Frå interiøret i Eid kyrkje med litt av Lars. T. Kinsarvik sine dekorasjonar. Både i taket, på veggene, ramma til altertavla, søylene, alterringen og preikestolen er den særmerkte stilen til Kinsarvik tydeleg.
Datering
1998.
Fotograf
Lars Lunde.
Eigar
I Eid kyrkje 150 år.

Altertavla i Eid kyrkje

Sokneprest Schøning sette på slutten av 1880-talet fram ønske om ny altertavle i Eid kyrkje. Sidan 1849 hadde ein enkel forgylt trekross vore alterpryd. Sommaren 1892 var dagens altertavle på plass i kyrkja.

Schøning ville ha ny tavle

Altertavla i Eid kyrkje var i åra 1849-1892 ein enkel gylt kross på blå grunn. Bakgrunnen var ein måla himmel med skyer rundt kantane og strålar frå ei sol på veg til å stige opp. Arnt Johan Schøning overtok i 1884 som sokneprest i Eid prestegjeld. Han var svært interessert i kyrkjekunst, og la nokså tidleg fram ønske om å få ei ny altertavle i kyrkja. November 1889 vart det sett ned ei nemnd som skulle arbeida med saka. Medlemene var sokneprest Schøning, John Sefland og Knut Haugland. Professor i kunsthistorie, Lorentz Dietrichson (1834-1917), rådde dei til å nytte motivet frå altertavla i Landskrona, og å få Cecilie Dahl (1858-1943) til å ta på seg oppgåva med å måla altertavla. Eid kommune betalte henne 690 kr for arbeidet.

Image
Altertavla frå 1849 er i dag skjult bak den nye tavla.
Datering
1998.
Fotograf
Lars Lunde.
Eigar
I Eid kyrkje 150 år.

Den trøystande Kristus

Altertavla i Eid kyrkje, frå 1892, er ein kopi av altertavla som står i Sofia Albertina-kyrkja i Landskrona i Sverige, måla av den kjende danske biletkunstnaren Carl Bloch (1834-1890). Bloch laga altertavla ut frå Jesu ord "Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile" (Matt. 11,28) og kalla biletet Christus Conselator (Den trøystande Kristus). Ei kortform av dette ordet stod måla under alterbiletet i Eid frå 1892, "Kommer hid til mig". Då kyrkja vart restaurert i 1915, måla Lars T. Kinsarvik like godt over desse orda.

Image
Altertavla viser "Den trøystande Kristus", med opne armar, seier han: "Kom til meg, alle de som har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile." Ramma er dominert av utskjeringane og dei sterke fargane som er typisk for Lars T. Kinsarvik.
Datering
1998.
Fotograf
Lars Lunde.
Eigar
I Eid kyrkje 150 år.

Målaren Cecilie Dahl gjorde det som var svært vanleg på den tida, ho laga ein kopi. Kjende kunstnarar som Erik Werenskiold og Eilef Petersen vurderte resultatet og gav si godkjenning. Kopiar finst også i Naustdal og i Stedje kyrkje. Utan om vårt fylke finst fleire kopiar, mellom anna i Austevoll kyrkje i Hordaland, måla av Christen Brun; Fet kyrkje i Akershus, måla av Peter Nicolai Arbo i 1890; og Heggstad kyrkje i Inderøy prestegjeld i Nord-Trøndelag, måla av Karl Vachermann i 1905.

Såle-Mikjel

Ramma på altertavla er blitt til i to etappar. Ramma nærast biletet vart laga i 1892 av Ole Marius Holmøe, etter teikningar av arkitekt Trapp Meyer. Lars T. Kinsarvik teikna, og sonen Arne Kinsarvik skar ut toppstykket og sidevangane i 1915, som vart måla i Kinsarvik sine sterke fargar. Midt på toppstykket står St. Mikael, erkeengelen, som overvinn draken. Han kan lett forvekslast med St. Georg (280-303), martyr frå oldkyrkja, men stjernestaven viser at det er erkeengelen Mikael.

Mikael er omtalt i Bibelen som ein av dei fremste hovdingane og den store fyrsten (Daniel 10,13; 12,1), overengelen (Jud. 9), og skildra i Joh. Op. 12,7-9 som leiar i krigen mot draken, Den vonde.

Mikael har tradisjonelt hatt fire ansvarsområde; stride mot Satan; redde dei truande sine sjeler frå fienden; vere forsvarar for Guds folk; og å hente sjelene bort frå jorda og føre dei for dommen. I den fyrste kristentida i Norge spelte St. Mikael ei stor rolle i dei kristne si trusoppleving.

På primstaven vert minnedagen 29. september, Mikkelsmesse, markert med ein domslur eller ei skålvekt. Han vog sjelene, slik det også er skildra i Draumkvedet.

Det var sankte såle-Mikjel
han bles i luren lange.
Og no sko alle såline
fram fyr domen gange.

Det var sankte såle-Mikjel
han vog i skåle vikt,
so vog han alle synde-såline
bort til Jesum Krist.

Mikkelsmesse

Etter vedtak i Kyrkjerådet, 28. mai 1999, er Mikkelsmess blitt gjeninnført som Erkeengelen Mikael og alle englars dag i Den norske kyrkja, med markering med kveldsgudsteneste 29. september eller den næraste søndagen. Tekstval og bøner påminner om englane si oppgåve. (Dan. 6,17-24, Op. 12,7-12, Matt. 18,1-4.10, 1 Mos. 28,10-17, Hebr. 1,1-14, Joh. 1,47-51).

Altertavla i gamlekyrkja

Altertavla frå gamlekyrkja er gått tapt. Ho var måla ein gong før 1692 av Alexander Didrichsøn Fester, kjøpmann og amatørmålar i Vågsøy.


Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Eikum, Rolf Schanke (red.): Eid kyrkje 150 år. Nordfjordeid 1999.