Johannes Gjetmundsen (1860-1924), fødd i Hafslo i Sogn, døydde Talvik i Vest-Finnmark.
Datering
Ca 1913-1915
Fotograf
Ukjent
Eigar
Stortingsarkivet

Om Johannes Gjetmundsen – innflyttar i Finnmark frå Sogn

År 1964 ga Anders Skàsheim ut heftet «Noko um det fyrste kjende torskefisket i Finnmark». Forfattaren fortel frå Finnmark, om «folkeliv og næringsliv», og «for det meste etter munnlege kjeldor», det vil seia personar Anders Skàsheim møtte då han eit års tid budde i Hammerfest, frå desember 1921 til oktober 1922. Johannes Gjetmundsen, fødd 1860 på husmannsplassen Lindeflaten i Hafslo, er ein av personane Skàsheim fortel noko om. Artikkelen skøyter på med meir om denne utflyttaren til Finnmark.

«Nordland-skipparar» - «Søringar»

I det vesle heftet, på 16 sider, fortel Anders Skàsheim «litt [- ikkje mykje -] um» - torskefiske i Finnmark, eit fiske som ga grunnlag for fraktefart og handel, med Bergen og Vestlandet. «Nordland-skipparar» reiste nordover med jekter og kjøpte fisk og fiskevarer på vegner av kjøpmenn i Bergen. Somme vart godt kjende av folk nordpå, og vart gjerne omtala som «søringar». Skàsheim nemner særskilt «Gamle Trengereiden» (Anders Trengereid), fleire frå Hardanger (Sørfjorden), og ein frå Sunnmøre, I. Walderhaug. Nokre «søringer» busette seg i Finnmark. Johannes Gjetmundsen frå Sogn kom nordover med familien sin, som innflyttar.

Fødd på husmannsplass i Hafslo – stortingsmann i Finnmark

Skàsheim skriv at Johannes Gjetmundsen var «ein av dei som gjorde mykje med å tilføra Nord-Noreg ny folkekraft». Han var fødd på husmannsplassen Lindeflaten under «storgarden» Ytre Kroken i Hafslo og reiste med foreldra sine til Leirbotn i Alta år 1860.

«Han gjekk på skule både i Sogn og i Leirbotn. Han synte tidleg at han var lærehuga. Då han vart vaksen, arbeidde han som gardbrukar og fiskar. Han var mykje i Gjesvær [på Magerøy] og han hadde ymse arbeid til han vart stortingsmann for Vestfinnmark 1912.»

Image
Kart (utsnitt) frå 1866 som viser Lindeflaten. Vegen frå Lindeflaten til sjøen gjekk skrått ned, innover (austover).
Datering
1866
Eigar
Statens Kartverk

Lindeflaten

Kartet (utsnitt) viser Lindeflaten 1866. Lindeflaten ligg på sørsida av Lustrafjorden mellom Urnes og Kroken, på ca 225 moh, rett opp frå plassen «Loen» (ytre Loi). Namnet passar godt; ei flate i det elles bratte landskapet, der det (og) veks lind. Kartet viser at vegen frå Lindeflaten til sjøen gjekk skrått innover og ned til ein stad midt mellom plassane «Loen» og «Bjerknes». Men folka på Lindeflaten hadde og ein snarveg ned til Loi. Stadnamnet Kvilesva vitnar om fast ferdsle her.

Sogeheftet Bygsleheimar i Hafslo (1975) fortel at Lindeflaten var husmannsplass frå tidleg på 1700-talet og fram mot århundreskiftet 1800/1900. Lindeflaten var ein etter måten stor husmannsplass. I folketeljinga/jordbruksteljinga 1865 står oppført 1 hest, 5 storfe og 25 småfe. I 1884 vart plassane Lindeflaten og Loi utskilt som eige bruk, og i 1898 vart Loi fråskilt som eige bruk, I fylgje bygdebok for Solvorn II (manus) var det fastbuande folk på Lindeflaten til kring 1904. Seinare var Lindeflaten i mange år nytta som slåttemark. 

Image
Lindeflaten, med utsyn mot nordsida av Lustrafjorden, garden ytre Eikjo ved sjøen, under fjellpartiet Molden.
Datering
2019
Fotograf
Hermund Kleppa

Lindeflaten sommaren 2019

«Ja, det er der oppe», sa pensjonisten ved sjøen og peika, «stien går herifrå, eg skal visa deg, men han er ikkje lett å finna alle stader.» Me la i veg, og etter ein snau time, var me der, på Lindeflaten, staden der Johannes Gjetmundsen blei fødd. Staden der Jetmund og kona Anna med tre småborn budde nokre år midt på 1800-talet, før dei flytte nordover og busette seg i Finnmark.

Naturen er den same; landskap og lende, og vidt utsyn. Blandingsskog av lind, bjørk, hassel, alm og andre treslag står nok tettare innpå det tidlegare dyrka området, no enn før, og på arealet som ein gong var åker og eng, seinare slåttemark og beite, trør du deg no varsamt fram gjennom høgt gras og andre vokstrar.

Image
Lindeflaten 2019. Spor etter folk i farne tider, ei rive, stukken ned under taket på ei løe.
Fotograf
Hermund Kleppa

Lindeflaten år 2019 - eit lite stykke kulturlandskap som gøymer på spor etter folk i farne tider. Mest iaugefallande er ei lita løe med istandsett tak for ikkje så lenge sidan. Du legg merke til reiskapar og hjelpemiddel; ei rive, ein langorv, - ein strengbunt, ei sinkbytte og meir.  Eit par verseliner passar: «Her dei sin heim og hugnad fann, dogga med smil og med tåra.» Familien Jetmund Guttormsen høyrde med til dei.

Image
Familien Jetmund Guttormsen. Notering i kyrkjebok for soknepresten i Hafslo, rubrikk utflytte, våren 1860.

Familien Jetmund Guttormsen

Våren 1860 noterte soknepresten i Hafslo fleire utflyttingar; nokre skulle til Amerika, andre til reisemål innanlands, både i nærleiken og lenger unna. Utflytte personar nr. 24 – 28 omfattar huslyden «Huusmand» Jetmund Guttormson (34 år) og kona Synneva Pedersdotter (31 år). Dei har tre born, Peder (6 år), Ole (2 ½ år) og Johannes («1/8» år, eller 6 veker). Reisemålet er Alta i Finnmark. Ei lang, og sikkert på mange måtar strabasiøs reise venta då Jetmund og kona med dei tre borna deira braut opp frå Lindeflaten våren 1860.

«Millom sogningar i Hamarfest»

Anders Skàsheim møtte Johannes Gjetmundsen under opphaldet sitt i Hammerfest 1921-1922. Han fekk Gjetmundsen til å fortelja om livet sitt, og laga etterpå bladstykke til avisa Sogningen med tittelen «Millom sogningar i Hamarfest». Halve stykket handlar om Johannes Gjetmundsen. Her går det fram at huslyden Gjetmund Guttormsen kom attende frå Finnmark etter sju år og budde på Lindeflaten til kring 1873 då dei på ny reiste nordover til Talvik i Altafjorden. Stykket fortel elles om omgangsskule i Kroken, om åra i Finnmark, om giftarmål og om barneflokken. Dessutan om at utflyttaren frå Lindeflaten besøkte heimstaden i Sogn, då han var i hovudstaden som stortingsmann i åra 1913-1915. (Sjå utskrift frå Sogningen.)

Minneord

Johannes Gjetmundsen døydde. 24. mars 1924 (to år etter møtet med Anders Skàsheim) og vart gravlagd i Leirbotn. Fleire aviser hadde nekrolog, den same nekrologen, men med små redaksjonelle skildnader. Nekrologen attgjeven her, datert Talvik, 26. mars 1924 og underskriven J.H. Kummeneje (lensmann i Talvik), stod i Nationen, 2. april 1924.

[krossmerke] Fhv. stortingsmann Johannes Gjetmundsen.

Ifølge telefonmeddelelser er i dag herredskasserer i Talvik, forhenværende stortingsmand, gaardbruker og fisker Johannes Gjetmundsen avgaat ved døden i sit hjem i Leirbotten efter længere tids syklighet.

Et beskedendt, nøisomt, stille, fredelig og slitsomt arbeidsliv er hermed avsluttet. Johannes Gjetmundsen var så vidt vites født 16. mai [rett dato: 4. mars 1860] i Hafslo i Sogn, men kom allerede som barn med sine forældre Gjetmund Guttormsen og Synnøve Pedersdatter til Leirbotten i Talvik hvor han nesten uavbrutt senere bodde, fraregnet et kortere ophold i yngre år hos farbroren Ole Guttormsen i Vardø.

Johannes Gjetmundsen var utrustet med rike aandsevner, men forældrenes fattige kaar hindret hans fortsatte utdannelse efter endt folkeskolegang. Kun med yderste økonomiske anstrengelser fik han anledning til aa gjennomgaa et eller to av de første kurser ved Finmarkens amtsskole og var i en rekke aar stevnevidne og betjent saavel hos den tidligere som den nuværende lensmand i Talvik, og ofte benyttet til de mest forskjellige hverv: valgmand, flere ganger lagrettemand og domsmand, og i en aarrekke lappeopsynsbetjent. I 1912 blev han valgt til stortingsmand for Vest-Finmark, og fungerte som saadan i perioden 1913-1915. Han var venstremand og fra yngre dage av ogsaa stadig [alltid] totalavholdsmann. I en hel del aar har han paa det sisste været herredskasserer i Talvik.

Han var en ømfindtlig [kjenslevar], besindig og til det yderste beskeden mand, arbeidssom og strævsom til det sisste. Med en stor familie var han i den senere tid foruten sykdom ogsaa plaget av økonomiske sorger, hvilket gjorde han siste leveaar tunge og triste. Han efterlater seg en dypt sørgende hustru for hvem han gjennem et langt liv har været en alltid omsorgsfull egtefælde. Han savnes av sine søskende og ikke minst av sine barn, svigerbarn og barnebarn, paa hvem han tænkte og for hvem han slet og arbeidet til det til det sisste. Fred over hans minde!

Skaasheim-arkivet

Lokalhistorikar og bankmann Anders Skàsheim (1880-1965) budde heile sitt yrkesaktive liv i Bergen, bortsett frå det eine året i Finnmark. Som pensjonist flytte han heim til Balestrand. I 1950 vart Anders Skàsheim heidra med Kongens fortenestemedalje i gull, - for livslangt arbeid med å samla og formidla norsk kulturarv. Han etterlet seg ei stor samling skriftleg tilfang og mange foto. Skàsheim-arkivet er oppbevart i Fylkesarkivet.

I arkivet finst det òg fleire spor etter Skàsheim sitt år i Finnmark. Brev, noteringar i dagbøker, foto, o.a. vitnar om at han heile tida hadde tida opne auge for «folkeliv og næringsliv», og ikkje minst, historie i vid tyding. «Eg elskar Finnmark», skreiv han i ei dagbok. Skàsheim kom i kontakt med folk vidt omkring og – som det står i innleiinga til heftet «Noko um det fyrste kjende torskefisket i Finnmark» – skreiv ned det han «trudde kunde få verd for soga.»

Image

«..til sals «ved Kviknes Bokhandel ..»

Heftet «Noko um det fyrste kjende torskefiske i Finnmark», med eit lite avsnitt om Johannes Gjetmundsen, var det siste heftet frå Anders Skàsheim si hand. Heftet vart prenta hjå Ingvald Husabø Prenteverk på Leikanger og var til sals hjå Kviknes Bokhandel i Balestrand.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-88047 - Skåsheim, Anders
Skàsheim, Anders: Um det fyrste kjende torskefisket i Finnmark. 1964 (Digital utgave)
Hafslo sogelag, ved Mons Bathen: Bygsleheimar i Hafslo. 1975. (Digital utgave)
Øyane, Lars E: Opplysningar om huslyden Jetmund Guttormson. (epost 04.97.2019)
Avisa Sogningen 11.07.1922 (Digital utgave)
Avisa Sogningen 15.07.1922 (Digital utgave)
Nationen 02.04.1924 (Digital utgave)
Kartverket: 29B 4; 30A 1: Sogn og Fjordane (Digital utgave)