Bedehuset Betania i Stryn. Huset vart påbygt i 1992.
Datering
2013
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Bedehuset Betania i Stryn

«Det har vore eit nyttig hus for bygda». I 2003 gav lærar Anna Skrivervik, fødd 1925, ut sjølvbiografien Tilbakeblikk. Ho stoggar også ved bedehuset Betania, bygd 1907. Både bestefaren, Anders Årheim, og faren, Rasmus Tonning, var føregangsmenn i bedehusarbeidet, og Anna Skrivervik har sjølv hatt sin plass på bedehuset. Denne artikkelen presenterer noko av det som står om bedehuset i boka.

Bakgrunn og bygging

Bedehusa høyrer til lekmannsrørsla som byrja med Hans Nilsen Hauge. Guds Ord vart etter kvar forkynt andre stader enn i kyrkja, og av andre enn prestar. Lekfolk heldt møte, i heimar og skulehus. Mange stader vart det vekkjingar. Folk strøymde til, og møteromma vart for små. Kristenfolket tok til å organisera seg, i lokalforeiningar og større samskipnader. Og dei tok til å byggja sine eigne forsamlingshus, bedehus, ofte med fleire møterom, storsal og vetlesal, galleri og kjøken. Det fyrste bedehuset i Sogn og Fjordane kom i Lærdal før 1872. Ved århundreskiftet 1800/1900 fanst det seks bedehus i fylket, i Lærdal, Førde, Vik, Sogndal, Luster og Stryn. I 1920 var talet nærare 30. Bedehuset Betania i Stryn høyrer såleis med til dei eldste. Anna Skrivervik fortel:

«På Nordfjordeid bygde dei i 1905 soldatheim som seinare vart bedehuset Betania. Anders Årheim reiste til Nordfjordeid og tok kontakt med dei som stod for dette arbeidet. To år seinare kom dei til Stryn og sette opp vårt Betania. Dei ansvarlege hadde då vore i skogen og skaffa den materialen som trongst. Korleis dei elles ordna økonomien, veit vi ikkje. Det er ikkje funne noko nedskrive om dette. Betania vart innvigd 9. oktober 1907 der kyrkja sine menn var sentrale. Det var sokneprest Farnes og prost Prydz.24.02.1925»
Merknad: Betania var i bruk som militært velferdshus til kring 1920.

Image
Parkeringsplass like ved bedehuset viser på sin måte at bedehuset står midt i Stryn sentrum.
Datering
2013
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Image
Den eldste delen av «Nye Betania», stod ferdig i 1907.
Datering
2013
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Notat om bedehuset i 1925

Boka Tilbakeblikk har med eit interessant notat om bygginga av bedehuset. Det er datert 1925 og skrive av Peder L. Sunde (1850-1936) frå Stryn. Han var bonde, lærar og politikar, og svært interessert i historie. Notatet er attgjeve slik det står i boka, men med mellomtitlar innsette her.

Anders Årheim - føregangsmann

edehuset Betania ble oppført i året 1907. Trangen til et eget forsamlingshus gjorde seg tidlig gjeldende særlig inden misjonsforeningene. I førstningen hadde man adgang til å benytte skolehusene både til oppbyggelse og misjonsmøter. Men da dette til sist ble nektet på grunn av sanitære hensyn, ble trangen til eget forsmlingshus enda meir følelig.

Forståelsen av hvilke betydning det vilde være å eie et hus som man til enhver tid uhindret kunne disponere over, ble mer og mer levende. I denne forbindelse bør nevnes en mann som omfattet denne sak med den varmeste og meste levende interesse, og som sammen med andre menn ga støtet til oppførelsen av bedehuset Betania. Det var gårdbruker Anders Årheim, en varmhjertet misjonsmann, vel kjendt inden Nordfjord Fellesforening [for indremisjonsforeiningar, av hvis bestyrelse han en årrekke hadde vært virksomt medlem.

Han fikk med gårdbruker Kristen F. Tonning, og disse to gikk i gang med arbeidet. Nå kom det fart i tingene. På fem dagers tid hadde de sikret seg de fornødne pengemidler og formådd en av gårdbrukerne på Tonning til å avstå fri grunn til byggetomt på et sentralt sted i kretsen tett ved hovedveien.

Bygd på kort tid

Så ble der foretatt en reise til Nordfjordeid som resulterte i at der ble sluttet bygningskontrakt med den derboende byggmester Karlsen. Murarbeidet begyntes straks, og da muren var ferdig, og byggematerialene komne på plass, var også hr. Karlsen på plassen med sin dygtige stab. Under hans kyndige ledelse skred arbeidet raskt og sikkert frem, og i midten av august måned 1907 stod huset reist og i full ferdig stand.

Vigsla om hausten

en 9. okober samme år ble huset innviet av prost Prydz. Sogneprestene Farnes og Revers var også tilstede samt fire tilreisende emissærer. For overfylt hus talte Prytz over Rom. 1. 16-17. «Jeg skammer meg ikke over Kristi evangelium .. osv». Presten holdt en særdeles opbyggelig innvielsestale, Huset, som fikk navnet Betania, er et av samme størrelse og bygningsstil som soldaterhjemmet på Nordfjordeid.

 «Aldrig rygges hvad som bygges,
hvad som bygges paa Herrens grunn.
Stormen suse, bølgerne bruse,
bølgerne bruse forgjeves kun.!

 Merknad: Betania var i bruk som militært velferdshus til kring 1920.

 Nye Betania – til nytte for bygda

Eit fellestrekk ved mange bedehus bygde på første halvdel av 1900-talet, er at dei frå 1960 og utover vart moderniserte. Somme vart rivne og erstatta med nye, andre vart påbygde. Skrivervik fortel at Betania-folket kring 1970 tenkte på å utvida huset, men fleire ting gjorde at arbeidet ikkje kom i gang før på slutten av 80-talet.

 «Mot slutten av 1980-åra vart det klart at kommunen kunne avstå areal til utviding av Betania, og Rut Langset Loen gav frå seg eit lite areal ho åtte sørvest for Betania. Dermed var tomtespørsmålet løyst. Ein fekk byggeløyve utan vanskar. Ein hadde lenge spart pengar med tanke på bygging, og det var gode renter i banken. Ein startkapital på 4-5 hundre tusen stod klar. Ein innsamlingsaksjon gjennom «Kyrkjeklokka» [kyrkjelydsblad] gav like mykje.

Arbeidet vart for ein stor del utført på dugnad. Arbeidsleiar var Asbjørn Alden med god hjelp av veteranen Arne Bøe og fleire andre. Elevar frå tømrarlinja p Stryn vidaregåande skule var og med. Nybygget var under tak til juli 1991, men nyttårsstormen 1992 gjorde litt skade og tok m.a. mønet. Utearealet kom i stand til 17. mai 1992. Den nye delen av huset kunne brukat om hausten, men sjølve innvigjinga var først 25. september 1993. Då vart det dekka til 200 menneske med rømmegraut og spekemat, bløtkake og kaffi. Biskopen sende helsing, prest, ordførar og mange andre helsa og gratulerte med det vakre bygget som stod ferdig utan gjeld.

Det har vore eit nyttig hus for bygda, Prest og sokneråd, lag og organisasjonar gjer seg nytte av det. Den koselege stova høver godt til styre- og foreiningsmøte. Nyesalen kan ein slå saman med den gamle, og det blir då plass til middels store forsamlingar og basarar, Husleiga ligg på eit rimeleg nivå, og det kjem vel med for mange.

Image
Framsida på boka Tibakeblikk av Anna Skrivervik (2003).
Datering
2003
Fotograf
Faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

 

 

 


Skrivervik, Anna: Tilbakeblikk. 2003.