekk kvar av dei falne, som ofra alt, sjølve livet for fridomen. Sokneprest Døskeland tok imot minnesteinen på vegner av soknerådet.
Dale Hornmusikk og Fagforeningens Mannskor deltok under høgtida. Dessutan las Oddleiv Fagerheim dikt av Nordahl Grieg.

Image
Blia-forliset i november 1941. Fotografi av målarstykke laga av Ants Lepson på grunnlag av innsamla data om båten av Trond Strandenes, nevø av ein av dei omkomne.
Datering
1995 (maleri).
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Gunnar Strandenes.

Biografiar i Våre falne

MYKLEBUST, JOHAN ANDREAS, 2. styrmann, Bergen. Fødd 18. august 1903 i Fjaler, s. til Annanias Olsen Myklebust, f. 1868, d. 1945, og Petrine Olsdotter f. Nordal, f. 1874, d. 1924, båe Fjaler. Gift 1933 i Bergen med Anne Kathrine Sørensdotter. Var 2. styrmann på d/s Gro som vart torpedert 7. september 1940 i Atlanterhavet, på veg frå Sydney C.B. til britisk hamn. Liket vart seinare funne på ein flåte.

SUNDAL, OLE, matros, Fjaler. Fødd 27. desember 1906 i Fjaler, s. til gardbrukar Jon Olsen Sundal, f. 1867, d. 1937, og Oline f. Sundal, f. 1869 i Fjaler, d. 1914. Ungdomsskule, handelsskule. Var matros på d/s Annavore i alliert teneste, og miste livet 21. desember 1941 då skipet vart torpedert i Atlanterhavet, på reis frå Huelva via Gibraltar til Oban.

STRAND, ALFRED, matros, Fjaler. Født 17. august 1921 i Fjaler, s. av Olai Johan A. Strand, f. 1898 s. st., og Ingeborg Berntina f. Merkesdal, f. 1901 i Voss. Var på d/s Tordenskjold som gikk i alliert fart. Ble overkjørt og drept av en buss i Rochester, England, 26. september 1941.

FORTHUN, BILLY INGVALD, maskinistlærling, Bergen. Født 17. september 1919 i Ulvik, s. av Bjarne Forthun, f. 1896 i Fjaler, og hustru Ingeborg, f. 1901, d. 1928 i Fjaler. Hadde forbindelse med Stein-organisasjonen, lærte kodetelegrafi for sending fra Norge. Omkom høsten 1941 med m/k Blia under forsøk på å komme til England.

Image
Billy Ingvald Forthun (1919-1941).
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Våre falne.

STRANDENES, MAGNUS CECIL, båtsmann, Fjaler. Født 24. oktober 1911 i Fjaler, s. av Alfred Andrias Strandenes, f. 1874, og Sara f. Andalsvik, f. 1873, begge i Fjaler. Var på m/s Sørvard da krigen brøt ut, og skipet ble internert i Dakar. Rømte sammen med fem kamerater i en livbåt og kom til Vestindia, senere til England. Ble forhyrt med m/t Sandar, og omkom 2. mai 1942 da skipet ble torpedert ved Trinidad, på reise til Gibraltar. Broren Lorents ble henrettet 1942.

VALVIK, SVEIN BIRGER, maskinist, Fjaler. Født 7. mars 1921 i Fjaler, s. av Johan Jensen Valvik, f. 1892 i Kinn, og Signe f. Christiansen, f. 1895 i Fjaler. Maskinistskole. Reiste over til England 8. august 1941 og gikk rekruttskole i Skegness. Var senere 1. maskinist på u-båten Uredd som gikk i patruljetjenste på norskekysten. Omkom 1. mars 1943 [sjå b-tekst] da båten gikk ned, på vei tilbake til Norge.

Image
Svein Birger Valvik (1921-1943) omkom i februar 1943 ombord på u-båten "Uredd".
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Våre falne.

ØEN, MATHIAS NIKOLAI, motormann, Fjaler. Født 26. mars 1921 i Fjaler, s. av Magnus Kristiansen Øen, f. 1893 s. st., og Nikoline f. Abedisen, f. 1891 i Herdla. Skoleskipskurs. Kom hjem fra sjøen i slutten av februar 1940. Arbeidet deretter på en skofabrikk på hjemstedet til han rømte til England 24. august 1941. Gikk inn i Den norske marine og ble motormann på u-båten Uredd. Omkom 1. mars 1943 [sjå b-tekst] da båten ikke vendte tilbake fra en tur til Norge.

BORTHEIM, BJARNE NIKOLAI, motormann, Fjaler. Født 12. februar 1918 i Fjaler, s. av Nils K. Bortheim, f. 1873 i Fjaler, og Birgitte f. Refsnes, f. 1879 s. st. Reiste som motormann på m/t Stavanger i 1939, men kom senere ombord på m/s Bonneville. Omkom 10. mars 1943 da skipet ble senket av u-båt i Nord-Atlanteren på vei fra Amerika til England.

ARTHUR BIRKHAUG (står ikkje i Våre falne)

PAULUS, OLAF EUGEN, kapellmester, Stavanger. Født 7. november 1898, s. av Olaf Paulus, f. 1859, og Dagny f. Nitter, f. 1866 i Fjaler. Gift 1935 i Gaular med Elsbeth Beugger, f. 1893 i København. Middelskole, musikkstudier i Oslo, København og Leipzig. Var gjennom en årrekke pianist, sanglærer og dirigent. Tjenestgjorde under krigen i det sivile luftvern, arbeidet i etterretningsvesenet og hadde radio og spredte nyheter. Ble arrestert 12. november 1942, var på Grini fra 20. januar til 30. september 1943, da han ble sendt til Tyskland. Døde i Mauthausen 13. januar 1945.


Våre Falne Oslo 1948.
Avisa Firda. 20.05.1947.