Grensesteinen Hella mellom Sunnfjord og Sogn og kommunane Hyllestad og Fjaler.
Datering
2013
Fotograf
Sigmund Holten
Eigar
Sigmund Holten

Grensestein mellom Hyllestad og Fjaler

På fylkesveg 57 mellom Skor i Hyllestad og Nautsund i Fjaler kommune står der ein grensestein kalla Hella. Steinen markerer grensa mellom Sogn og Sunnfjord, Hyllestad og Fjaler kommune, og dessutan mellom eigedommar i utmark.

Storleik og innskrift

Grensesteinen Hella er om lag 1,5 meter høg og står fundamentert i ei steinsetjing. Øvste delen går opp i ein spiss. Steinen hallar noko bakover, frå vegen. Tett attmed står det nyare grenseskiltet «Hyllestad kommune». På framsida står innhogge:

1897

SOGN [loddrett strek] SØND-FJORD [delt i to ord på to liner]

Image
Nøyaktige mål på grensesteinen Hella: breidde 94 cm, tjukne 15 cm, høgd til spiss 146 cm. Steinsetjinga kring 45 cm høg.
Datering
2013
Fotograf
Sigmund Holten (teiknar)
Eigar
Sigmund Holten

Historia om opphavet

Steinen vart sett opp av Ole Johannesson Holten Skor (1838-1905) saman med Bernt Olson Skor (1861-1928). Bernt var god til å hogge inn tal og bokstavar. Emnet vart truleg henta frå eit hellebrot nord for gardstunet til Ole. Desse to karane fekk steinen på plass år 1897.

Image
Ole og Bernt fann truleg emnet til grensesteinen i eit hellebrot ikkje langt frå gardstunet til Ole.
Datering
2013
Fotograf
Sigmund Holten
Eigar
Sigmund Holten

Samlingsplass

Ein gong i mellomkrigstida (1918-1940) vart det bygt ein danseflake i nærleiken av Hella. Her møttest ungdommar frå Sunnfjord og Sogn i helgane når veret var lagleg.


Opplysningar frå:
Olav Holten (1902-1975)
Oddlaug Holten (1932 - )
Merknad: Dei hadde opplysningane etter Berta Holten (1978-1964). Bertha og Sivert Holten overtok garden i 1906 etter Ole Johannesson.