I parken
Dei første åra heldt skulen til i leigde lokale på Damsgård. I 1884 kjøpte Sæthre gardsbruket Eikelund under Tveiterås i Fana. Der han bygde skule for 120 elevar. Bygningen stod ferdig og vart teken i bruk i april 1887. I 1970 vart bygningen riven og erstatta med mindre bygningar. Framleis står to hus av eldre dato. Minnesmerket over grunnleggjaren står i skråninga ned frå det som i dag er hovudbygning på Statped Vest – Eikelund.
På sokkel
Jakob Sæthre-minnesmerket er ein portrett-skulptur på prismeforma sokkel. Bysta har blikket retta utover frå hovudbygningen. På framsida står innhogge JAKOB SÆTHRE. Skulpturen er signert «Sophus Madsen 1915». Før 1970 hadde Jakob Sætre på sokkel den ruvande bygningen frå 1887 i ryggen. På eit felt under gesimsen på midtpartiet stod skrive med store bokstavar: SÆTHRES INSTITUT FOR AANDSSVAGE BØRN
Tidsline
- 1854 fødd 12. juli, i Breim, son til landhandlar og bonde Peder Sæthre.
- 1873 eksamen frå Stord Seminarium (lærarskule)
- 1874 huslærar hjå godseigar Undal på Valen
- 1875 styrar ved Rosendal-baroniet sin private ungdomsskule
- 1877-1878 studerte språk ved Gainsford Academy i England
- 1878-1880 stipendreiser til heimar for psykisk utviklingshemma i England
- 1880-1883 lærar ved «Anstalten for aandsvage Gutter» i Kristiania
- 1881 lov om skular for abnorme
- 1882 starta eigen skule med offentleg tilskot «Sæthres Institut for aandsvage Børn».
- 1884 kjøpte Ekelund gard i Fana, bruk under garden Tveiterås
- 1887 nytt skulebygg ferdig, offisielt innvigd av biskop Hvoslef 27. mai
- 1898 kjøpte heile garden Tveiterås
- 1901 skulen overteken av Staten, nytt namn «Ekelund Offentlige Aandssvageskole»
- 1902-1916 skipa og dreiv Tveiterås pleiehjem
- 1910 søkte avskil på grunn av helsa
- 1921 døydde 9. februar, gravlagd ved Birkeland kyrkje, Nesttun
Utmerkingar:
- 1910 St. Olavs Orden av 1. klasse
- 1904 Den svenske Vasa-ordenen