Frå avdukinga av minnesmerket ved Vågsøy ungdomsskole over allierte falne i Måløyraidet 27. desember 1941. I 1994 vart minesmerket flytta til Måløyna ( i bakgrunnen).
Datering
1970.
Fotograf
Bjarne Skarbøvik.
Eigar
Sunnmørsposten

Måløyraidet - Minnesmerket over falne allierte

52 allierte miste livet i Måløyraidet 27. desember 1941. Minnesmerket over dei falne i den allierte angrepsstyrken vart avduka 30. august 1970. Det stod opphavleg på sørsida av Vågsøy ungdomsskule, men vart i 1994 flytta til krigsminneparken på Måløyna.

Kort om Måløyraidet
I grålysinga 3. juledag, 27. desember 1941, gjekk ein alliert styrke til åtak i Måløy. Målet var å nedkjempa dei tyske styrkane der, uskadeleggjera dei tyske kanonstillingane og øydeleggja industriverksemder av nytte for den tyske okkupasjonsmakta. Angrepet kom uventa på tyskarane, og dei fleste av den kring 300 mann store styrken vart drepne eller tekne til fange. Dei allierte hadde 52 falne, av desse leiaren for den norske eininga, kaptein Martin Linge. Dessutan fall ein sivil nord i Ulvesundet, fiskar Ragnvald Thorheim, i granateld frå eit av dei britiske krigsskipa.

I krigsminnesparken
Minnesmerket over allierte falne i Måløyraidet er ei seks meter høg søyle i raudleg granitt med kvadratiske sider og finhoggen overflate. På toppen er ei gullforgylt kule i bronse med diameter 1,36 m. Kula er halden oppe av to sterke hender og skal symbolisera jordkloden.

Image
Den seks meter høge granittsøyla dannar fundamentet for to sterke hender som held oppe ei gullforgylt kule, støypt i bronse, og med diameter 1,36 m. Kula symboliserer jordkloden.
Datering
2002.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Minnesmerket stod opphavleg ved Vågsøy ungdomsskule eit stykke nord i byen, men vart i 1994 flytta til krigsminneparken på Måløyna der det er godt synleg frå alle himmelretningane.

Image
Minnesmerket over allierte falne i låg vintersol, desember 2002. Minnesmerket er laga av bilethoggaren Ståle Kyllingstad.
Datering
2002.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Innskrift
Den allierte angrepsstyrken var sett saman av mannskap frå dei deltakande landa sine luftforsvar (air force), den britiske marinen (Royal Navy) og den britiske hæren (British Army). I tillegg deltok ei norsk eining på 33 mann under leiing av kaptein Martin Linge.

Minnesmerket har innskrift på alle fire sidene: 1) presentasjon, 2) namn og bustad til britar i Royal Navy og British Army, 3) namn og bustad til britar i Royal Air Force, 4) namn og bustad til falne frå andre land. (Merknad: I avskrifta er bustad sett i parantes for å gjera det lettare å lesa.)

1)
MÅLØY-RAIDET * 27-12-41* THEY FOUGHT AND * FELL FOR OUR * FREEDOM * DE KJEMPET OG FALT * FOR VÅR FRIDOM

2)
ROYAL AIR FORCE:
L.F. Redfern (Stetchford), D.H. Roberts (London), L.R. Brockett (London), A. Sherwin (London), J.D. Williams (Pontypridd), D. Bell (Hartlepool), R.C. Hawkes (London), N. Kaby (Nortwich), N. Cotesworth (Barnsley), J.L. Bell (Airdrie), F.E. Anstey (Balgrave), K.A. Davis (Bromely), J.J.B. Ward (St. Helens), J.E. Kitley (London), J. Williamson (Morpeth), W.F.G. Fletcher (Leicpworth), C.F. Myhill (Ruislip), F.H. Silk (London), R. Watson (Lauder), R.A. Baseby (Leicester), M. Murphy (Blackpool), J.B. MacLeod (Petergulter), H.C. Harris (Leicester), W.H. Huges (Harrogate), D.A. Halsall (Southport).

3)
ROYAL NAVY :
J.E.S. Nottger (Birkenhead), F. Manger (Kennington).

BRITISH ARMY: H.W.L. Forrester (Plymouth), J.F. Giles (Thornbury), A. Carlisle (Canvey Island) , A.J. Cork (Poole), W. Gulling (London), F.G. Evans (Worcester), E.J. Geear (Maidstone), J.W. Hicks (London), C.R. Hugnes (Southend), D.A. Johnson (Renarth), P.H.J. Keast (London), W. Lane (Wolverhampton), J.G. Murray (Bones), H. Povey (Ramsgate), J. Skelton (Sheffield), F.W. Turley (Birmingham), W.B. Wharton (Liverpool), F. Haves (Manchester)

4)
ROYAL CANADIAN AIR FORCE:
R.L. McLachlan (Ottawa), D.M. Jenkinson (Toronto)

ROYAL AUSTRALIAN AIR FORCE:

R.W. Fisher (Nyngan), J.W. Roohe (Sydney)

ROYAL NEW ZEALAND AIR FORCE:
R.C. Davis (Taungrunui), R.T. Blewett (Auckland).

NORWAY
M. Linge (Norddal)

Avdukinga
Minnesmerket vart avduka søndag, 30. august 1970. Programmet tok til kl. 11.00 med minnegudsteneste i Sør Vågsøy kyrkje ved prost Johnny Bakke og sokneprest Kristen Vestre. Måløy mannskor deltok.

Image
Framsida på programmet for avdukinga.
Datering
1970.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Avdukingshøgtida tok til kl. 14.00. Etter musikkstykka Ut mot havet og God save The Queen med Måløy Musikklag, helsa formannen i komiteen, Thorleif Iversen, velkomen. Den britisk ambassadøren i Noreg, T.F. Brenchley, stod føre avdukinga. Deretter overleverte komiteformannen monumentet til Vågsøy kommune ved ordføraren, John Lillestøl.

Frå avdukingstalen
I talen sin takka ambassadør Brenchley formannen og medlemmene i minnesmerkenemnda for innbydinga til å vera tilstades og føreta avdukinga. - Måløyraidet var ikkje berre ein taktisk suksess, sa ambassadøren i talen sin, det medverka også til at Hitler kom til å byggja opp store styrkar i Noreg som han etter kvart ville hatt god nytte av på andre frontar. Han avslutta med desse orda: "..gjennom deres generøsitet ved å reise denne minnestøtten, som jeg nå avduker, vil alle som ga sitt liv for frihetens sak den dagen, bli husket."

Orientering om arbeidet
Det trykte programmet for avdukinga hadde med ei utgreiing om arbeidet med å reisa minnesmerket. I utgreiinga nedanfor er det sett inn mellomtitlar:

Nytt oppdrag til Lingekomiteen
"Under arbeidet med å få reist monumentet over kaptein Martin Linge [1966], (..) var komiteen inne på tanken om å få til en kombinasjon med et felles monument for alle de allierte som falt under raidet i Måløy. Det var tale om bronseplater på monumentet over Linge, der alle navn var tatt med. Det viste seg å være vanskelig å få en tilfredstillende løsning, og en fant derfor å måtte utsette saken.

På et møte i komiteen etter at monumentet over kaptein Martin Linge var reist, tok en på ny opp spørsmålet om å få reist et monument over de falne allierte, og det ble sendt en henvendelse til formannskapet om saken

Formannskapet var enig med komiteen i dette og gjorde vedtak om å sende saken over til kommunestyret. Her ble Lingekomiteen anmodet om å stå for arbeidet med minneplater/monument over de som falt.

Oppdraget til Ståle Kyllingstad
På møte i komiteen 11/5-67 sa en seg enig i å ta på seg arbeidet, samtidig ble en enig om å kontakte Ståle Kyllingstad om å ta på seg arbeidet med monumentet. Herr Kyllingstad som også laget monumentet over kaptein Martin Linge, tok på seg arbeidet med å lage det nye monumentet.

Komiteen diskuterte flere forslag, og etter samarbeid med Kyllingstd ble en enig om en 6 m. høg granittsøyle (..).

Plasseringa
På møtet i kommunestyret 5/3-69 ble monumentet og plassering av dette ved U-skolen godkjent. Samtidig ble det bevilget penger til monumentet. Plasseringen er senere godkjent av byggerådet. Fra Norsk Kulturråd har en etter søknad fått kr. 15.000 til monumentet, som en herved takker for.

Takk
Komiteen har holdt 15 møter, der saken har vært drøftet. Ståle Kyllingstad har vært i Måløy for å se på plasseringen av monumentet.

Vi takker kommunestyret for tilliten som ble vist oss ved å velge oss til dette ærefulle oppdraget, og vi håper at monumentet vil bli et verdig minne om de som falt under Måløy-raidet 27/12-41.

En spesiell takk til Ståle Kyllingstd for vel utført arbeide og for godt samarbeide, og til ambassadør T.F. Brenchley for hjelp fra ambassaden. Ellers takker vi alle som har gjort sitt til at monumentet er reist.

I komiteen:
Thorleif Iversen, form., Otto Hoddevik, varaform., Ingeborg Osmundsvaag, Astrid Føleide, Roar Lødøen."


Fjordenes Tidende. 31.08.1970.
Eithun, Grethe, o.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. Selja forlag 2005.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Arkiv SFF-2004003 Nemnd for minnesmerke over allierte falne.