Rundt vågen i Kalvåg er det mange sjøbuer. Noko som vitnar om her har vore fiskehandel. I dag vert mange av sjøbuene nytta som overnattingsstader for turistar.

There are many warehouses and boathouses lining the bay of Kalvåg. They show that this used to be an important harbour for trading fish. Nowadays many of the warehouses are used as accommodation for tourists.

Datering
2005.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet i Vestland.

Sjøhusmiljøet i Kalvåg

Godt i ly for storhavet ligg Kalvåg på innsida av øya Frøya. Gjennom mange hundre år var dette ei god hamn for fiskarane, på jakt etter sild og torsk. Dei mange sjøbuene rundt vågen vitnar om at Kalvåg òg har hatt fiskehandel. Fiskeritilverking og handel går no føre seg i større bygningar. Kalvåg er såleis ingen bortgøymd væridyll, og gamle fiskebuer tener no som losji for turistar. Staden er eitt av dei få livskraftige sentra på kysten til Sogn og Fjordane.

Vintersildefisket - grunnlag for vekst

Det var først i 1860-åra at Kalvåg vart bygd, først med buer og seinare med kaianlegg og vegtilkomst. Det var dei rike vintersildefiskeria midt på 1800-talet som sette fart i utviklinga. Dette fiske gjekk føre seg med opne båtar, som regel av sekskeipingstypen, og det var difor lagleg med hamn tett ved fiskeplassane. Medan Kalvåg låg i den nordlege delen av vintersildefiskeria, låg staden i den sørlege delen av torskefiskeria, som gjekk føre seg seinare på vinteren.

Image
Frå sildesaltarmiljø hos Simon Myrvang i Kalvåg. Han dreiv sild- og fiskeforretning, seinare òg med oljelager.

From the salting process of herring at the company of Simon Myrvang at Kalvåg. He operated a herring and fish business, later on also an oil depot.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Kystbygdene skifter ham.

Vintersildefisket toppa seg opp i 1860-åra, då det på det meste kunne vere mellom 7000 og 10 000 menneske samla på Frøya og i Kalvåg. I Kalvåg låg det seglfartøy, som kom med tønner og salt, og førte silda til marknaden. Nokre jekter tente òg som losjifartøy. Rundt vågen kom det etter kvart salteri og buer for fisketilverkinga. Dei gode hamnetilhøva var avgjerande for den veksten som kom. Kring 1870 hadde det blitt sett opp 52 salteri i Kalvåg, som samla hadde ein kapasitet på meir enn 35 000 tønner. 41 av salteria hadde lokale eigarar, resten høyrde til kjøpmenn i Bergen og Stavanger, som hadde dei største salteria. Men i 1873 forsvann silda for godt, for denne gong, etter å ha vore ein årvisss gjest ved kysten sidan 1811.

Losjitilhøva under fiskeria

Under fiskeria var det bruk for mykje arbeidshjelp til å gane og salte silda, og gjere tønnene klare til sal. Dei fleste av arbeidarane var utanbygds kvinner. I Kalvåg vart det òg sett opp ein del losjihus i samband med fiskeria, då det var vanskeleg med husrom under desse fiskeria. Dei som var så heldige å få plass i eit losjihus, låg tett. Her var lufta tung og tett, stinn av luktene frå sveitte og våte klede, matkoking og os av tranlampene. Eit losjihus på 11 x 7 meter, og takhøgd på 1,80, husa 120 mann med utstyr.

Tettstaden veks fram

I løpet av 1860-åra voks ein fast busetnad fram. Frå 1890 til 1920 gjekk Kalvåg inn i ein ny vekstperiode, ettersom talet på bustadhus og innbyggjarar nesten vart dobla. Dei fleste bustadhusa vart konsentrerte ovanfor dampskipsbryggja. Men det var først og fremst sjøhus som vart bygde i denne tida. Kring 1920 var det kring 80 sjøhusbygningar av ulike slag, rundt Kalvåg og på Kalvøya. Som følgje av veksten, vart det i 1921 utarbeidd ein reguleringsplan for Kalvåg.

Image
Kalvåg hamn i fisketida. Biletet er frå kring 1900, då torskefisket var godt. Jektene er kjøpe og losjifartøy. Fisken vart salta om bord, og mange fekk seg arbeid med t.d. sløying. Båtane kunne bli liggjande lenge å vente på at torskefisket skulle bli ferdig.

Kalvåg harbour from the golden age of fisheries. The picture dates from about 1900, when the cod fisheries were good. The 'jekts' are used both for trading fish and as lodging vessels. The fish was salted on board, and many people were employed in processing the fish. The boats could be lying in the harbour for a long while, waiting for the cod fisheries to end.

Datering
Ca. 1900.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Kystbygdene skifter ham.

Fiskehandelen hadde gode tider fram til 1920, og det vart ikkje bygd særleg fleire sjøhus etter den tida. Meir enn 50 kjøpefartøy på hamna var ikkje uvanleg under fiskeria.

Også eit stadig betre dampskipssamband gjorde sitt til oppsvinget i Kalvåg. Staden fekk tidleg kai, hadde ekstra ruter under vintersildefisket, og hadde mykje varetransport over dampskipskaia. Kalvåg fekk postopneri i 1861, telegraf i 1864, som seinare vart avløyst av telefonstasjon. Då Bremanger vart eigen kommune i 1866, vart Kalvåg administrasjonsstaden, og eit kommunehus kom opp noko etter 1900. Det tente mellom anna som bustad for distriktslegen. Bremanger Sparebank fekk kontorstad i Kalvåg i 1898. Vegen mellom Kalvåg og Steinset vart ferdig i 1910. Hamna vart betre etter mudringsarbeid i 1911, og eit moloanlegg var komme opp. Alt dette styrka Kalvåg si stilling som fiskever og kommunesenter.

 

Image
Kalvåg hamn i fisketida ein gong i 1930-åra.

Kalvåg Harbour during the fisheries some time in the 1930s.

Datering
1930-åra.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Kystbygdene skifter ham.

Kalvåg etter 1950

I dei siste par tiåra fram til 1960 var det eit uvanleg rikt vintersildefiske på vestlandskysten. Dette gav ny oppblomstring for Kalvåg, som frå 1950 til 1960 fekk auka folketalet frå 260 til 391. Men etter 1960 forsvann silda. Dette medverka til at busetnaden i dei spreiddbygde grender langs kysten gjekk nedover, men tettstader som Kalvåg fekk ei anna utvikling. Staden voks vidare til kring 450 i 1970-åra, men deretter gjekk det nedover. I 1997 var innbyggjartalet i tettstaden 380, og har halde seg på kring 350 fram til kring 2000.

Image
Hovdens Sildesalteri på Kalvøya. Lengst til venstre stod der tidlegare ei eldre sjøbu, men elles er her som i 1950-åra. I hus nr. 2 frå venstre var der før ei trandamperi i første høgda, matsal og kjøken i andre. Hus nr. 3 og 4 var opphavleg åtskilde sjøhus nytta av folk frå Gulen-området i Bremanger. Tredje høgda i hus nr. 4, og tilbygget lengst til høgre, var losjement. På den opne plassen var det tønnelager. Til venstre på kaia står ein kran og ein silo. Under siloen var det hektolitermål til å mæle inn silda. Derfrå vart silda ført via tre forgreiningar til ulike transportband.

The Hovden Herring Salting Company on the island of Kalvøya. Furthest to the left there used to be an old warehouse, but in all other respects it looks almost as it did in the 1950s. House no. 2 from the left originally contained a factory for producing cod-liver oil on the ground floor, while the first floor was used as dining room and kitchen. Houses nos. 3 and 4 were originally separated houses used by people from the Gulen area in Bremanger. The second floor of house no. 3, as well as the extension furthest to the right, was used for lodging purposes. On the open area there was earlier a storehouse for barrels. To the left on the quay we see a crane and a silo. Under the silo there was a gauge for measuring the weight of herring in hectolitres. From this point the herring was transported to three different conveyor belts.

Datering
1980.
Fotograf
Lars Olav Rylandsholm.
Eigar
I Kystbygdene skifter ham.

Endringar i fiskeria, med større båtar og større fangstar, fekk òg konsekvensar for Kalvåg som fiskehamn. Dei gamle buene i Kalvåg var høvelege til mottak av fangstar på nokre titals hektoliter frå dei små drivgarnsbåtane. Dei moderne fiskebåtane, med fangstar på mykje over 1000 hl, krev eit langt større modernisert og mekanisert mottaksapparat. I nyare tid har gamle sjøbuer blitt ombygde til å gi losji for turistar.

Image
Kalvåg er er eitt av dei få livskraftige sentra på kysten til Sogn og Fjordane, og gamle fiskebuer tener no som losji for turistar. Her er nybygde buer på amtskaia.

Kalvåg is one of the few thriving centres along the coast of Sogn og Fjordane. Old warehouses and boathouses now serve as accommodation facilities for tourists. New lodging facilities have been built on the so-called county quay.

Datering
02.11.2002.
Fotograf
Werner Moss Totland.
Eigar
Kalvågsportalen.


Førsund, Finn Borgen: Kystlæremiddelprosjektet, Sogn og Fjordane DH, Hefte 3: Kystbygdene skifter ham. Sogndal 1986.
Johansen, Karl E.: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1960.Universitetsforlaget 1982.