Villaen til James Livesey, "Villa Lorna", sett frå sjøen.

James Livesey's villa, 'Villa Lorna', seen from the sea.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Arne Melkild.
Eigar
I Kunstnarliv.

Villa Lorna

Villa Lorna er den einaste av sveitservillaene i Balestrand som ligg på oppsida av bygdevegen. Men vegen til fjorden er kort, og utsynet mot Sognefjorden er kanskje på sitt aller vakraste nett her. Det var ein engelsk ingeniør, James Livesey, som bygde Villa Lorna. Han hadde reist kring i verda og bygd jernbaner. 74 år gamal slo han seg ned i Balestrand sommarstid.

Frå skuletomt til sommarbustad

I 1882 fekk Balestrand kommune skøyte på bruk nr. 3 under garden Sande. Den faste skulen for sentrum vart no flytt frå Vellene til Sande. På Vellene hadde den vore samlokalisert med lærarskulen. I 1905 stod den nye skulen på Sjøtun ferdig. Balestrand kommune selde no eigedommen til den engelske sivilingeniøren James Livesey.

James Livesey

James Livesey (1831-1924) var frå Preston i England. Livesey var utdanna sivilingeniør, og var særleg kjend som jernbanebyggjar. I dei fleste høve leia han større prosjekt, og han sette jernbanespor etter seg mellom anna i Spania, Argentina, Peru, USA, India og Egypt. Det var fyrst på sine eldre dagar at Livesay skaffa seg eigedom i Balestrand. Då han fekk skøyte, var han 74 år gamal. Byggmeister var A. Korsvoll frå Eivindvik, og huset fekk namnet "Villa Livesey". I 1928 vart villaen ein del ombygd innvendig. Tårnet var heller ikkje med opphavleg, men hadde vorte bygt nokre år tidlegare. Livesay var truleg i gang med bygginga før han fekk skøyte på dette bruket. I 1904 kjøpte han bruk nr. 13 av Per Kristenson Fjærestad for 1062 kroner. Det er noko uklårt kva årstal villaen vart bygd, men truleg var det kring 1904 eller 1905. I 1905 fekk Livesey, som utanlands statsborgar, rett til å ha eigedom i Noreg.

Image
Huset framme midt i biletet er villaen som James Livesey bygde kring 1905. Me ser korleis huset, stranda og kaien danna ein viktig heilskap. Naustet høyrer òg til eigedommen og det var her Normann hadde den vakre båten sin. Han hadde òg ein vakker nordlandsbåt som var eit syn på Sognefjorden i stille sommardagar.

The house in the centre of the picture is the villa built by James Livesey around 1905. We can see how the house, the beach and the pier made an entirety. The boathouse also belongs to the property and this is where Normann kept his beautiful boat. He also owned a beautiful "Nordlandsbåt" which looked spectacular on the Sognefjord on calm summer days.

Datering
1954.
Fotograf
Telemark Flyfoto.
Eigar
Johan Ottesen.

Anna Lorna Bellew

Livesey hadde ei selskapsdame eller hushaldar som kom frå England. Ho heitte Anna Lorna Bellew. I 1909 vart ho gift med Hans Andreas Dahl, son til kunstmålar Hans Dahl. I 1919 fekk ho skøyte på eigedommen. Anna Lorna hadde då vore enkje om lag eit halvt år. Hans Andreas og Anna Lorna budde i Wimbledon i England, men var på besøk om somrane. Under 1. verdskrigen flytte dei til Noreg og hadde atelier på Voksenkollen Sanatorium. Under ein brann der fekk Hans ein sjukdom og døydde i 1919. Hans Andreas hadde truleg inga formell utdanning som kunstmålar. Han gjekk i lære hjå faren og måla liknande motiv som han. I 1980-åra har målarstykke av Hans Andreas Dahl vorte selde for over 200 000 kroner.

Walter Normann

Lorna gifte seg opp att med ingeniør Walter Normann frå Tyskland. Han var yngste son til kunstmålar Adelsteen Normann som hadde villa på Sjøtun. I 1925 kjøpte Walter bnr. 20 av Arne I. og Sigrid Thue og la det til eigedommen. Staden vart mest nytta til feriebustad. Walter var sivilingeniør og i mange år var han direktør for nokre gullgruver på Sumatra. I Balestrand fann han sin stad, og då han døydde, vart oska hans strødd på Sognefjorden mellom Vangsnes og Balestrand.

Walter Normann hadde båten "Djadjanja" med Hermund Haugen frå Bruhjell som fast båtførar. I slutten av 1950-åra var båten eit fast syn på Sognefjorden. Hermund var visst ein tolsam mann, men ein gong kvesste han i til sjefen sin og sa at han måtte ikkje tru at han no hadde med sumatraslavar å gjera. Etter Lorna og Walter tok borna over villaen. Eric Anthony Bellew Dahl og kona Constanse fekk skøyte i 1950. Dei budde i London og nytta staden berre om somrane. I 1978 vart eigedommen seld på auksjon.

Hermund Haugen var fast båtførar på "Djadjana", båten til Walter Normann. Kvar dag heile sommarsesongen var Haugen å sjå i Holmen. For det meste låg båten i Esefjorden med passasjerar og fiska makrell.

Hermund Haugen was skipper on Walter Normann's boat 'Djadjana'. Haugen could be seen in Holmen every day in the summer. Most of the time, the boat brought passengers to the Esefjord where they used to fish for mackerel.

Datering
1920-1940.
Fotograf
Ukljend.
Eigar
Sverre Eithungjerde / Fylkesarkivet, SFFf-90039.0013.

På lokale hender

I 1978 kjøpte Nils og Jenny Ese eigedommen, og seinare hadde sonen Tage huset. Han selde vidare til Jorunn Eitungjerde frå Balestrand og mannen Cornelius Echter von der Leyen frå Tyskland. Dei og borna Unn Christina og Bjørn, budde fast i huset fram til 2001 då dei flytte attende til Tyskland. 
Nils Ese fyllte ut fjøra nedanfor Villa Lorna slik at stranda fekk den forma ho har i dag med grøn plen utover mot fjorden. Frå gamalt av gjekk fjorden like inn til vegen og det var ei vakker bryggje frå vegen og utover mot fjorden. Slike bryggjer var det på alle villaene innover mot sentrum. Alle villaene vende mot fjorden.

  • Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand 1991.
  • Intervju med eldre folk i Balestrand.