Brevarket vart nytta av fabrikken i 1924. Brevhovudet inneheld bilete av fabrikkbygningane, Nyksvatnet og Trollefossen. Brevet er adressert til R. Fagerheim med beskjed om at Theodor Bjaanes ikkje kunne møta på neste skulestyremøte. Det er underskrive av Chr. M. Vestrheim.

The sheet of writing paper was used by the mill in 1924. The letterhead had pictures of the factory buildings, the lake of Nyksvatnet, and the Trollefossen waterfall. The letter is addressed to R. Fagerheim with the message that Theodor Bjaanes is unable to come to the next school board meeting. It is signed by Chr. M. Vestrheim.

Datering
1924.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Trollefos Uldvarefabrik

I over tretti år forsynte Trollefossen ved garden Engjabøen i Holmedal ein ullvarefabrikk ved same namn med straum, fram til bygningane brann ned i 1932. Tiltaket skapte arbeidsplassar, men møtte mange vanskar.

Starta opp i ei gründertid

Aksjeselskapet Trollefos Uldvarefabrik vart skipa i 1898, i det som må karakteriserast som ein veldig vekstperiode for industrien i Dalsfjordområdet. På omtrent same tid kom teglverka i Vårdal og på Helle, kloggefabrikken i Dale og smørfabrikken "Flora" i Holmedal. Bergensaren Johan Jenssen, som då budde på Holmedal gard, hadde ein finger med i spelet ved skipinga av dei fleste av desse tiltaka, likeins i Trollefos Uldvarefabrik. Han fann investorar som var viljuge til å satse, og vassrettane i fossen og fabrikktomt vart kjøpte.

Image
Johan Jenssen, fødd i Bergen i 1868, kjøpte i 1890 garden Holmedal. Han var utdanna agronom. Jenssen bygde nye hus på garden og dreiv med nydyrking. Det er likevel som gründer han er mest kjent i dette området. Han var med å skipa Trollefos Uldvarefabrik, Helle Teglverk, smørfabrikken "Flora" og hadde i tillegg interesser i Dale Kloggfabrikk.

Johan Jenssen, born in 1868 in Bergen, bought the farm of Holmedal in 1890. He had attended agricultural college. Jenssen had new houses built on the farm and cultivated more land. But he is best known as a venture capitalist in this area. He was involved in the establishing of the woollen mill of Trollefos Uldvarefabrik, the Helle Teglverk (brickyard), the dairy "Flora", and had also invested in the Dale Kloggfabrikk (clog factory).

Datering
1900 - 1905.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Kjell Eikemo / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Produksjonen

Året etter var fabrikken komen under tak og produksjonen kunne ta til. Vevstolar, spinnemaskiner, strikkemaskin og kardesett vart leverte frå Tyskland. Lokale bønder leverte ulla, i tillegg til tilsette agentar som reiste rundt og kjøpte opp ull og filler. Det vart laga dresstøy, kjoletøy, ullteppe, strikkegarn, filleryer, golvteppe og vatteppe. Fabrikken hadde eige utsal på kaien i Holmedal, og eigen arbeidarbustad på Engjabøen med rom til fire familiar. Elles hadde mange arbeidarar lang veg - nokre kom roande over fjorden kvar dag.

Image
Eit bilete av ekspedisjonskaia i Holmedal. Steinsetbutikken, Bjørnestadhuset med flagg og lageret til Trollefoss ullvarefabrikk.
Fotograf
Paul Stang
Lisens
CC-BY

Ein farleg arbeidsplass

Arbeidsmiljøet var, som i dei fleste andre tekstilfabrikkar på denne tid, lite påakta. Maskinane støya fælt og arbeidarane var dårleg skjerma mot tromlar og valser. Fleire gonger hende det at dei tilsette sette fast fingrar og hender.

Vanskar frå første stund

Ullvarefabrikken ved Trollefossen viste seg å verte eit ulukkeleg økonomisk prosjekt. Alt før produksjonen kom i gang, laut ein gå til inkasso for å drive inn midlar frå aksjeeigarar som ikkje hadde betalt inn det dei skulle. Berre etter få år laut fabrikken falby varene sine for å få inn til lønsmidlar. Periodevis var avsetnaden betre, men utetter på 1920-talet vart situasjonen svært vanskeleg, og i 1923 vart selskapet slått konkurs. Drifta vart likevel halden i gang av eit nytt selskap. Så hende den store ulukka ei aprilnatt i 1932. Sjølve fabrikklokalet brann då ned til grunnen. Bøtter og slangar låg inne i fabrikklokalet, og det var difor lite ein kunne gjere for å sløkkje brannen.

Ullvarefabrikken vart sidan ikkje bygt opp att. Maskinane vart selde til skrapjern, og fabrikkområdet har sidan vorte stadig meir tilgrodd.

Image
"Gruppe fra Trolfossen, Søndfjord" er teksten øverst til venstre på biletet. I alt 30 personar - 17 menn og 13 kvinner - med tilknyting til ullvarefabrikken.

"Party at Trolfossen, Søndfjord" is the text in the upper left corner of the picture. The 30 persons - 17 men and 13 women - were employees at the woollen mill.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fjaler sogelag.


Eikemo, Kjell: Ein som skapte liv og rørsle i ei still sunnfjordbygd. I: Sogeskrift for Askvoll nr. 12. Askvoll 1999.
Grane, Leif: Trollefos Uldvarefabrikk. I: Sogeskrift for Askvoll nr. 7. Askvoll 1994.
Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.