Minnesteinen
På framsida av steinen står: DESSE OFRA LIVET * I MARINEN * FOR FRIGJERINGA * AV LANDET * OVE AALEN * F. 20-7.21 * OMKOM 11-12-42 * SIGURD RØRVIK * 26-8.19 * OMKOM 26-10.44 * - IVAR UNDERLID * F. 30-6.17 * OMKOM VED LUFTÅTAK * 8-11.44
På baksida står: "Steinen er reist 1948 av folket i Vevring. Til minne om dei falne."
(Merknad: Steinen vart avduka i 1950.)
Dei omkomne i verket Våre Falne
AALEN, OVE, motorbåtførar og fiskar, Vevring. Fødd 20. juli 1921 i Vevring, son til Olav Aalen, fødd 1883, og Kathrina, fødd Thingnes, fødd 1889, båe i Vevring. Ungdomsskule, arbeidsskule, kurs i radiotelegarfi. Var under krigen maskinist, seinare radiotelegrafist på m/k "Aksel", og gjorde 17 turar over Nordsjøen i transport- og forsyningsteneste mellom Noreg og England. Sette livet til 10. desember 1942 då båten sokk i Nordsjøen.
RØRVIK, SIGURD, maskinmann, Vevring. Født 26. mars 1919 i Førde, sønn av Henrik Rørvik, født 1888, og Birgitte, født Mulen, født 1897. Arbeidet hjemme på gården og drev fiske. Flyktet til England i september 1941 og kom inn i Den norske marine. Var utskreven maskinmann på korvetten Rose, og omkom 26. oktober 1944 da fartøyet ble rent i senk av et annet skip i Atlanterhavet. Omtalt i Firda Bygdeblad 28. august 1945.
UNDERLID, IVAR, bygningssnekker, Vevring. Født 30. juni 1917 i Vevring, son av Andreas Underlid, fødd 1872 same stad, og Inger, fødd Førland, fødd 1883, same stad. Snekkerfagskole. Drev bygnings- og snekkerarbeid og fiske. Var passasjer på d/s "Framnæs", og omkom 8. november 1944 under et flyangrep på fartøyet.
Fiskarlaget i brodden for å reisa minnestein
Det var Vevring Fiskarlag som tok opp saka om å reisa ein minnestein over tre frå Vevring kommune som omkom i krigshandlingar i åra 1940-1945. Dei var alle medlemmer i fiskarlaget. Laget gjekk og i brodden for arbeidet og sette hausten 1945 ned ei minnestein-nemnd. Nemnda vende seg til alle ungdomslaga, kunngjorde tiltaket i lokalavisene og fekk i stand pengeinnsamling. Året etter var det kome inn nok pengar til å skaffa stein.
Våren 1948 var det også avgjort at steinen skulle reisast på garden ytre Ålen, nær heimstaden til ein av dei omkomne, og på ein stad med ope utsyn mot fjorden. To år etter var steinen komen på plass og klar til avduking.
Avdukinga
Avdukinga vart halden søndag 25. juni 1950 med fleire hundre menneske tilstades. Det var major Olav Kvammen som heldt avdukingstalen og stod føre den høgtidlege avdukinga. Elles var det song, og nedlegging av krans frå Forsvaret. Formannen i fiskarlaget, Ivar Hestvik, takka alle som hadde vore med og reist steinen og overleverte den deretter til Vevring kommune. Ordførar Hundvebakke tok imot, takka og uttala at kommunestyret ser det som ei heilag plikt å verna om minna om dei falne. Olav Aalen, far til Ove Aalen, tala til slutt, og bar fram ei varm takk til bygdefolket.
Om kvelden gav fiskarlaget kveldsmat til pårørande og serskilt innbedne i skulehuset i Kvammen.