Ferjeplassar
Frå gammalt hadde folk i Førde tatt seg over elvane med båtar eller ved å vade der elva var grunn. I hovudbygda var det ferjing på Halbrend og Hafstad, og truleg fleire oppover. På lågt vatn brukte folk og dyr vadeplassar. Men Jølstra er ofte for stor til vading, og så stri at ferjene driv av. Elva delte derfor bygda meir enn ho samla. Også ved Movatnet/Bergavatnet var det ferjeplassar på Mo og Berget (Soleide).
Halbrendsbrua
Kanskje er Halbrendsbrua over Sagelva eldste brua i Førde. Her var ferdsel opp lia mot Gaular frå gammalt, og elva var ikkje større enn at ei stokkebru kunne nå over. Då Den trondhjemske posveg kom i 1785, måtte denne staden ha bru. Men brua kan godt vere eldre. Der kom ny bru i 1845, som blei opprusta i 1912. Då vegen blei utvida midt på 1980-talet, kom dagens betongbru med to kjørebanar.
Stevollbrua
Ei anna gammal bru kryssa Jølstra frå Stevoll til Moneset ved ein vadeplass. Ho var ein del av vegen frå Førde til Holsen og Haukedalen. I 1828 stod her ferdig ei trebru på stolpar i elva, bygd av bøndene på Holsen og Haukedalen, med nokre offenlege midlar attåt. Brua blei tatt av flaum med isgang vinteren 1851. Ho var 4,8 meter brei og kring 40 meter lang. Landkaret på Stevollsida er det framleis råd å finne, likeins gamlevegen i Ulvedalen mot Viskedal. Neste bru her kom på Moskogen.
Prestefossbrua
Prestefossen finn vi i Anga nær Sentralsjukehuset. Også dette er gammal bruplass. Når første bru kom, veit vi ikkje; men ei bru på staden blei reparert i 1844, og hadde då steinkar med stokkar over. Ho fekk avløysing i 1949. Denne brua fungerer i dag som gangbru, for ei moderne vegbru kom ved sida av henne sist på 1970-talet.
Langebrua
Planar om ei køyrebru i Førde kom frå amtmannen og veginspektørane kring 1830. Det offentlege bestemte og kvar brua skulle plasserast, men lét kjøpmann Hans Lange på Skorpa og lensmann Falch byggje og eige brua. Ho var truleg ferdig 1837. Folk betalte avgift til eigarane for kvar passering, slik kommunen hadde bestemt. Langebrua batt Førde-bygda saman og gjorde området kring til ein god handelsplass. Brua stod på trekanta brukar av stolpar med stein lagt i. Dette heldt likevel ikkje for ein flaum med isgang vinteren 1851. Ny bru var på plass i 1856. Då stod kommunen bak, og likna brupasseringa ut på skattesetelen.
Også denne brua blei tatt av vatnet, i 1873, og ein meir robust etterfølgjar kom på plass året etter. Dei 8 brukara i elva fekk ei plogform mot elvestraumen. Breidda var no 5 meter, lengda 72. Igjen gjekk det gale. Isgang i elva vinteren 1922 knuste midtpartiet og sende det på fjorden. Kommunen gjekk då inn for stålbru. Brua blei bygt i to seksjonar med ståloverbygg (fagverk) og eit steinkar midt i elva. Ho kom i bruk 1925. Denne brua heldt, men blei for smal for biltrafikken, og fekk si avløysing i 1959. Då kom ei betongbru på stålbjelkar over to betongkar. Dette er dagens bru, med dobbel kjørebane og fortau. Den gamle brua blei demontert og flytta til ytre Solund.
Farsund bru
Då postvegen Bergen – Trondheim kom i 1785, på Hafstad-Brulandsida, måtte postførarane ta seg over Bergavatnet på Sunde med båt. Ei bruløysing var vanskeleg, for botnen var blaut og hadde ein djupål. Først kring 1840 kom ei bru på plass. Ho var bygt som kulvertbru i stein på den grunne sørsida, som trebru på høge pålar over djupålen. Brua blei forsterka i 1912, og i 1957 bytta ut med betongbru på stålbjelkar over brukar i betong. Brukara blei støypte på pelar ned i grunnen. Forskalingane og konstruksjonsmåten gjekk vidare til den nye Langebrua.
Moskogbrua
Då brua på Stevoll viste seg å liggje utsett til, flytta ein sist på 1850-talet heile vegtraséen ut av Motunet og mot Moskogen. Der kunne ein med offentleg innsats byggje høg bru over Jølstra i eit gjel. Denne brua stod ferdig 1861 og heitte sidan ”Holsen 1”. Ho blei erstatta av ei moderne ”Holsen 2” i 1961 og vegen mot Holsen retta ut. Det gamle brukaret på nordsida står framleis med synleg mur nedanfor brua. Den nye brua er ei ”sprengverksbru” i betong, 51 meter lang.
Storehagen bru
På 1970-80-talet var Langebrua ein flaskehals i den aukande Førdetrafikken. Mengda bilar frå verfts- og sjukehustilsette var stor morgon og ettermiddag. Ein løyste floken ved å forlengje Angedalsvegen til Jølstra og byggje ei høg betongbru på søylar over elva til Hafstad-sida, nær Førde hotell. Ho stod klar i 1987.
Gangbru Haftstad-skulen
Gymnas og handelsskule blei samla på 1990-talet og blei fysisk samla på Hafstad i 1999. Over 400 elevar måtte kunne nå Førdehuset i friminutta for kroppsøving der. Dermed tvinga ein beinveg seg fram, og Førde kommune spanderte ei vakker hengjebru med eitt tårn av to betongsøyler på nordsida. Frå landfeste går to lange stålstag over tårnet og forgreinar seg til brubjelkane i kreosot-impregnert tre. Landkara i betong er ulike i form. Det største, som ber brutårnet, er sylinderforma. Arkitekt Arild Waage har teikna brua, som enno manglar namn.
Viabrua
Førdetrafikken auka vidare 1990-åra. Angedalsvegen var overbelasta og tilkomsten til sjukehuset tungvinn frå aust. Derfor kom eit nytt samband Kronborg – Vie i 2002 med ei 180 meter lang bilbru i betong over Jølstra. Brua går over tørt land i nordenden for å ta unna store flaumar i det flate landskapet.
Bankbrua
Denne er så langt siste skot på stammen av bruer, opna i mai 2009. Brua går frå Sparebanken til odden der Torsheimstatuen står. Dette er ei rein gangbru som inngår i ”Jølstrastien”. Brua dannar ei vakker s-kurve på 84 meter. Brulekamen er i betong, rekkverka i stål med tregelender. Bak utforminga stå arkitekt Arve Seger og firma Haugen.