Blåsteinskaret på ein liten holme i hamna på garden Borsholmen. Karet er 1,75 x 1,37 m i firkant. Sjølve Borsholmen ligg til høgre i biletet. Karet vart bygt ca. 1930 til reinsing av landgarn og laksenøter i sommarsesongen. Etter at det støypte karet tok til å leka, vart det innvendig forsterka med eit lag med plast.
Datering
Hausten 1999.
Fotograf
Per Bygnes.
Eigar
Hyllestad kommune.

Blåsteinskaret på Borsholmen

Eit grønt blåsteinskar på ein liten holme i hamna på garden Borsholmen vitnar om travel sommarsesong på eit kystbruk i farne dagar.

Lokalisering

Garden Borsholmen ligg halvveges etter den kommunale vegen Eide-Skivenesvåg. Før furu-skogbeltet byrjar, tar ein veg av ned til sjøen. Nede ved hamna er det bygt ei bru frå fastlandet og over til holmen midt i hamna.

 

Image
Frå fastlandssida er det bygd ei treklopp over til holmen midt i sundet, der blåsteinskaret ligg.
Datering
Hausten 2000.
Fotograf
Per Bygnes.
Eigar
Per Bygnes.

Godt laksefiske

Åfjorden var ein rik fiskefjord. Dette galdt også for laks. Dei fleste gardane som låg til fjorden, dreiv laksefiske med nøter i sommarsesongen. Slik var det også for garden Borsholmen.

 

Image
Fram til midt på 1970-talet stod denne sjøbua i hamna på Borsholmen og vitna om stor aktivitet. Bua vart truleg reist av Andreas Borsholm ca. 1915. Ho fall ned under ein vestaversstorm i 1975.
Datering
1972.
Fotograf
Per Bygnes.
Eigar
Per Bygnes.

Viktig hjelpemiddel

Rundt 1930 fann dåverande grunneigar, Andreas Borsholm, det turvande å byggja eit kar til reinsing av nøter og landgarn. Dei blanda då blåstein (koparvitriol) med vatn i karet. Ei for ei laksenot vart teken opp or sjøen under helgedagsfredinga og reinsa i blåsteinskaret. Dette vart gjort gjennom heile sesongen og var eit heilt nødvendig tiltak for å sikra god fangst.
Blåsteinen kom i striesekker. Det var viktig å få til rett blanding. For sterk blanding kunne skada fibrane i nøtene, som i den tid var av hamp. Nøtene vart ikkje tørka etter reinsinga, for då kunne hampen - og seinare også nylonnøtene - verta "brende". Også landgarna i tilknyting til laksenøtene vart reinsa på same måte. Karet vart ikkje nytta til reinsing av garn om vintrane.

Munnlege opplysningar frå:

  • Gustav Borsholm og Jan Borsholm, Hyllestad.