Vegen Askvoll-Stongfjorden var heilt ferdig i 1947. Tettstaden Askvoll ligg på ei halvøy. Ein noko spesiell fjord byrjar med Askvika ved Askvoll, går i aust, bøyer rett nord gjennom ein grunn straum (Straumen)og held fram i dei breiare stykka av fjorden, Leira og Kyllaren. Frå nord går ein arm av Stongfjorden rett sør til eit lågt eid mellom Eidsfjorden og Kyllaren. Stongfjordvegen fylgjer desse to fjordane.

The road Askvoll-Stongfjorden, was complete in 1947. The centre of Askvoll is on a peninsula. A somewhat unusual fjord starts at Askvika near Askvoll, runs eastwards, bends straight northwards through a shallow sound (Straumen), and goes on with the wider parts Leira and Kyllaren. From the north, a part of the Stongfjord runs straight southwards to a low isthmus between the Eidsfjorden and Kyllaren. The Stongfjord road is built along these two fjords.

Veg mellom Askvoll og Stongfjorden

Stongfjorden var ein av dei første industristadene i Sogn og Fjordane, med den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia. Industribygginga byrja i 1897, og skjedde parallelt med utbygginga i Vadheim. I 1906 bygde BACO (British Aluminium Company) den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia her. Først i 1946 fekk Stongfjorden vegutløysing til kommunesenteret Askvoll.

Askvoll-Stongfjorden

Askvoll-Stongfjorden var planlagt i siste del av 1800-talet. I 1893 fekk Askvoll fylkestilskot til ombygging av Strømsbrua i Askvoll, som ein del av anlegget. Første del av veg mellom Askvoll-Stongfjorden var med i vegplanen av 1907. I 1910 søkte Askvoll om at anlegget måtte påskundast, då det var komme fabrikkverksemd i Stongfjorden. Det gjorde det naudsynt med veg. Men fylkestinget fann ikkje at dei kunne flytta det fram.

Anlegget fekk ikkje vanleg løyving før i 1935-36. Stongfjorden (Gjerde)-Stafnes vart bygd for naudsmidlar i 1921-22 og 1924-25, og avlevert i 1927. I siste halvdel av 1930-talet vart Stafnes-Størdal bygd. Parsellen Størdal-Søreide vart avlevert i 1947, og mellom Søreide-Ringstad var det samstundes vegutbetringar. Vegen mellom Askvoll og Ringstad var ein gammal veg.

Vegarbeidarar på anlegget Askvoll-Stongfjorden i krigsåra 1940-1945. Frå venstre: Dagmund Vårdal, Konrad Grimelid, Artur Hatlem, Bernhard Midtbø, oppsynsmann Sigurd Hovland, Sigvald Dørhellen, (?), Andres Oliver Skei, Andreas Ask, (?).

Road workers on the project Askvoll-Stongfjorden during the war years 1940-1945. From left to right: Dagmund Vårdal, Konrad Grimelid, Artur Hatlem, Bernhard Midtbø, the supervisor Sigurd Hovland, Sigvald Dørhellen, (?), Andres Oliver Skei, Andreas Ask, (?).

Datering
1940-1945
Fotograf
Ukjend
Eigar
Kåre Hovland

Arbeid under krigen

Under andre verdskrig var det ein del viktige veganlegg som tyskarane forserte. Det gjaldt Totland-Måløy, Førde-Florø, Årdalstangen-Årdal. Ein del av dei ordinære veganlegga var og delvis i gang, som til dømes Leikanger-Hella, Osen-Dale, Vetlefjorden-Tjugum og Stongfjorden-Askvoll. Under krigen var det ei tid tunnelarbeid i Eidsfjorden. Etter eit opphald byrja dei på nytt i februar 1945, og gjennombrotet mellom Stongfjorden og Askvoll kom i 1946.

Her ser vi den første bussen i Askvoll. Biletet er teke eingong i løpet av 1948-49. Sjåfør var Toralf Vie. Firda Billag hadde i 1946 ansvaret for rutetrafikken i Dalsfjorden og ytre Sogn, og då vegen kom vart det sett opp dagleg rute mellom Askvoll og Stongfjorden.

The first bus at Askvoll. The picture was taken some time around 1948-49. The driver was Toralf Vie. Firda Billag (motor company) had since 1946 been responsible for the bus service in the Dalsfjord area and western Sogn, and when the road was built, there was a scheduled daily service between Askvoll and Stongfjorden.

Datering
1948-49
Fotograf
Ukjend
Eigar
Firda sjåførforening. Statens vegvesen Region Vest

Ein "actionprega" kvardag

Albert Nistad frå Dale arbeidde hausten 1944 med muring like nord for tunnelen i Stegaberget i Eidsfjorden. Han fortel at han ein morgon, då han kom på arbeid, såg at ein tysk konvoi hadde søkt tilflukt i Eidsfjorden. Like før klokka 12.00 høyrde dei flydur, og søkte ly i tunnelen. Han seier at det vart eit inferno av skyting, og at det kanskje var så mykje som 37 fly i lufta. Eitt av flya vart treft og hadde kurs for tunnelen. Det landa rett i sjøen nedanfor og eksploderte. Tyskarane forsvann, men nye båtar dukka opp seinare. Eit av skipa vart bomba av eit fly som kom ned fjellsida. Skipet flakna frå kvarandre og sokk etter kort tid. Vegarbeid var altså ikkje heilt ufarleg i dei tider.

Til Askvoll med båt

Turen mellom Stongfjorden og Askvoll var ikkje gjort i ei handvending før vegen kom. Nokre "rodde under Eidet", inn Eidsfjorden, og gjekk om garden Fristad. Andre hadde motorbåtskyss ut Stongfjorden og sør gjennom Granesundet. Industriverksemda BACO heldt ein større skyssbåt, "Stangfjord".

Til Askvoll til fots

Nokre valde å gå den lange vegen. Då Ytre Fjordane Kraftlag på byrjinga av 1920-talet bygde kraftlina mellom Stongfjorden og Askvoll over Eidsfjordfjellet, sette dei opp to sterke, impregnerte stigar på dei brattaste hamrane. Det førekom og at dei aller sprekaste drog med seg sykkel opp stigane for å nytta seg av dei bitane av vegen som alt var ferdige. Dei måtte då gå eit kort stykke på fjellet over Lynghogen. Ein av stigane står der enno. På vegen som kom i 1946 er det to tunnelar: Stegabergtunnelen og Lynghogtunnelen. Den første fekk namnet sitt etter stigane.

Her ser vi nokre gutar som gjekk på snikkarskule i Holmedal. Ein søndag tok dei turen over fjellet til Stongfjorden, saman med nokre jenter. Dei fekk skyss tilbake med ein lastebil. Bak ser vi Stongfjorden Samyrkelag. Biletet er truleg teke like etter at vegen var ferdig.

Some boys who went to carpentry trade school at Holmedal. One Sunday, they hiked across the mountain to Stongfjorden, accompanied by some girls. They were transported back on a lorry. In the background is Stongfjorden Samyrkelag (cooperative). The picture was probably taken a short time after the road was finished.

Datering
Etter 1946
Fotograf
Johan Furstenberg Tveit
Eigar
Johan Furstenberg Tveit

Ein del av Kyststamvegen (ytre rute)

Ruta, som den gongen vart kalla hovudvegrute 600, var ein del av Kyststamvegen, som gjekk frå rv 570 ved Flekke til Tysse-Holmedal-Ringstad-Stongfjorden, Ålen-Vevring-Eikefjord, Grov, Straumsnes-Svelgen, Bortne, Elde, Bryggja, Maurstadeidet. Dei fleste vegpartia av denne planlagde kystvegen var enno ikkje opparbeidde.

  • Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
  • Helland, Amund: Topografisk-statisktisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. del II, Kristiania 1901.
  • Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
  • Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
  • Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
  • Nistad, Albert: Krigshandlingar, vegarbeid og daglegliv. I Vegstubben, s. 11, nr. 2-1995. 
  • Malmfrid Stang, Stongfjorden