"Ei verkeleg perle"
I 1992 kunne avisa Sogningen/Sogns Avis melda om "ei verkeleg perle" i programmet til Fjordkulturdagane. Arrangørane hadde sikra seg besøk av dampbåten D/S "Thorolf" frå Sunnmøre. Båten har ei "lang og omskiftande historie", skreiv avisa.
Bygd i 1910
"Thorolf" vart bygd i Hardanger. I 1910 tinga det kjende tekstil- og trikotasjefirmaet A.A. Devold et Sønner i Langevåg på Sunnmøre eit skrog hjå treskipsbyggjaren Andreas Svoldal i Kvinnherad i Hardanger. Skroget vart slept til Ålesund der Bruholmens mekaniske Verksted installerte dampmaskin og kjele, og gjorde båten ferdig på slippen sin, Slinningen i Ålesund.
Langs heile kysten i eit halvt hundre år
Agentbåtane var eit karakteristisk trekk ved kystlivet. Dei ofte elegante fartøya vekte alltid interesse, og det fylgde ein viss festivitas med dei. Mannskap og den handelsreisande var eit slags kystens friherrar ubundne av fiskarslitet og varetransporten.
I meir enn femti år nytta tekstilfirmaet Devold "Thorolf" som båt for omsetning av dei kjende produkta sine, Devolds blåtrøyer og Rose-makko. År etter år farta denne gode sjøbåten langs kysten frå Sørlandet til det værharde Finnmark, inn og ut kvar einaste fjordarm, på besøk hjå landhandlarar og bykjøpmenn.
Men då vegar og ferjesamband vart utbygde i ti-åra etter krigen, vart "Thorolf " overflødig og gjekk i opplag.
Frå havarist og vrak til båt i god stand
I slutten av 50-åra havarerte båten og sokk. Forsikringsselskapet bestemte seg for å heva havaristen, og kjøpte vraket. Dei selde straks etter til brørne Anders og Kjell Aarsæther i Ålesund, som tenkte å nytta båten i turistfart. Det gjekk ikkje som planlagt, men i 1977 tok Foreningen til Dampskipet Thorolfs bevarelse over. Dei greidde heller ikkje å fullføra. Etter tre år gav foreininga opp og vraket vart liggjande i Ålesund.
Derimot lukkast det tredje forsøket. I 1988 gjekk ein gjeng "gamlekarar" frå Langesund i gang med stor entusiasme og tilskot frå kommune, fylke og stat. To år seinare var gamle "Thorolf" fullt ut restaurert, og frå 1992 stod D/S Thorolfs Vennersom reiarlag.
Langevåg sitt kulturminne
I Kulturminneåret 1997 vart kommunane i landet oppmoda om å velja kommunen sitt kulturminne. Avrøystingsresultatet i Sula var eintydig: 2/3 av stemmene gjekk til D/S "Thorolf." Båten fekk også det ærefulle oppdraget å delta i Kulturminnestafetten langs kysten, og "Thorolf" gjekk etappen mellom Alnes og Herøy 30. juli.