Brannen i Balestrand i 1911. Tjukk og svart røyk veltar opp frå brannstaden. Biletet må vera teke etter at brannen hadde herja ei tid. Like framføre brannstaden ser me huset til Kristen Virkesdal som vart berga. I fjøra nedanfor brannstaden er det mykje folk som tek del i sløkkinga. Dei to husa til venstre i biletet er Kai-huset og Cooperhuset. Desse står i dag.
Datering
18. juli. 1911.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet, SFFf-97031.0001.

Då keisar Wilhelm var brannsjef

Tysdag den 18. juli 1911 kl. 11.00 om føremiddagen braut det ut brann i ein snikkarverkstad i Balestrand sentrum. Verkstaden høyrde til Hans Thue og Bjørn Sande. Verkstaden brann ned til grunnen. Keisar Wilhelm var i Balestrand på denne tid og han hjelpte til med sløkkinga.

Gode tider i Balestrand

I åra før første verdskrigen var det stor aktivitet i Balestrand. Turiststraumen auka frå år til år. Keisar Wilhelm II sine årvisse vitjingar var god reklame for bygda. Bygda var i vekst og det var gode tider. Ungdomane Bjørn Sande og Hans Thue hadde båe utdanna seg til møbelsnikkarar. Dei hadde og vore utanlands og lært seg faget. Dei meinte at det kunne vere mogeleg å livberga seg som snikkar i Balestrand. I 1911 kjøpte dei ein verkstad i sentrum Balestrand. På grannetomta hadde Kristen Virkesdal nett bygt seg hus der han dreiv bakeri og handel. Han hadde og bygt nytt sjøhus med bryggje.

Verkstaden brann ned

Tysdag 18. juli 1911 vart ein tung dag for dei unge snikkarane. Kl. 11 om føremiddagen braut det ut brann. Turr snikkarmateriale tok snøgt fyr, og snart var heile bygningen overtent. Avstanden til Virkesdal sin eigedom var ikkje stor. Vinden stod rett mot denne, og ei tid såg det ut til at og denne verksemda skulle gå med i brannen. Då det såg som mørkast ut, fekk dei uventa hjelp.

 

Image
Bak det kvite huset til høgre ser me bustadhuset og verkstaden som Bjørn Sande bygde opp etter at fyrste verkstaden hans brann i 1911. Her har det vore verkstad, saftpresseri, vevstove, sal av souvenirar og kafe. Huset til høgre framme i biletet er doktorbustaden som brann ned i 1950-åra. Til venstre i biletet ser me huset til Virkesdal som vart berga frå brannen takka vera innsatsen frå engelske og tyske sjømenn. Me ser og korleis sjøen den gongen gjekk like opp til kjellaren på dette huset. I dag står det langt inne på land.
Datering
Ca. 1920-1930.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet.

Tyske og engelske sjømenn

Ute i Esefjorden låg den engelske turistbåten "Mantua" og det tyske keisarskipet "Hohenzollern". Då folk om bord såg kva som var i ferd med å skje, sende dei hjelp i land. Matrosar frå begge skipa tok med seg sløkkeutstyr og byrja kjempa mot flammane. Det synte seg snøgt at det var umogeleg å berga snikkarverkstaden. Arbeidet vart no konsentrert om å berga huset til Virkesdal. Slangane vart strekte ned til sjøen, og matrosane fekk ordre om å bera ut alt innbu frå huset. Trass i at vinden stod rett på dette huset, makta dei å berga det.

Keisaren kjem

Kl. 13.30 kom keisaren attende frå Vangsnes der han hadde vore for å sjå korleis det gjekk med arbeidet på fundamentet til den planlagde statuen over Fridtjov den Frøkne. Han kom over med båten "Sleipner" og denne båten gjekk no så nær land som mogeleg. På kommando frå keisaren sjølv vart maskinslangane retta mot brannstaden. Dette letta arbeidet mykje. Seinare gjekk keisaren i land og såg nærare på brannstaden.

Fest og dans

Folk i bygda var mykje takksame for hjelpa frå engelskmennene og tyskarane. Om kvelden vart det halde ein større fest for offiserar og marinesoldatar frå "Hohenzollern". Ei mengd turistar og bygdefolk møtte opp. Det var dans, song og moro. Bernadotte Nordenstam, svensk tryllekunstnar, var i Balestrand og han synte fram kunstane sine. Kl. 12 var festen slutt og tyskarane gjekk ombord i skipa sine. Sande og Thue bygde ny verkstad på same tomta. Det huset står enno.

  • Urtegaard, Gunnar:Balestrand II, s. 326 og 352, Balestrand 1991.
  • Sogns Tidend. 22.7, 1911.
  • Sogningen. 21.7.1911.
  • Midtnes, Ola. Intervju Balestrand 1976.