Lensmannsgarden
Lensmannsgarden ligg på Onstad og var eitt av to bruk (seinare tre). Garden, som har mange gravhaugar, er ein av dei største i Aurland og har etter måten mykje flatt lende.
Garden har vore lensmannsgard i fem ættled frå kring 1700. "Gamlelensmannen" slutta som lensmann i 1912 og døydde i 1929. Han var den siste i rekkja av fem. Garden ber framleis namnet Lensmannsgarden.
Lensmannsstova og hovudbygningen
Gamlelensmennene budde i Lensmannsstova, som skal vera bygd i første halvdel av 1800-talet. Ho stod då i tunet, nær hovudbygningen, men vart flytt litt i utkanten av tunet i 1953. Her samla Aurland Sogelag inventar og gjenstandar og gjorde stova til museum.
Den store kvite hovudbygningen på tunet kan ha vore bygd ein gong på 1700-talet. Han vart nytta til kontor for lensmannen og elles til gjester. Ved tusenårsskiftet er bygningen framleis i bruk som bustad på garden.
Tinghaugen
Tinghaugen i tunet på Lensmannsgarden har uviss alder, men var stad for bygdetinget, truleg frå Håkon den gode si tid. Det var han som innførde tingordninga på slutten av 900-talet. Haugen har truleg vore nytta fram mot Svartedauden (1349). 1500-talet og 1600-talet hadde ambulerande ting. På 1700-talet vart det ei fastare tingordning, for då vart tinget lagt til Gjestgjevarstaden på Onstad, som fekk offentleg løyve i 1737. Her heldt dei tingseta fram til 1870-åra, då brua over elva kom, og tinget vart flytt over til Vangen.