Det byrja med ein gangsti
I 1844 vedtok kommunestyret at det skulle opparbeidast ein gangsti frå Holmen til Ytre Ese og frå Tjugum til Hjelseng nær Esebotn. Arbeidet skulle gjerast av gardane frå Lunde og rundt Esefjorden. Dei skulle byrja vegarbeidet 30. oktober same året og halda fram til 3. november. Alle mannfolk skulle vera med, "Huusmænd, Strandsiddere, Løskarle samt Inderster." Vegarbeidet vart ikkje lagt inn under veginspektøren slik det var vanleg. Arbeidet vart i staden leia av lærar og klokkar Hans Flesje.
Krav om køyreveg til Ese
Krav om køyreveg til Ese kom i 1892. Balestrand Samtalelag (ungdomslaget) hadde fleire møte for å påverka kommunestyret til å setja i gang vegprosjektet. I møtereferatet frå 25. mars står det: "Aar 1888 den 25. Marts inledede skrædder Anders Ese et ordskifte om prosjekterede Veilinje mellem Balholm og Gaarden Ese. Uteksamineret sergeantelev Sten Sværen ledede Samtalen der gav ret lyse Utsigter for prosjektets Virkeliggjørelse".
Seinare vart det sett ned ein komite for å sjå på saka. Dei håpa å få støtte til 2/5 av kostnadene. Resten skulle grunneigarane betala. Grunneigarane i Ese var drivkreftene bak vegkravet, men også andre i bygda var med. Dei lova å støtta vegen dersom han ikkje vart til mein for " Bufar- og Reislevei" (kløvveg) til Esebotn og opp til Langedalen. Dette vart truleg kontraktfesta. Langedalen var eit godt beiteområde, og stien inn til Langedalen gjekk opp Yglebotn i Esebotn.
Esefjordvegen på prioriteringslista
På eit allmannamøte i Balestrand 20. mars 1892 vart det valt ein komite som skulle senda ein søknad til kommunestyret. Dei kravde at veg til Ese måtte koma før andre prosjekt. Kommunestyret handsama søknaden 30. mai 1892 saman med tre andre søknader om bidrag til nye veganlegg. Den eine søknaden var "Skeide bro-Skarestad" i Fjærland. Den andre galdt veg mellom "Ytrenæset og Tvet" på Vangsnes, og den tredje søknaden galdt skuleveg frå Dale til Farnes. Kommunestyret fatta følgjande vedtak: "ved votering blev det med 19 mod 5 stemmer besluttet at veien Skarestad-Skjeie bro og Balholmen-Ese bliver først at oparbeide."
Offentleg vegarbeid
Like etterpå vart vegen stukken og kostnadsrekna av vegvesenet. Veglengda frå Balholm til indre Ese var 2,5 km. Vegen vart kostnadsrekna til 7.100 kroner, og kommunen tok på seg 1/5. Det var då føresett at fylket skulle gi ei tilsvarande løyving. Grunneigarane skulle ta 3/5 ved å gje fri grunn og grus, og dei skulle elles stå inne for "Skade uden for Veilinjen". Det var snakk om to liner. Ei nedre line vart vald av dei ho var flatare, sjølv om ho var dyrare. Vegbygginga skulle utførast i regi av det offentlege, på akkordbasis, der grunneigarane hadde førsterett til arbeidet.
Mange støtta vegkravet
Dokteren i bygda, Oscar Vogt, hadde i 1892 vore med og skipa Sogns Turistforening. Han var ein av pådrivarane for vegen, saman med hotelleigar. Men også bygdefolket støtta vegen. Ei bidragsliste som sirkulerte i bygda før arbeidet tok til, fekk 42 underskrifter. Alle forplikta seg til å støtta vegen anten gjennom vegarbeid eller med pengar. Dei teikna seg til vegarbeid på ulikt vis. Det kunne vera "3 dagar med mand pr. aar", "2 dagar med mann og hest" eller kontantbidrag frå 2 til 33 kroner. Ikkje alle betalte. Det var 1260 kroner uteståande. Hotelleigar Ole Kvikne tok over lista, og dei fleste betalte skulda si etter kvart. Han såg truleg vegen som ei utviding av dei tilboda hotellet kunne gi turistane. Vegarbeidet var ferdig 6. juli 1895. Den dagen var det fest i Ese.
Vegkrav frå Tjugumsida
I 1907 bad oppsitjarane på Tjugumsida om at fylkesingeniøren skulle stikka ei vegline frå "Tjugum Baadstø" til Esebotn. Det heitte i brevet til kommunen at "Vegen er sterkt paakrævet baade som skole- og kirkevei og især om vinteren, da det i inderste del av fjorden ved Hjelseng, Kvalheim og Skrenes ligger hyppig menis, der i lange perioder stænger for baat."
Gardane hadde i tillegg bruksinteresser og jord i Esebotn. Her var dyrkbar mark, gode beitemarker og ein svært god geitesti. Både Grøneng og Gjerde hadde stølar i Esebotn. Den 8. april 1910 var saka på nytt oppe i kommunestyret, som løyvde 1500 kroner. Bøndene ville at den skulle opparbeidast privat. Kvar grunneigar skulle opparbeida sitt vegstykke utan direkte tilsyn av vegvesenet. Det var ein føresetnad at vegen skulle godkjennast av vegvesenet før fylket gav løyvingane. Vegbreidda var og noko mindre enn vanleg, med 2,20 m i staden for 2,50 m. Det var kalkulert med 2500 kroner som fylkesbidrag.
Fylkesingeniør Borch skeptisk
At vegen skulle opparbeidast utan oppsyn frå vegvesenet, vekte sterke motførestillingar hjå fylkesingeniøren. Han var usikker på om kvaliteten på arbeidet ville vera god nok når vegarbeidet vart gjort utan offentleg tilsyn. Ekstrakostnadene for kommunen gjorde at saka måtte opp i kommunestyret på nytt. Saka vart handsama 1. februar 1912. Sjølv om det nok var litt murring om ei ekstra løyvinga på 1000 kroner, stemte 20 for og 4 imot. Det som skapte strid, var likevel kor lang tid det skulle ta før dei løyvde pengane skulle utbetalast. Resultatet vart at utbetalingane skulle ordnast med 100 kroner årleg. Etter fire års hardt arbeid var den 3,5 km lange vegstubben ferdig. Den offisielle avleveringa av vegstykket Tjugum bryggje - Esebotn var 23. august 1916.
Veg rundt fjorden
Til no hadde det vore snakk om lokal vegutløysing for Esegardane og til jordbruksområde i Esebotn. I 1915 byrja arbeidet for ein samanhengjande veg rundt fjorden. Denne vegbiten vart opparbeidd frå 1915 til 1928. Anders Gjerde var ein pådrivar i arbeidet. Vegstykket var ikkje lenger enn eit par hundre meter, men det gjekk fleire bekker i området og ei elv som mest kvart år fløymde over. Vegarbeidet var difor krevjande. Til tider hadde dei fire hestar med i arbeidet. To av desse var skysshestar frå Aurland som var utlånt til vinterbruk i Gjerde. Vande vegarbeidarar i kommunen, som Magnus Lunde, Lars Teigen, Karl Ese og Ivar Hjelseng med fleire, sytte på slutten av arbeidet for at skråningane og grusinga av vegbana var i orden. Årsaka til at dei no nytta erfarne vegarbeidarar var at dei tidlegare vegstykka hadde fått kritiske merknader nettopp til skråningane som vegvesenet meinte ikkje heldt god nok standard.
Siste etappe: Ese-Esebotn
Arbeidet med siste etappen mellom Ese og Esebotn byrja i 1921. I motsetnad til dei andre parsellane vart denne bygd i offentleg regi, og mange av bøndene i bygda tok seg akkordarbeid. Men erfarne vegarbeidarar var og med. Mellom anna var det eit akkordlag frå Lavik, og eit frå Hafslo. Arbeidet vart i hovudsak gjort med handemakt, men ei tid hadde dei ein mann med bulldosar innleigd frå Sogndal.
Ein lett akkord
Dei siste 30 metrane vart litt spesielle. Ivar Tjugum hadde teke på seg arbeidet og hadde med seg vegarbeidar Magnus Lunde. Tidleg ein morgon var dei på plass med hest. Esekarane hadde og møtt opp for å sjå på, noko Tjugumbonden likte dårleg. Han sende ein merknad om at "bortaføringadn", som dei på Tjugumssida vart kalla, måtte til for at dei i Ese skulle få veg. Dette likte Esekarane dårleg å høyra. Dei treiv spade og hakke og tok til med arbeidet dei og. Men det dei ikkje visste, var at akkorden var utsett på vanleg måte. Det var ikkje dugnadsarbeid, slik dei trudde. Magnus Lunde sa i ettertid at det var den best betalte akkorden på heile vegen rundt Esefjorden.
Friluftskafe
Vegen vart overlevert den 7. desember 1929. Alt 9. april same året vart det danna eit skysslag med 25 hestar som skulle skyssa folk rundt Esefjorden frå Balholm til Tjugum, ca 7 km. Hotelleigar Sigurd Kvikne var ein av initiativtakarane til skysslaget. Han kjøpte inn ein Landauer frå Paris, men hjula var ikkje laga for norske grusvegar, og bilen var heilt ubrukeleg etter ei stund. Dei hadde og ei Vossakjerre for to personar og seinare ei norskbygd trille for fire personar. Prisen for ein tur rundt Esefjorden var kr 2,50 per person med vossakjerra, og med Landaueren kosta det ti kroner. I 1926 bygde Ingeborg og Jensi Haugland frå Bergen ein kafe i Esebotn, "Esebotn Sæterhytte". Ho stod like over vegen mellom Hjelseng og Esebotn med utsikt mot Ese. Dit skyssa dei turistane. I 1933 vart kafeen flytta dit den står i dag, ved Ese. I 1937 vart huset utvida til pensjonat for 30 gjester. Turisttrafikken dit var såleis stor.
Skirenn
Vegen var svært godt eigna når bygda skulle ha sitt årlege skirenn. Det første skirennet i konkurransenEsefjorden rundtvar 1. mars 1931. Ski kunne dei kjøpa hjå treskjerar Høyvik, som laga furuski for 10 kroner paret. Skirennet starta frå Tjuabryggja. Dei som kom frå Holmen vart skyssa over i båt. Det var 14 deltakarar i 1931. Løypa gjekk etter vegen, over issvullar og hestelortar. Dei som smurde med tjøre var nok ikkje så blide på hesten. Målet var sentrum i Holmen.Esefjorden rundtpå ski heldt truleg fram til slutten av 1950-åra. Då byrja trafikken å ta seg opp, samstundes som ustabile snøvintrar gjorde det vanskeleg å arrangera rennet.