Dagens foss (2009) er ofte tørr. Her ser vi øvre del av fosseløpet og inntaksdammen på kote 38.40 med nedleggbar flaumluke i midten (bak buskene).
Datering
2009
Fotograf
Arne Aasland
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Brulandsfossen - ein arbeidshest for Førde

Brulandsfossen i Jølstra er største fossen nær Førde sentrum og ein arbeidshest for Førdebygda. Frå jul 1914 leverte fossen elektrisk straum til Førde sentrum. I dag går heile fossen til kraftproduksjon. Det 20 meter høge fallet er og endestasjon for laks og sjøaure i Jølstra.

Fossen

Brulandsfossen ligg lite synleg frå vegar og djupt i landskapet. I dag er den tørrlagd nær 90% av året. Fallet fordeler seg over kring 100 meter med eit gjel øvst, eit flatare midtparti og eit stup ned i fossehølen. Naturleg høgd er 16-17 meter. Dagens dam gir ei fallhøgd på vel 20 meter. Den som går inn til Brulandsfossen i flaumtider, vil oppleve eit mektig kok når hundre eller kanskje 200 kubikkmeter vatn går utfor i sekundet.

Fiskeplassen

Fossehølen var frå gammalt ein stor fiskeplass i Jølstra. Her blei storlaksen ståande og stange; og var lett å fange med ulike fangstinnretningar. Dei lange steingardane vi ser ute i elva, er restar etter gamle fiskesteng. Då sportsfiskarane kom til Førde frå 1860-åra, var Brulandsfossen ein av attraksjonane. Framleis går laksen opp i den djupe fossehølen; men utan den skummande fossen tett innpå er naturopplevinga redusert for fiskaren.

"Gardsarbeidar”

Gardane på Vie, Bruland og Hagen eigde fallrettane. På Viesida låg 6-7 kverner kopla til lange vass-slåk. Tuftene etter kvernhusa kan ein turgåar framleis finne. På Brulandsida var både kverner og sagbruk ved fossefoten. Futegarden frå 1789 bygde seg også kvern her. Det var viktig for korngardane i Førde å kunne male eige korn. Problemet var flaum og isgang, som kunne herje med spinkle vassrenner. Bonde Rolf Hagen fortel at Hage-folket fjerna sitt slåk etter at dei hadde malt kornet.

Elektristet i 1914

I 1898 kjøpte tre ingeniørar frå Kristiania Brulandsfossen. Men investorane fann ikkje kapital til utbygging. Banksjef i Førde, O. M. Erdal, fekk Førde sparebank til å kjøpe fallrettane i 1910. Som ordførar i kommunen sette same mann i gang planlegging av kraftselskap og stasjon. Banken gav så fallrettane vederlagsfritt til kommunen, som skipa Førde kommunale elektrisitetsverk 14. mars 1914. Med innsats også på linjebygging hadde Førde sentrum elektrisk lys 18. desember same året, som første kommunen i fylket! Sentrum sør frå Steinen til Bruland og sentum nord frå Vie til Sjøahola var tilkopla.

 

Image
Brulandsfossen med god vassføring kring 1900. Fossehølen var ein sikker fiskeplass for laks.
Datering
Kring 1900
Fotograf
Olai Fauske
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Første og andre utbygging

Den første stasjonen hadde ein installasjon på to Francis-turbinar, til saman 350 KW. Vatnet blei tatt inn frå ein betongdam på kote 37.47 over fossen og hadde eit fall på kring 17 meter. Turbinane var i drift til opp på 1960-talet. Men alt frå starten var produksjonen mindre enn etterspurnaden. I 1934 stod ein ny stasjon klar, vegg i vegg med den gamle. Bygget inneheldt ein Francis-turbin som kunne ta 8 kubikkmeter vatn pr. sekund og produsere vel 1000 KW. Samla produksjon nærma seg 1500 KW, og ordføraren skal nøgd ha uttalt at ein no hadde nok for all framtid.

Aukande kraftbehov

Straum blei brukt til stadig nye føremål. Førde opplevde kraftkrise under krigen då vintrane var kalde og vassføringa så lita at ein måtte nattestenge kraftverket. Etter krigen auka ein damhøgda eit par desimeter og fekk litt magasin. Men Førde måtte kjøpe kraft. Då L/L Svultingen i 1955 disponerte ny kraft frå Stakaldefossen, var Førde raske med å slå til. Ein hadde då vinterregulert Jølstravatnet, og Brulandsfossen kunne samkjørast med Stakaldefossen. Men Førde voks alt frå 1950-talet, og den lokale produksjonen dekte stadig mindre av behovet. Brulandsfossen produserte på 80-talet 5% av årsforbruket til det utvida Sunnfjord energiverk, der ”gaukungen” Førde tok det meste.

Full utnytting av fossen?

Fossen låg frå 80-talet i kategori I i Samla plan klarert for utbygging. Ein stor stasjon kunne utnytte vatnet til over 70 kubikkmeter pr. sekund. Fallhøgda kunne aukast til 20,4 meter ved å senke turbinen og løfte inntaksdammen til kote 38.40. Jølstra har ei middelvassføring på 43 kubikkmeter pr. sekund, men varierer gjennom året frå 3-4 kubikkmeter til langt over 100. Ein Kaplan-turbin med vridbare venger ville meistre dette registeret frå 7 til 65 kubikk. Under 7 kubikk kunne gamleturbinen gjere jobben, og kome inn att over 65 kubikk.

Ny stasjon i 1989

Planane utarbeidde av Hafslund Engeneering blei klarerte politisk. Kostnadsramma var i 1986 92 millionar kroner, inkludert ei flaumluke som NVE kravde for å hindre vassheving under Farsund bru. Grunneigarane til lakseførande strekning ønskte ikkje utbygging av frykt for skadar på fiskestammen. Men konsesjon kom vinteren 1987, og arbeidet starta. I april 1989 var stasjonen automatisert for fjernstyring klar. Den kunne yte ca. 12 000 KW og gi kring 54 GWh i eit normalår. Det tilsvarte 25% av leveransen frå Sunnfjord energi i 1989.Stasjonen frå 1934 vart og opprusta for vidare bruk, men 1914-stasjonen fjerna.

 

Image
Kraftstasjonane i 2009. Med ny og gammal stasjon kan Sunnfjord energiverk bruke all vassføring frå 3-4 kubikkmeter til 77 kubikkmeter per sekund. Stasjonane er fjernstyrte. Men det hender at Jølstra gå med over 200 kubikkmeter vatn.
Datering
2009
Fotograf
Arne Aasland
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Konflikt med laksen

Stasjonen fungerte etter føresetnadene, og svelgde faktisk heile 70 kubikkmeter per sekund. Men det oppstod uventa kutt i vassføringa nedanfor når stasjonen fall ut, til skade for både laks og smolt. Det viste seg at vassdraget ovanfor var flatare enn føresett. På lågare vassføring rann vatnet ikkje over dammen før heile Movatnet hadde stege nokre cm. Dette kravde timar og dagar. E-verket tok då flaumluka i bruk ved utfall, og har sidan bygt ein by-pass forbi turbinen slik at vassføringa er gjenoppretta på nokre minutt. Etter rettsavgjerder har selskapet også måtte gjere bøtande tiltak for laksekultivering og erstatte fisketap.
 

 

  • Djupedal, Torkjell: Førde Kulturhistorisk vegvisar. 1998. Nordstrand, Leiv: ”Lys og kraft til bygdens behov." 1993. Asland, Arne: Huldefossen grunneigarlag. (meir)
  • Informasjon frå: Rolf Hagen og Olav H. Bruland, grunneigarar Konsesjonssøknaden for Brulandsfoss 1986 (Sunnfjord energi)