Minnesteinen vart reist i 1947 og avduka 29. august. Her er slektningar til fleire av dei som fall samla ved steinen.

The memorial stone was erected in 1947 and unveiled on 29 August. Families of several of the fallen men have assembled at the stone.

Datering
1947.
Fotograf
Johan Tveit.
Eigar
Fylkesarkivet, SFFf-97042.0095.

Minnestein i Holmedal over falne i verdskrigen 1939-1945

Seks menn frå Holmedal sokn (tidlegare Fjaler kommune, no Askvoll) sette livet til under verdskrigen 1939-1945: tre på norske handelsskip i utanriks fart, ein på panserskipet "Eidsvold" i Narvik, ein om bord på hurtigruteskipet "Irma", og ein i fangeleiren Sachsenhausen. Den 29. august 1947 vart det avduka ein minnestein over dei ved kyrkja i Holmedal.

Minnesteinen

Minnesteinen står attmed Holmedal kyrkje. Han er av mørk granitt med slipt framside, vel to meter høg og har tre innskriftsfelt. Øvst står ord frå Arne Garborg sitt dikt Offer:
Offer, offer er det store * løyndomsdjupe livsens krav. * Offer tonar frelsarordet * over dåp og over grav *
Deretter fylgjer namna i alfabetisk rekkefylgje, og nede på steinen står:
Då striden rasa på land og hav, * for fred og fridom de livet gav. * Verdskrigen 1939-1945

Image
Minnesteinen over dei seks frå Holmedal sokn som fall i krigen 1939-1945 står attmed kyrkja i Holmedal.

The memorial stone for the six from the Holmedal parish who fell in the war 1939-1945 is located beside the church at Holmedal.

Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Biografiar i verket "Våre falne"

BAKKEBØ, LARS, matros, Fjaler. Født 15. februar 1915 i Fjaler, s. av Jens Larsen Bakkebø, f. 1882, og Anna f. Eikevik, f. 1887, begge i Fjaler. Dro til sjøs 20 år gammel. På hjemtur med m/s Ronda gikk skipet i et minefelt utenfor Antwerpen 13. september 1939, og han omkom da skipet gikk ned. Omtalt i minneskrift om falne fra Fjaler.

LERPOLL, KRISTIAN OLSEN, mekanikar, Fjaler. Fødd 12. desember 1910, s. til Ole Klemetsen Lerpoll, f. 1883 i Fjaler, og Kamma Amalie f. Howe, f. i Bergen. Drog til sjøs hausten 1939 som maskinreparatør på m/s Molda, og var under krigen skyttar på m/t Sandanger. Då skipet var på veg frå New York til Belfast, vart det torpedert 12. mai 1943, og han sette livet til då han berga ein kamerat.

MONSEN, SIGURD ROLLAND, sjømann, Bruvik. Født 15. februar 1918 i Bergen, s. av Trygve Monsen f. 1894, og Olava Iversen f. Ruskedal, f. 1899 i Skien. Var innkalt til nøytralitetsvakt som utskreven dekksmann på p/s Eidsvold, og omkom 9. april 1940 da skipet ble torpedert og senket i Ofotfjorden.

NILSEN, THOMAS ANDREAS, butikkbud og dampskipsekspeditør, Fjaler. Født 19. juli 1914 i Fjaler, s. av Theodor Johan Nilsen, f. 1890 i Bergen og Karoline Johanne f. Thomasdatter, f. 1893 i Fjelberg. Korrespondansekurs. Arbeidet i Mil.org. og hadde oppdrag for Stein-gruppen. Ble arrestert 1941 og sendt til Bergen kretsfengsel, Ulven og i mai 1942 til Tyskland. Kom til Rendsburg i juli 1943, derpå til Sonnenburg i 1944. Ble dømt til 4 års tukthus, og kom til Sachsenhausen i november 1944. Døde der 22. februar 1945.

RØDBOTTEN, KÅRE, matros, Fjaler. Fødd 10. mars 1917 i Bergen, s. til Johannes Rødbotten, f. 1885 i Balestrand, og Olufine f. Baug, f. 1886 i Lavik. Var matros på d/s Irma, som sokk på Hustadvika etter to eksplosjonar, på veg frå Bergen til Kristiansund.

VÅRDAL, HÅKON, 2. styrmann, Fjaler. Født 27. oktober 1915 i Fjaler, s. av Sigurd Vårdal, f. 1879, d. 1946 s. st., og Olivia f. Vik, f. 1881. Gift 1941 i London med Karen Lyngstad, f. 1922. 1 barn. Styrmannsskole. Var på en norsk u-båt, og ble tatt til fange av tyskerne 9. april 1940. Rømte til Shetland med en fiskekutter og tok hyre på norske skip. Var fra november 1942 2. styrmann på d/s Gudvin, som ble utsatt for 6 timers bombing av tyskerne på havnen i Napoli 15. mars 1944. Han fikk nervesammenbrudd og døde 31. mars s.å.

Avdukingshøgtida

Minnesteinen vart reist i 1947 og avduka søndag 31. august med nærare 700 menneske til stades. Formannen i minnestein-nemnda, lærar og kyrkjesongar Ola Espedal, ynskte velkomen og gav ordet til domprost Kordt som heldt avdukingstalen. Han streka særleg under at deira strev ikkje var fåfengt. - Me har fått eit fritt Norge, som "med sol skal blomstre over deira grav", sa han før duken (flagget) fall.
Ordførar R. Fagerheim tala om dei falne. Han slutta med å streka under at deira innsats alltid må vera til påminning om å stå vakt om eit fritt fedreland.
O. K. Lerpold, som sjølv miste ein son, la ned kransar frå seg og dei andre heimane dei falne kom frå. Fru Astrid Alme Helle la ned krans frå Holmedal sjømannsmisjonslag, og sa mellom anna: - Desse blomane har vokse opp av den jord dei hev vakse opp. Minnesteinen skal mana oss til å halda fram med frigjeringsverket som dei døydde for. Espedal takka til slutt for frammøtet og gav steinen til Holmedal sokneråd.


Avisa Firda. 09.09.1947. Førde.
Våre Falne. Oslo 1948.