Nornesneset ytst i Norafjorden sett mot søraust. Høgspentmastene står på det høgaste punktet. Eidet fører over mot Naglatun.
Datering
2008
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kong Sverre - Stadnamn og Fimreiteslaget I

Fredag 15. juni 1184 utkjempa kong Sverre og kong Magnus Erlingsson sjøslaget ved Fimreite. Over 2000 menn skal ha mista livet. I 1937 skreiv lærar Vilhelm Flugeim (1859-1942) eit stykke om fleire gamle stadnamn på Nornes og om dei gamle bautasteinane som stod der. Han knyter to av stadnamna til Fimreiteslaget. Denne artikkelen attgjev Flugeim sitt stykke. Språkforskar og stadnamnkjennar Per Arvid Ølmheim har drøfta tre av stadnamna hjå Flugeim i ein eigen artikkel.

Hærå

Marknamn [namn i utmarka] ute på neset [Nornesneset]. Ytste parten av Neset er mest berg, knausar og turr mark, men no nytta til øykjabeite åt Madsgarden. På odden stend fyren. Derifrå stig mithallet uppetter til det når den store vandresteinen som i istidi lagde seg til kvila øvst på berget. Eit troll kasta steinen hit frå Talberg, trudde den gamle segnmakaren. Trollet var isen som bar steinen på den sterke ryggen sin. Neset lyfter seg høgt yver sjøen [35 moh.]. Høg heiter på gamalnorsk hår og hær. Høg-høgare-høgast heiter hår-hærri-hæst. Høgaste eggi vert då til Hæsteggi (toppen av Loftesnesfjellet). Høge neset vert Hærneset (innum Vikarne).

Høga marki vert Hæra, i folkemålet Hærao (Ytste Nornes). Namnet er soleis ei rettkomi nemning på den høgtliggjande marki.

Naglatun

Nedlagd bustad burtum Sverdavollen. Nær vandresteinen endar berget. Det fell stupbratt ned mot heimejordene på næraste gardane. Heile bergknubben eller heile Hæroao utum denne legdi sett i fråstand kann du likna på kloi på ytste tå-leden av Norneset, eller naglen. Naglatun vart då namnet på plassarne som låg nær innåt naglen på Norneståi. På 17-1800- talet budde 2 husmenner i Naglatun.

Image
Naglatun med naustrekkje sør på Nornes. Norafjorden og Fimreite i bakgrunnen. På Sverdavollen (til høgre) ligg det ei stor steinrøys, og her står minnesteinen om Fimreiteslaget (bak trerunnen).
Datering
2008
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sverdavollen

Ordet sverd nytta nordmennene som namn på hoggvåpenet sverd, og på ein uppreist smal stein. Ein bautastein var eit sverd. So vart vollen der bautaerne stod nemnd Sverdavollen (Sveravodl). Han låg straks nedom Tinghaug vestom Naglatun. Der stend ingi steinar der lenger. "Grunnen er graven og åker upplagt". Men dei stod der ein gong, og etter meldingar frå fyrre århundrad [1800-talet] ikkje mindre enn 7 drjuge stabbar.

År 1870 stod endå att 3 sverd. Men då hadde dei ustkifting på garden. Folk tok til å byggja og trong storstein til fjøsmurane. Eigaren av sverdavollen såg seg mun i desse drjuge kultarne. Han fekk seg ein fagmann til å slå ei mina [dynamittladning] i den største, og han Notadals-Ola var driven i minekunsten. Han sette boren inn nede i bautaen, ladde mina og - "Varsku her"! So kveikte han. Då det small, spratt toppenden i lufti, datt nedatt på stubben - og stod! Det måtte stong til å kvelva han.

Dei tok tvo steinar den gongen, så no stod det att berre ein, einsleg stod han att av den flokken som i 700 år hadde halde minnevakt på Nornes. Men so ein dag greidde han det ikkje lenger, han seig til marki av si eiga tyngd.

Image
Skisse frå Nornes frå første halvdel av 1800-talet. Sveravollen og bautasteinar. Fimreite på andre sida av fjorden.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Danøyri

Åkerlegdi med dette namnet ligg straks vestum Tinghaug. Namnet hev upphavet sitt frå Fimreiteslaget. Staden låg lagleg til frå sjøen sameleis som Sverdavollen og høvde vel til gravstad etter storslaget. "Dei fleste reknar", seier soga, "at det fall ikkje mindre enn 2160 mann, og ei mengd vart førde i land og gravlagde".

Image
Kartskisse (første halvdel av 1800-talet) med stadnamn og oppmerka gravrøyser og bautasteinar. På Fimreitesida er notert desse namna (frå venstre): Pladsen, Houg, Holme, Femrejde, Vetle... Langs fjorden på Nornessida (frå venstre): Thinghoug, (ved kross i sjøen ?), Ingebr..næs, Grøthoug, Plads, Lomelde.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Men då herfolki til kong Sverre stod upp laurdags morgon etter slaget, måtte dei fyrst stelle um sine eigne til gravferdi. Uppe ved Sverdavollen låg fyrr ein gamal gravhaug, og det stod vel alt bauta der. Her må me tenkja oss at birkebeinarane jordfeste mange av våpenbrørne sine um laurdagen og viste sømeleg heider med å setja ein stein yver graverne.

Stormengdi av dei falne var heklungar av Magnus sin her. Mykje folk hadde blive då dei bykste på fjorden eller sokk med sume av skipi. [I 8 dagar] dreiv Sverre med sokning, og kvar dag førde dei mange lik i land. Hundradvis kom i jordi. Eit stort tal av desse var langfarande, framande eventyrarar og lukkefuglar, mest danskar som hadde fylgt Magnus då han siglde nordetter frå Danmark i påskehelgi med 24 skip.

Danekongen var skyldingen [skylding - slektning] hans. Mange [var danar av dei] som kom i jordi på Nornes desse dagarne. Etter som åri sidan skreid, fastna kongedømet åt Sverre, folk tydde seg til han [heldt med han] og og til den gjæve ætti hans om etter fylgde. Men stendigt påny kom ufredsflokkar frå Danmark. Danemnamnet vart hengjande på gravstaden og seint gløymt. Danøyri - øyri der danane vart jordfeste.

Tinghaug

Haugen heiter so enno og ligg på uppsida av Sverdavollen. Sus frå soga sviv um namnet. Fråsegner og minne etter farne dagar, frå aldrar og år utigjennom stig fram for tanken, bilæte etter bilæte.

Radt attende i segntidi [førhistorisk tid] hadde tinghaugane vore i bruk til møte for bygd og herad. Der stod dei eldste lovmøti me veit um. Bønderne kom saman til desse årvisse stemnor, alle mann i våpenbunad. Huldar og hersar styrde, kunngjorde fyresegner og rettslysingar. Lovseiemenn sagde fram gamle lover, lagretta handsama saker, høyrde vitne, sagde dom og forlikte trettemål. Med sverd i hand slo bønderne på skjoldarne dei til samtykke. Det kalla dei våpentak. Soleis gjekk avrøystingi fyre seg den gongen. Kongen i Sogn og seinare jarlen i Sogn møtte stundom på Tinghaug og akta på [passa på] sakerne sine.
(Flugeim sitt stykke slutt)

"Historisk sus - eller nostalgi?"

Flugheim skreiv stykket sitt i 1937. Per Arvid Ølmheim seier i innleiinga til sin artikkel (2008) at folk i ytre Norane, der Nornes-garden ligg, har festa stor lit til dei tydingane Flugeim gjev. "Likevel kan det vera verdt å sjå nærare på forklaringane hans for å utvida tilnærmingi noko", meiner Ølmheim. (Lenkje til Ølmheim sin artikkel lenger nede.)

Image
Flugeim nemner ein stor vandrestein oppe på det høgaste på Nornesneset. Det er ingen stor stein der nå. Derimot er der mykje fyllstein rundt kraftmastene. Kan det tenkjast storsteinen vart sprengt i filler då dei reiste mastene?
Datering
2008
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


Flugeim, Vilhelm: Stykke om stadnamn på Nornes. 1937
Avskrift av Christie-notiser i Historisk Museum, Bergen. Referanse: UBB.ms.385.9.5.
E-brev frå Historisk Museum, Bergen, 12.02.2007