Ospeneset med innseglinga til Gulen-fjordane. Til venstre gardshuset der den tyske batteri-sjefen hadde sitt kvarter. Til høgre ei av tre stillingar til hovedskytset.

Ospeneset at the entrance to the Gulen fjords. To the left, the farmhouse used by the German battery commander. To the right, one of the three gun positions.

Datering
1992.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Krigsminne på Ospeneset

Hausten 1941 var tyske offiserar på synfaring på Ospeneset. Ved nyttår 1942 måtte folk i området flytte frå gardsbruka sine, og like etter starta byggearbeidet.

Tropp Aspenes

Formålet med anlegget var kanonar som kunne forsvare innseglinga til Gulen-fjordane. Spesielt viktig var Nordgulen som førde inn til smelteverket i Svelgen, men fjordane var også ankringsplass og samlingsstad for tyske konvoiar. Namnet på anlegget var tropp, på tysk Zug, og var underlagt batteriet på Gottraneset ved Skarstein. Troppen skulle avløyse to kanonar som hadde stått på Sande ved Svelgen sidan våren 1941, og i august 1942 var troppen på Ospeneset klar til strid. Det vart ikkje lagt ut miner her, og området vart rydda og frigitt straks etter krigen.

Image
Stilling for tysk 2 cm luftvernkanon (Flak).

Position for a German 20mm anti-aircraft gun (Flak).

Datering
1992.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Fakta om troppen på Ospeneset:

  • Tysk namn på fortet : HKB 4./981, Zug Aspenes.
  • Mannskapsstyrke : 73 befal og menige soldatar.
  • Hovedskyts : 3 norske 10,5 cm feltkanonar.
  • Stridsklart : August 1942.
Image
Stilling for ei russisk 4,5 cm panservernkanon til nærforsvar.

Position for a Russian 45mm anti-tank gun used for close defence.<br />

Datering
1992.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.
  • Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og
  • Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge Tromsdalen 1982.
  • Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Fragmentarisk arkivtilfang etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.