Den gamle brua over Kanalen var bygd med heiseordning slik at midtpartiet kunne opnast når fartøy med rigg skulle gjennom. Vi ser båtar som nett har rodd gjennom og er på veg opp i Gaddevågen. I bakgrunnen den gamle Nygårdbua som no er riven. Den opparbeidde vegen til høgre, er gamlevegen opp til Nygård.

The old bridge across the canal was built with a hoisting device so that the mid section could be opened to let rigged vessels pass through. In the picture we can see rowboats that have just passed through and are on their way into the bay of Gaddevågen. In the background we can see the old Nygård warehouse that is now torn down. The road to the right is the old road leading up to Nygård.

Datering
Rundt 1900.
Fotograf
Ukjend (truleg Chr. Berg).
Eigar
Fylkesarkivet i Vestland.

Kanalen gjennom Florø-eidet

Før byen Florø vart etablert i 1860, var handelen på Florelandet lokalisert i Gaddevågen og på Eidet. I 1872/73 vart det minert og bygt ein kanal gjennom dette eidet.

Ei ideell hamn

Image
Koseleg stemning ved Kanalen før motorbåtane si tid.

Idyll at the canal before the advent of motorboats.

Datering
1960.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet i Vestland.

Gaddevågen var ei ideell hamn for båttrafikken på den tida. Godt i livd for alle slags vindar, voks det fram eit slags senter med litt handverk og handel langs den lange, lune vågen. Tre handelsmenn var etablert i området.
På Eidet var det også ei lita bryggje der presten lettvint kunne koma seg ned i skyssbåten som elles hadde naust i Båtevika. Då Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (Fylkesbaatane i dag) kom i drift i 1858, hadde dei stopp på Eidet. Der førte også gangstien frå Brandsøya til Gunnhildvågen/Furesund strategisk forbi, med sidesti til prestegarden og hovudgarden.

Krav om kanal

Etter kvart som det nye bysenteret voks fram, og handelsverksemda bygde seg opp der, kom kravet om ein kanal gjennom det smale Eidet mellom Gaddevågen og Solheimsfjorden. Kort tid etter at Florø vart eigen kommune i 1860, vart det valt eigen hamnekommisjon som tok opp kanal-spørsmålet. 5. oktober 1867 gav bystyret pålegg til magistraten og formannskapet om å vende seg til fylket og nabokommunane om støtte til prosjektet, og 1. oktober 1869 løyvde bystyret 300 spd. til arbeidet, og tok på seg ein del av vedlikehaldet.
I 1871 vart det sendt ei ny oppmoding til fylkestinget, der dei peika på verdien både for byen og distriktet med ein slik kanal, då det var ein lang og ofte verhard tur vestom Havreneset for å kome fram med ymse føring.

Førde ytte pengar

Florø greidde ikkje ta på seg større utgifter med anlegget, men var villig til å overta alt vedlikehald. Etter Amtmannen si innstilling, gjekk bystyret likevel med på å yte nye 300 spd. Kommunen hadde då fått lovnad på rentefritt lån i 10 år i Kinns Sparebank. Arbeidet vart sett i gang i 1872. Også nabokommunane hadde stor interesse av prosjektet, noko som vart understreka av at Førde kommune støtta prosjektet med eit tilskot på 200 kroner.
I 1873 overtok bystyret ansvaret for den ferdige kanalen. Den hadde kosta 12 400 kroner. Av dette hadde Florø løyvt 2400 kroner, Amtet 1200 kroner, Kinn 600 kroner og altså Førde 200 kroner. Resten var statsmidlar. Då Kanalen stod ferdig i 1873, rodde folk gjennom Eidet og ut i Gaddevågen, og vidare ut til det nye senteret. Prestebrygga vart flytta inn i den lunare Gaddevågen, der småbåtbryggene ligg i dag.

Bru over Kanalen

Image
Her ser vi den gamle brua over kanalen kring 1900. Vegen frå Krokane går over brua og held fram rundt det som kom til å heite Kanalsvingen. Eidet var ikkje stort meir enn 100 meter tvers over, og det var ei stor lette for båttrafikken då Kanalen stod ferdig i 1873.

In this picture we can see the old bridge across the canal about 1900. The road from Krokane crosses the bridge and continues around what later came to be known as the canal turn. The strip of land was not more than 100 metres across, and it was a relief to all owners of boats and ships when the canal was completed in 1873.

Datering
Ca. 1900.
Fotograf
Truleg Chr. Berg.
Eigar
Fylkesarkivet i Vestland.

Bystyret vedtok også å bygge ei bru over Kanalen. Denne fekk eit midtparti som kunne heisast opp, slik at større båtar kunne kome gjennom utan å ta ned riggen. Ved ombygging midt på 1920-talet, vart brua gjort fast, slik at det kunne køyrast med den første bilen i byen. Brua vart bygd i solide trematerialar, og stod i nesten 60 år, fram til i kring 1930. Då vart det bygt ny bru for å kunne ta biltrafikk på Brandsøyvegen som då vart sett i arbeid.

Image
Slik såg Kanalen ut i 1999. Stramare vegar og badeanlegget "Havhesten" er i ferd med å reisa seg til høgre i biletet. Kanalen ligg der framleis, men er mindre påakta og mindre verd enn han var den gongen årar og segl var dei einaste middel til framdrift.

This is what the canal looked like in 1999. New and straighter roads, and the new indoor pool facility called "Havhesten" is under construction to the right in the picture. The canal is still there, but it has lost its importance since the times when oars and sail were the only means of propulsion.

Datering
30.08.1999.
Fotograf
Harald J. Stavang.
Eigar
I avisa Firdaposten 30.08.1999.


Hole, E.M.: Florø gjennem 75 år. s. 35/36. Florø 1935.
Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. s. 221. Florø 1999.