«S/S «Vøringen» af Bergen. Malet af Professor H. Mohn.» DS «Vøringen» var eit lasteskip bygd 1872 ved skipsverftet Brunchorst & Dekke, Bergen. «Vøringen» var innleigd av ekspedisjonen for tre tokt, somrane 1876, 1877 og 1878.
Datering
1876-1878
Eigar
Bergens Sjøfartsmuseum.

Den norske Nordhavs-ekspedisjonen i Sognefjorden 1876 – DS "Vøringen"

År 1876 fanst det to dampskip med namnet «Vøringen». Det eine var eit jerndampskip, bygd 1861 i Hull. Det andre var eit tredampskip, bygd 1872 i Bergen. For å skilja dei, vart det i annonser av og til brukt høvesvis jerndampskipet «Vøringen» og tredampskipet «Vøringen». Det var tredampskipet «Vøringen» som sommaren 1876 la ut på Den norske Nordhavs-ekspedisjonen - frå Sognefjorden.

Den norske Nordhavs-ekspedisjonen

(også nemnt som Den norske Atlanterhavs-ekspedisjonen) var ein havforsknings-ekspedisjon som i åra 1876-1878 undersøkte havområdet avgrensa av Norge, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard. Det var professorane Henrik Mohn (1835-1916, fødd i Bergen) og zoolog Georg Ossian Sars (1837-1927, fødd i Florø) som i brev datert 19. mars 1874 til den norske regjeringa ved Departementet for det indre tok initiativet til ein slik ekspedisjon og seinare stod føre leiinga. Med DS «Vøringen» av Bergen, gjennomførde ekspedisjonen tre tokt, somrane 1876, 1877 og 1878. I 1883 låg det føre ein rikt illustrert ekspedisjonsrapport på 418 sider: Den norske Nordhavs-expedition 1876-1878. Ekspedisjonen var ei vitskapleg storhending som aviser i heile landet frå tid til anna hadde oppslag om, om enn i mindre omfang enn ein skulle venta. Den første norske havforsknings-ekspedisjonen var finansiert av den norske staten og forankra i stortingsvedtak og kongelege resolusjonar.

Image
Den norske Nordhavs-ekspedisjonen 1876-1878. Deltakarar. Framme, frå venstre: Kaptein i Marinen C. Wille, landskapsmålar F.W. Schiertz, overlege D.C. Danielssen, kjøpmann (og zoolog) Herman Friele. Bak, frå venstre: professor og zoolog Georg Ossian Sars, professor og meteorolog Henrik Mohn, premierløytnant i Marinen R.M. Petersen, skipsførar J. Grieg, kjemikar Thornøe.
Datering
1876-1877
Fotograf
Ukjent
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen

DS «Vøringen» - «et usedvanlig godt Søskib»

Dampskipet «Vøringen» (1872-1886) var eit lasteskip bygd 1872, ved skipsverftet Brunchorst & Dekke, Bergen. «Vøringen» gjekk i trampfart mellom norske og europeiske hamner.

Image
Den norske Nordhavs-ekspedisjonen 1876-1878, brukte innleigde DS «Vøringen», bygd 1872, som ekspedisjonsskip. Elles gjekk «Vøringen» i trampfart på europeiske hamner. Bergens Adressecontoirs Efterretninger 22.06.1873.

Skipslister i aviser fortel m.a. om transport av klippfisk, t.d. Bergens Tidende, 10.10.1875: «Handel og Skibsfart. Skibstelegrammer. (…) 18de Sptbr. Fra Aalesund, Lissabon og Barcelona norsk Dampskib «Vøringen» med 8500 Voger [1 våg – ca 18 kg] Klipfisk.»

Nordhavsekspedisjonen valde å leiga skip, framfor å skaffa eige fartøy. Etter anbod fekk DS «Vøringen», Brunchorst & Dekke, oppdraget (leigekontrakt ved kgl res. 23.12.1875). Ekspedisjonsrapporten (1883) har utførleg utgreiing om skipet, om naudsynte endringar og utstyr for vitskapleg havforskningsfart. Omtale og teikningar er skildra ned til minste detalj. Dampskipet «Vøringen» var eit heldig val, ikkje minst ved at fartøyet viste seg å vera «et usedvanlig godt Søskib.»

Image
Tredampskipet, DS «Vøringen», bygd 1872, ved skipsverftet Brunchorst & Dekke, Bergen. Opplysningar om storleik o.a. i auksjonsplakat 22. januar 1885: «bygget av Furu og Eg [eik], 394/278 Register Tons, laster 420 Tons d.w. foruden Bunkerne paa ca. 50 Tons.»
Eigar
Xylografi av Wald. Olsen etter maleri av Edv. Skari (1839-1903)

Ekspedisjonsmedlemmer og skipsmannskap

Ekspedisjonsrapporten 1883 har informasjon om mennene som var med på «Vøringen». Dei fordeler seg på to grupper, ekspedisjons-deltakarane/vitskapsmennene og skipsmannskapet. Det står namn på nokre få. Talet ser ut til å vera nokolunde det same heile tida, sameleis personane. Fagpersonalet og dei to øvste skipsoffiserane vart tilsette ved kongeleg resolusjon, på same måte som det var vanleg for statlege embetsmenn.

«Ved kongelig Resolution af 5te Februar 1876 blev det overdraget følgende Videnskabsmænd at deltage i Expeditionen: Professor i Meteorologien H. Mohn, Professor i Zoologi G.O. Sars, Overlæge ved Lungegaardshospitalet i Bergen Dr.med. D.C. Danielssen, Kjøbmand i Bergen Herman Friele og Stud. real. S.M. Svendsen [var ikkje med heile tida]. Som Chef for Expeditionens Skib antoges ved samme Resolution Captain C. Wille, der tillige skulde overtage Udførelsen af de videnskabelige Iagttagelser som vare forudsatte fremmede ved Expeditionen og som ikke specielt maatte gaa under nogen af de øvrige ved Expeditionen ansatte Videnskabsmænds Omraade. Som tegner blev senere antaget Landskabsmaler F. Schiertz.»

Image
Om bord på ekspedisjonsskipet, DS «Vøringen», bygd 1872. Mannen med kvitt skjegg er ekspedisjonsdeltakar, overlege D.C. Danielssen, Bergen.
Datering
1876-1878
Fotograf
Ukjent
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen

«Vøringen» hadde med eigen «Tegner». Einkvan må og ha fotografert. Det finst t.d. eit foto av høg kvalitet teke om bord. Det viser både ekspedisjons-medlemmer og mannskap.

Skipsmannskapet: «Chef [1], 2 Officerer, 2/3 Styrmænd [1876 og 1877: 2 styrmenn, 1878: 3 styrmenn], 1 Baadsmand, 1 Tømmermand, 8 helbefarne og 8 halvbefarne Matroser, 2 Maskinister, 6 Fyrbødere, 1 Messekok, 1 Skibskok og 1 Tjener. 35/36 [sum]

Image
Utsnitt av kart over området Den norske Nordhavs-ekspedisjonen 1876-1878. utforska. Ekspedisjonen oppheldt seg i Sognefjorden/Husøy i Solund i tre veker, frå 1. juni 1876 til 20. juni. Ekspedisjonen var også innom Husøy sommaren 1877.

Starta i Sognefjorden

«Den 1ste Juni (…) seilede vi ind Sognefjorden …»  - står det å lesa i eit innsendt stykke til Morgenbladet, Oslo, 1. juli, 1876. Ekspedisjonen var då komen inn til Kristiansund etter å ha vore til havs utanfor Nordvestlandet, og gjorde no klart for neste tokt i havområdet vestover til Færøyane og Island. Halvparten av stykket handlar om opphaldet i Sogn, frå Esefjorden til Husøy i Solund. Dagane i «smult Farvann» på den djupaste delen av Sognefjorden og ytst på kysten ved Husøy hadde to føremål: å prøva ut, og få øving med djupvassutstyr, og å justera og setja («bestemme») navigeringsinstrument. Nedanfor følgjer heile bolken om dei første tre vekene 1876:

«Den 1ste Juni [tysdag] (…) seilede vi ind Sognefjorden og ankrede om Aftenen i Esefjorden ved Balestrand, en af de ypperste Havner i Norges Land. Stedet er berømt for sin Naturskjønhed, og har været Gjenstand for nesten alle vore Landskabsmalere.

Image
Den norske Nordhavs-ekspedisjonen 1876-1878. Esefjorden, «en af de ypperste Havner i Norges Land» (Morgenbladet 01.07.1876). Maleriet er å finna på Kviknes Hotel, Balestrand, saman med fleire andre med motiv Esefjorden laga av «vore Landskabsmalere.»

De følgende Dage anvendtes til Forsøg med Dybvandsapparaterne. Efterat den nødvendige Mængde Line og Skrabetoug var bleve sammenspleiset, foretoges udforbi Balestrand Lodning og Skrabning paa et Dyb over 600 Favne [1 famn – 1,88 meter]. En af de største Skraber sendtes ned, men ved ophalingen brast [slitna] Skrabetouget og Skraben med et Par hundrede Favne Toug tabtes. Det viste sig da, at det havde været Feil i Touget, og lignende opdagedes ved nærmere eftersyn flere Steder. Dette var saa meget besynderligere, som de Prøver af det bestilte Toug Kapt. Wille havde ladet prøve paa Horten [marineverft], havde vist en større Bæreevne, end den forlangte. Da Touget sprang, var det langtfra strakt til den yderste Grænse. Der blev bestilt en Del nyt Tougværk i Bergen, som vi nu have faaet [i Kristiansund].

Ved Lodningerne i Sognefjorden fandtes paa Dybet nøiagtig den samme Temperatur af + 6 [teikn for grad] - 5, som Prof. Mohn og Kand. Diedrichsen havde fundet i det tidligere Aar.
Indretningerne til at udfire og inhale Lodlinen og Skraben, have fra først af vist sig meget gode. Dampheisemaskinen, der er gjort ved Nylands Verksted, viser sig at være et udmærket Stykke Arbeid.

Første Pinsedag [4. juni] lå vi rolig i Esefjord, og havde Anledning til at overvære Gudstjenesten i Tjugum Kirke. Anden Pinsedag [5. juni] gik vi ind til Fjærland, hvorfra vi gik op til Bøjumbræen, en af Jostedalsbræens smukkeste Bræer. (…)

Den følgende Dag [6. juni] udførtes en hel Del Skibsarbeider, navnlig med Spleisning af Liner, og den neste Dag Loddedes og Skrabedes udover Sognefjorden. Om Aftenen ankredes i Bøfjord. Fredag [torsdag 8. juni, passar betre] oploddedes det Parti af Sognefjorden. Hvor Dybet grunder op. Det viste sig at der her er en temmelig brat Væg paa den indre Side, hvor Dybden veksler fra 600 Favne til 200 Favne paa en kort Strækning. De tilsvarende geologiske Forhold undersøgtes paa et Par Holme paa begge sider af Fjorden.

I Sognefjordens Dyb fantes en væsentlig arktisk Fauna, noget opblandet med atlantisk. Her fandtes blant annet flere Exemplarer af Sars’s Brisinga coronata først funden af ham i Lofoten. (…)

Fredag Eftermiddag [9. juni] ankredes ved Husø udved Mundingen af Sognefjorden. Her udførtes de Magnetiske Basis-Observationer i Løbet af den følgende Uge. Lørdag [10. juni] gjordes Tidsbestemmelse og Azimuthbestemmelse, samt magnetiske Declinations-, Intencitets-, og Inclinationsbestemmelser.

Image
Frå 9. til 20. juni 1876 låg ekspedisjonsskipet «Vøringen» til ankers ved Husøy i Solund for å justera og setja («bestemme») navigeringsinstrument.

Søndag [11. juni] var der Gudstjenste i Husø Kirke, en sjælden Begivenhed, der kun indtræffer 4 Gange om Aaret. [Soknepresten i Gulen/Solund sitt dagsregister: 11. juni 1876, «Kirken overfyldt», 73 til nattverds]

Image
Søndag 11. juni 1876 låg ekspedisjonsskipet «Vøringen» til ankers ved Husøy i Solund. Det var gudsteneste i kyrkja på øya; ei av fire gudstenester i året. Gudstenesten står nemnt i eit innsendt stykke frå ekspedisjonen til Morgenbladet, Kristiania, 01.07.1876. Kyrkja på Husøy vart riven i 1897 etter at det var komen ny kyrkje i Straumen.

Om ettermiddagen kom oplodningsdampskibet «Hansteen» inn paa Havnen. Det afgik om Aftenen igjen for at fuldføre sin Oplodning her sydpaa.

Mandag [12. juni] fortsattes de magnetiske Observationer. Tirsdag [13. juni] svingedes Skibet for Bestemmelse af Kompassernes Deviation. Onsdag [14. juni] udførtes de dertil hørende Beregninger. Torsdag [15. juni] udførtes magnetiske Observationer i land. Fredag [16. juni] svingedes atter Skibet for Bestemmelse af Skibsmagnetismen Indflydelse paa Inklination og Intencitet, hvilket arbeid fortsattes Lørdag [17. juni]. Samtidig fortsattes korresponderende Observationer.

Søndag [18. juni] holdtes af Kapteinen Gudstjeneste om bord. Mandag [19. juni] gjordes klar til å gå tilsøs og Tirsdag Morgen [20. juni] stod Expeditionen ud fra Husø til sine første Undersøgelser paa Havet. Medens de magnetiske Observationer udførtes paa Husø, vare Zoologerne ude med Baad og skrabede i Fjordene der omkring, hvorfra hjembragtes ikke lide Udbytte.»

«Landskapsmaler» Schiertz

Franz W. Schiertz, fødd i Leipig år 1813, hadde utanning både som arkitekt og kunstmålar, og var såleis særs godt kvalifisert for stillinga som «Tegner» for ekspedisjonen. Rapporten 1883 har fleire landskapsteikningar signert Schiertz. Og då «Vøringen» stima inn Sognefjorden og ankra opp i Esefjorden 1, juni 1876, var «Tegner» Schiertz i kjent landskap. Som elev av den fremste landskapsmålaren på 1800-talet, Johan Christian Dahl, hadde han både vore med læremeisteren i Sogn og vore i Sogn på eigne reiser, før han kring 1850 busette seg i Bergen, og frå 1884 i Balestrand. Schiertz døydde 1887 og vart gravlagd ved Tjugum kyrkje.

 

Image
Den norske Nordhavs-ekspedisjonen 1876-1878. Ekspedisjonen sin «Tegner», kunstmålar og arkitekt F.W. Schiertz døydde 6. oktober 1887 i Balestrand og vart gravlagd ved Tjugum kyrkje. Kona, Karen Sophie Reusch Koren, fødd 1832, døydde år 1933.
Datering
2020
Fotograf
Hermund Kleppa

Nordhavs-ekspedisjonen på frimerke

Sidan 1914 har det norske postverket markert historiske hendingar og personar med eigne særutgåver eller ved at hendingar og personar har blitt tekne med i andre rekkje, t.d. Sven Foyn på har 55-øres-frimerket i særutgåva Postverket 300 år 1947. To av deltakarane på Den norske Nordhavs-ekspedisjonen 1876-1878 er med på to frimerke: 1) Henrik Mohn ved at motivet Jan Mayen på 25-øres-frimerket i utgåva Geofysisk år 1958 er laga etter akvarell av Henrik Mohn, 2) Georg Ossian Sars som portrett på 40-øres-frimerket i utgåva Vitskapsmenn 1970.

Image
Illustrasjon i ekspedisjonsrapport Den norske Nordhavs-Expedition 1876-1878, etter akvarell av ekspedisjonsdeltakar, professor H. Mohn. Biletet er motiv på eitt av frimerka i utgåve Geofysisk år 1957.

Image
25-øres-frimerket i frimerkeutgåva 1957, Internasjonalt geofysisk år, har motiv etter akvarell av professor H. Mohn, deltakar på Den norske Nordhavs-ekspedisjonen 1876-1878.

Den Norske Nordhavs-expedition, 1876-1878 (Digital utgave)
Morgenbladet 01.07.1876. (Digital utgave)
Bergens Adressecontoirs Efterretninger 22.06.1873. (Digital utgave)
På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Selja forl., 2000 (Digital utgave)
Gulen prestegjeld (Digital utgave)
Urtegaard, Gunnar: Franz og Sophie Schiertz (Digital utgave)
Artsdatabanken: Hymenodiscus coronata  (Digital utgave)