Ungdomsbilete av Anna Karina Stang (1899-1996).
Datering
Ukjend
Fotograf
Ukjend
Eigar
Sogeskrift for Askvoll kommune (1997)

Anna Karina Stang

Anna Stang (1899-1996) er ein fin representant for songtradisjonen i ytre Sunnfjord. Ho hadde eit allsidig repertoar som femnde om både slåttestev, gjetarviser og religiøse folketonar.

Lærte tidleg å syngje

Anna var fødd på garden Stubseid som yngste dotter til Rakel og Matias Stubseid. Ho hadde fire eldre systre og her fekk ho ein fin og rik barndom. Der var mykje folk på garden, og ein viktig person var bestefar hennar, Kristian Bendiksson Stubseid (1831-1908), som levde til Anna var ni år gamal. Han var ei viktig kjelde for songen, og ho lærte ein heil songskatt av bånsullar og salmar desse åra medan ho var ung jente. Kristian Stubseid var svært god til å syngje og fortelje. Anna førte tradisjonen vidare ved å syngje dei til sine born.
Anna Stang budde i Stongfjorden i Askvoll, der ho var husmor og bondekone. Songen fylgde henne i arbeidet heile tida. Ho nytta songane heime, dei var til husbruk, ikkje i lyd og lag, sjølv om den klåre røysta godt tolde høyrast offentleg. Anna Stang har formidla vidare ein viktig songarv. Dette gjeld også den salmeskatten til folketonar som ho formidla i heimen saman med ektemannen Anton (1892-1980).

 

Image
Anna Stang og døtrene Malmfrid og Ragnhild.

Anna Stang and her daughters Malmfrid and Ragnhild.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Sogeskrift for Askvoll kommune.1997.

Songar på opptak og i bok

Slektningen og spelemannen Gunnar Stubseid gjorde opptak av Anna Stang på 1970-talet for Arne Bjørndals Arkiv. Mange av desse songane vart seinare gjeve ut i boka "Tippe, tippe, tue", 1980. Her er med både viser, aukerim, bånsullar og slåttestev.

Aktiv skribent

Skriving var Anna sin store hobby i over 40 år, og ein har ei mengd med tekstar etter henne. Det var først då ho kom i 50-års-alderen at ho for alvor byrja å skrive. Ho skreiv prologar til høgtider og festar i bygda, songar til bryllaup og andre familiehøgtider og dikt om det nære i gardslivet. Desse tekstane har aldri vore gjeve ut i bokform, men nokre av dei har tidlegare vore trykte i ulike aviser og blad.

  • Løken, Ragnhild og Stang, Malmfrid: Dikt av Anna Karina Stang. I Sogeskrift for Askvoll kommune. Nr. 10. 1997.
  • Indre Sunnfjord spelemannslag: På fest i Jølster. (LP/ MC) Heilo 1987.