Wittgenstein-minnesmerket ved Eidsvatnet i Skjolden. Det står på ei utkøyrsle på riksvegen der det er godt utsyn over vatnet til staden der Wittgenstein si hytte stod.
Datering
1999.
Fotograf
Harald Wathne.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Wittgenstein-minnesmerket i Skjolden

Filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) frå Austerrike bygde seg hytte på nordaustsida av Eidsvatnet i Skjolden og budde her periodevis i mange år frå 1914. I 1984 vart det reist eit minnesmerke ved riksvegen på sørvestsida av vatnet.

Biografi i Norsk Allkunnebok

Ludwig Josef Johann Wittgenstein (1889-1951), austerriksk/engelsk filosof, fødd i Wien. Studerte matematiske prinsippspørsmål med Bertrand Russell i Cambridge 1912-1913, busett i England frå 1929, professor i Cambridge 1939-1947. Wittgenstein var ein av dei fremste representantane for dei analytiske straumdraga i moderne filosofi som førte til logisk empirisme og logisk semantikk. Hovudverk: Tracatus logico-philosoficus (1922) og Philosofische Untersuchungen (1953).

Image
Ludwig Wittgenstein, fødd 26. april 1889 i Wien. Nitten år gammal kom han til England der han først studerte ingeniørfag i Manchester før han tok fatt på filosofiske studier ved universitetet i Cambridge frå 1912-1913. I 1938 vart han britisk statsborgar. Wittgenstein ligg gravlagd i Cambridge.
Datering
Ukjent.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Dag og Tid.

Innramma skiferstein

Wittgenstein var òg tidvis i mange år "busett" i Norge og Skjolden. Han hadde frå 1914 hytte på ein bratt og avsides stad ved Eidsvatnet. Tenaren hans, Arve Bolstad, arva huset og båten hans. Han selde hytta straks etter og kjøparen flytta ho, men tufta og båtstøa er enno råd å sjå.

Minnesmerket står sørsida av vatnet. Det er ein stor skiferstein, ei takhelle frå ei gammal løe, innramma i tre. Gunnar Øygarden laga treramma, og Per L. Kvam måla innskrifta, som står på norsk, tysk og engelsk.

Avdukinga

Minnesmerket vart avduka i slutten av august 1984 med om lag hundre menneske til stades. Mellom dei var elevane ved Bolstad skule og fleire skjoldingar som hugsa Wittgenstein frå dei mange åra han var i bygda.

Professor Gunnar Skirbekk sa då han let duken falle:
Til minne om Ludwig Wittgenstein vil eg med dette avduka dette landemerket her ved allfarvegen, tett ved Eidsvatnet. Deretter las han opp innskrifta på steinen:

Den berømte austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) hadde frå 1914 hytte i Skjolden. Tuftene etter hytta kan ein sjå på andre sida av Eidsvatnet. Der skreiv Wittgenstein på manuskripta logisk-filosofisk avhandling (Logisch-philosofische Abhandling) og til Filosofiske undersøkingar (Philosofische Undersuchungen).

Image
Frå avdukinga i august 1984. Elevar frå Bolstad skule ser på minnesmerket og universitetslektor Lars Steinar Hauge fortel og forklarar.
Datering
1984.
Fotograf
Avisa Sogn og Fjordane.
Eigar
Sigrid Svartefoss.

Minne om østerrikeren i bygda

Wittgenstein var i lange periodar på hytta si i Skjolden, og naturleg nok var "østerrikeren" - som han vart kalla mellom bygdefolket - både tidt og ofte samtaleemne blant bygdefolk. På avdukinga oppmoda kultursekretær Erling Bjørnetun (primus motor i arbeidet med å få minnesmerket reist) alle som sat inne med bygdeminne om Wittgenstein å skriva dei ned.

Den 84 år gamle Jens Drægni var fleire gonger oppe i hytta til Wittgenstein. Det var far til Jens som rodde materialane over Eidsvatnet då hytta skulle byggjast.
 

- Det låg bøker over alt, fortalde han. Så var han borte og skreiv noko på eitt ark og så gjekk han og skreiv på eit anna. Eg fekk lov til å vera i stova hans, men då måtte eg vera roleg. Eg fekk ikkje lov til å seia eit ord, fortalde Jens Drægni.

Image
Eidsvatnet med hytta til Wittgenstein, "Østerrike", i lia opp frå vatnet. "Eg kan ikkje førestella meg at eg kunne ha arbeidd noen stader slik eg gjer her. Det er roa og kanskje det vedunderlege landskapet; eg meiner det stille alvoret i landskapet." (Wittgenstein i eit brev i 1936).
Datering
Ukjent.
Fotograf
Ben Richards.
Eigar
I Det stille alvoret.

Nyutgåve av hovudverket 2003

Wittgenstein døydde 29. april 1951 i Cambridge, og vart gravlagd på St Giles' kyrkjegard. Han let etter seg 18 000 sider med stort sett handskrivne manuskript. Dette er likevel lite i høve til bøker om problem og emne i filosofien hans som er komne ut dei siste femti åra.
No kjem Bokklubbens Kulturbibliotek ut med ei ny utgåve av hovudverket Filosofiske undersøkelser der Knut Olav Åmås har skrive ei essay-innleiing på 60 sider. Wittgenstein skreiv dei 188 første "merknadane" i Filosofiske undersøkelser under opphaldet i Skjolden i mellomkrigstida.


Avisa Sogn og Fjordane. 29.08.1984.
Øverbø, Snorre Dag: Minne om Wittgenstein i Skjolden. I Kjelda. Nr. 2. 2000.
Åmås, Knut Olav og Larsen, Rolf: Det stille alvoret. Oslo 1994.
Helgheim, Roald: Wittgenstein no igjen? I Dag og Tid. 07.06.2003.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-900089 Halvard Drægni.
Vatne, Harald: Ludwig Wittgenstein i Skjolden. Upublisert stensil, 1991. Luster kulturkontor.
Åmås, Knut Olav o.fl.: Wittgenstein and Norway. Oslo 1994.