Her ser vi korleis Dalsfjordbrua er prosjektert i høve til landskapet. Brua er tenkt utført som hengebru med eit hovudspenn på 490 m og ei seglingshøgd på 42 m. Med viaduktane blir brua 680 m. Det vil og bli gang og sykkelveg. Kostnadene med brua var i 2001 rekna til 350 mill. Bruprosjektet er utarbeidd av Vegdirektoratet.

A drawing of the Dalsfjord bridge and its position in the landscape. The idea is a suspension bridge with a central span of 490 metres and a sailing height of 42 metres. If the viaducts are included, the bridge will be 680 metres long. There is a lane for pedestrians and bicycles. The cost was in 2001 calculated at NOK 350 million. The preliminary project was made by the Directorate General of public roads.

Datering
2001
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Kampen for Dalsfjordbrua

Dalsfjordbrua har vore det mest omdiskuterte samferdsleprosjektet i fylket og skapt stor politisk strid. Utgangspunktet var ønskje om veg på nordsida av Dalsfjorden for at Askvoll skulle få samband med Førde og Dale via Bygstad. Men i 1974 gjekk Stortinget inn for bru over Dalsfjorden i staden for veg. Vegen fram til den planlagde brua vart påbyrja frå Eikenes på nordsida av Dalsfjorden, men brua kom aldri.

Krav om veg rundt Dalsfjorden

Krav om samanhengjande veg på nordsida av Dalsfjorden vart reist av samferdselsnemnda og kommunestyret i Askvoll i 1932, og i 1933 slutta Gaular seg til dette kravet. Fjaler derimot ville ha ferje frå Eikenes til Dale og veg austover på sørsida til Osen (Bygstad). Saka vart utsett for nærare gransking i påvente av vederlagsplanen (økonomisk kompensasjon for jernbane i Sogn og Fjordane). I det endelege framlegget kom ingen av vegane med, men Dale-Osen kom med på det ordinære budsjettet i 1938-39.

Veg på nordsida vart ikkje lagt bort

I 1939 vart det bygt ein bygdeveg frå Sunde til Laukeland langs nordsida av Dalsfjorden. Først i 1955 vart det samanhengjande veg frå Laukeland til Bygstad. Då vegen Dale-Osen var ferdig på 1950-talet, vart det eit ønskje om å få veg vidare frå Laukeland til Eikenes, for å knyta bygdene på nordsida og sørsida av Dalsfjorden saman. I 1962 vart det samla inn 1200 underskrifter til støtte for dette. I 1967 prioriterte fylkestinget vegsambandet Laukeland-Eikenes på førsteplass av riksveganlegga i budsjettperioden 1970-79.

Image
På nordsida av Dalsfjorden kan ein så vidt skimta "geitestien," som den uferdige vegen frå Eikenes til Otterstein vert kalla. Bildet er teke frå Grøneholten som ligg sør-aust for Dale. Vi ser ferjeleiet på Eikenes til venstre på bildet.

On the north side of the Dalsfjord, there is a glimpse of the so-called "geitestien" (goat path), the name given the unfinished road from Eikenes to Otterstein. The picture was taken from Grøneholten, south-east of Dale. To the left in the picture, the ferry quay at Eikenes.

Datering
2005
Fotograf
Arve Ese
Eigar
Arve Ese

Usemje om prioriteringar i kommunestyret

I mellomtida hadde planane om vegsamband mellom Askvoll og Førde, langs Førdefjorden, dukka opp. Eit folkemøte i Askvoll kravde at Askvoll-halvøya måtte få vegutløysing mot nord, langs Førdefjorden i staden for langs Dalsfjorden. Kommunestyret i Askvoll delte seg i synet på lineval. Støtta til "Nordsidevegen" langs Dalsfjorden vart såleis mindre.

Frå "Nordsideveg" til brusamband

I 1970 slo Stortingsmelding nr 14 (Norsk vegplan) fast at det skulle byggjast bru over Dalsfjorden i 1980-åra. Under revisjonen av Norsk vegplan i 1973, kom Dalsfjord-sambandet inn. Staten ville no byggja veg frå ferjeleiet på Eikenes og austover til Otterstein med eit mellombels ferjesamband mellom Otterstein og Dale til det vart bygd bru over fjorden frå Otterstein til Nishammar. Planen tok sikte på at brua skulle stå ferdig rundt 1981.

Vegsamband Eikenes-Otterstein

Vegen vart sett på som eit ledd i vegutløysing for Askvoll-halvøya, med rundt 4600 innbyggarar, og ein ikkje så liten industri. Brua ville gjera riksvegferjesambandet Dale-Eikenes, med ein ferjetur på 25 minutt, overflødig. I 1974 starta vegbygginga frå Eikenes mot Nishammar. Ein del av midlane var ekstraordinære sysselsettingsmiddel. Overslaget for veganlegget Eikenes-Nishammar var i 1973 på 21 mill. kroner.

Løyvingane vart stogga

Til saman vart det bygt fire kilometer veg og tunnel før arbeidet vart stoppa av Stortinget i 1981. Det sto att 1,5 km veg med tunnelar fram til Otterstein. Årsaka til at anlegget vart stogga, var usemje mellom fylkestinget og Samferdselsdepartementet. Fylkestinget ville ikkje ta standpunkt til framdriftsplanen av di departementet med Stortinget bak seg, hadde valt ei dyrare løysing enn "Nordsidevegen", som var fylkestinget sitt alternativ. Stortinget hadde ikkje tilført fylket ekstra løyvingar slik fylkestinget hadde kravd.

"Skandalevegen" eit politisk problem

I Norsk Vegplan for perioden 1982-85 vart 50 mill. kroner tiltenkt anlegget, overførde til andre anlegg som bru over Norddalsfjorden, veg langs Hyefjorden og vegutbetringar i Hyllestad. Men den alt eksisterande vegen vart eit politisk problem. Dalsfjordprosjektet vart utsett på ubestemt tid og det skulle vurderast ved seinare revisjonar av Norsk Vegplan. Likevel skjedde det svært lite med den vidare framdrifta. "Skandalevegen", som kosta 13 mill. kroner, har sidan 1981 stått unytta og endar i fjellveggen. Sidan har aksjonsgrupper arbeidd iherdig for å få Dalsfjordbrua inn på statsbudsjettet.

For og mot bru

Eitt av argumentet mot bru har vore at trafikkgrunnlaget er for lågt dersom ein tek utgangspunkt i ferjetrafikken. Midt på 1990-talet utarbeidde vegkontoret ein prosjektrapport med grunnlag i trafikkprognosar frå SINTEF. Dei tok utgangspunkt i arbeidsplassar på kvar side av fjorden, den vidaregåande skulen i Dale og idrettshallen, og fekk eit høgare trafikktal. I 2006 vert det arbeidd med kommunedelplan og reguleringsplan der brua skal inn. Vegvesenet har utarbeidd konsekvensanalyse for tre alternativ: Dalsfjordbrua, eit nytt og kortare ferjesamband og det eksisterande ferjesambandet. Når planarbeidet er ferdig, vil kostnaden med prosjektet verta klarlagd.

Image
Utsyn frå Kringla på nordsida av Dalsfjorden mot Dale. Brua skal gå frå Otterstein på nordsida av fjorden (til høgre) til Nishamaren på sørsida (til venstre).

View from Kringla on the north side of the Dalsfjord toward Dale. The bridge is planned to be built from Otterstein on the north side of the fjord (to the right) to Nishamaren on the south side (to the left).

Datering
2005
Fotograf
Arve Ese
Eigar
Arve Ese

Positivt vedtak i Fylkestinget

I handsaminga av Handlingsprogrammet til Norsk trafikkplan (NTP) for 2006-2015 gjekk fleirtalet i fylkestinget i 2005 inn for å prioritera Dalsfjordbrua. Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Høgre oppnådde fleirtal for fullfinansiering av Dalsfjordbrua. Dei føresette at oppstart i 2009. Vegkontoret hadde prioritert riksveg 60 Olden-Innvik, då det var eit sterkt politisk ønskje om å prioritera det eksisterande vegnettet. Riksveg 60 har ein standard som ikkje står i høve til trafikken som går der, både når det gjeld berevne og vegbreidd. Faren for samanbrot er avgjort tilstades. Men denne gongen vann Dalsfjordbrua. Er så siste ordet sagt i debatten om Dalsfjordbrua?

Omkamp

Dersom Dalsfjordbrua får løyvingar frå 2009 i tråd med planane, vil brua bli bygd. Men om dette ikkje skjer, og det blir omkamp i Fylkestinget og eventuelt i Stortinget, kan det henda at situasjonen endrar seg. Slik sett kan ein seia at kampen om Dalsfjordbrua ikkje er heilt avgjort enno.

Etter at artikkelen vart skrive har Dalsfjordbrua vorte realisert. Dalsfjordbrua, ei vegbru over Dalsfjorden i Vestland fylke, har ei lengde på 619 meter, eit spenn på 523 meter og brutårna er 101 meter høge. Ho vart opna 14. desember 2013 og erstatta ferjesambandet Dale-Eikenes. Meir om dette kan du lese i NRK sin artikkel: "Laurdag opnar Dalsfjordsambandet - men vegen dit har vore lang og kronglete." 

  • Dalsfjordbrua, Prospekt over "Dalsfjordsambandet". Aksjon Dalsfjordbrua 1998.
  • Steffensen, H.P. og Fitje, Rune: Rv anlegg Eikenes-Nishamar. I Vegstubben, s. 31-33, nr. 2 og 3-1975. 
  • Dalsfjordbrua Sogn og Fjordane. Forprosjekt. Statens vegvesen 2001.