Minnesteinen over falne frå tidlegare Bru kommune står på kyrkjegarden ved Stavang kyrkje.

The memorial stone commemorating people from the former municipality of Bru who died during the Second World War is located on the churchyard at Stavang church.

Datering
2000.
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Minnestein ved Stavang kyrkje over falne

Attmed vegen inn til kyrkja i Stavang står ein minnestein over falne. Fem namn er innhogde i den vel to meter høge natursteinen. Tre av dei omkom i krigsforlis. Dei to andre døydde i fangenskap i Tyskland.

Bygda reiste steinen

Tidlegare Bru kommune hadde fem falne i andre verdskrigen. Ingen fekk grava si på heimstaden. Arbeidet med å reisa ein minnestein over dei vart teke opp kort tid etter krigen, og bygdefolket slutta mannjamnt opp om pengeinnsamlinga og på annan måte.

Avdukinga

''Avduking av minnestein'', var post på programmet 17. mai 1949. Etter gudstenesta samlast folket ved minnesteinen. Residerande kapellan Turvin heldt avdukingstalen, og overleverte steinen til Bru kommune ved ordførar Grønnevik. Ordføraren heldt tale og la ned krans frå kommunen. Det vart óg lagt ned kransar frå pårørande og fleire andre. Stavang Songlag deltok med to songar.

''Avdukinga vart ei gripande minnehøgtid og mykje folk var tilstades,'' skreiv Firdaposten i 17. mai-referatet frå Stavang.

Image
På steinen står innhogge namna på dei fem falne og innskrifta FALL FOR NOREG * 1940 - 45

On the stone are carved the names of the five men who died in action and the inscription DIED FOR NORWAY * 1940 - 45

Datering
2000.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Biografiar i minne-bokverket Våre falne

STAVANG, JOHANNES, motorassisstent, Bru. Født 22. januar 1908 i Kinn, s. av Øystein Stavang, f. 1875 samme sted, og Inger f. Apneseth, f. 1876 i Vevring. Var på m/t Havbør, og omkom 14. november 1940 da skipet ble torpedert mellom Cape Town og Freetown, mens det var i ferd med å redde mannskapet på et annet skip.

Image
Johannes Stavang (1908-1940), motorassistent på m/t Havbør, omkom i krigsforlis på Atlanterhavet.

Johannes Stavang (1908-1940), engine assistant on MT <i>Havbør</i>, died in action in the Atlantic.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Våre falne.

STANDAHL, kokk, Trondheim. Født 8. juli 1897 i Kinn, s. av Herman Standahl og Inger Ingebrigtsdatter Standal. Gift 1928 i Bergen med Lorence Hansine Svardal, f. 1904 samme sted. 4 barn. Var sjefkokk på d/s Prinsesse Ragnhild, og omkom 23. oktober 1940 da skipet sank etter en eksplosjon ved Hovden, litt nord for Bodø.

HELMERS, THORLEIF GARTNER, styrmann, Bergen. Født 1. mai 1898 i Florø, s. av Jens Bloch Helmers, f. i Florø, og Constance f. Gartner, f. 1867 i Trondheim. Gift 1939 med Ranveig Juell, f. 1909 i Bergen. Middelskole, School of fine art i New York og San Francisco. Var kunstmaler og hadde holdt utstilling i Bergen. Seilte i alliert tjeneste og omkom da ''Ramapo'' krigsforliste 14. februar 1942.

HANSEN, HILMAR ANDREAS, fiskar, Bru. Fødd 24. oktober 1909 i Kinn, s. til Hans Hallstensen, f. i Solund, og Maren f. Uføre, f. 1881 i Kinn. Snikkarskule. Stod i samband med engelske båtar som opererte på kysten, og vart teken av tyskarane. Døydde i Vaihingen nær Stuttgart 21. november 1944.

WICK, SIGURD HILMAR, snekker, Bergen. Født 7. september 1911 i Kinn, s. av Henrik Wick, f. 1883 samme sted, og Magda f. Bjerke, f. 1890 i Toten. Var med i motstandsbevegeslen, hadde sender og drev våpensmugling. Ble arrestert 25. februar 1941 (Alvær-saken), kom til Bergen. Grini, Åkebergveien og ble april 1942 sendt til Sachsenhausen og NN-leirer. Døde 16. desember 1944 i Dachau.

Image
På steinen står innhogge namna på dei fem falne og innskrifta FALL FOR NOREG * 1940 - 45

On the stone are carved the names of the five men who died in action and the inscription DIED FOR NORWAY * 1940 - 45

Datering
2000.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Torpedert under bergingsarbeid

Johannes Stavang var hausten 1940 mannskap på m/t ''Havbør''. Skipet vart torpedert i det sørlege Atlanterhavet utanfor Afrika under arbeid med å berga overlevande frå eit anna skip.

Den 14. november 1940 vart d/s ''Kohinur'' torpedert av ein tysk ubåt. 34 mann greidde å koma seg unna i ein av livbåtane og 20 - 30 mann berga seg ombord på tre flåtar. Flåtane vart observerte same dag av ''Havbør'' som straks sette ut livbåt for å berga dei overlevande. Då bergingsbåten var attende og folk skulle takast om bord, vart skipet truffe av ein torpedo i aktre tank like ved livbåten. Kapteinen, 28 mann av mannskapet og dei hadde berga, omkom i brannen som oppstod. Tre nordmenn og to danskar greidde å koma seg unna eld-infernoet, og fire av dei vart funne i live etter ni døgn i sjøen.

Image
Johannes Stavang omkom då skipet han var på, m/t "Havbør", vart torpedert medan mannskapet heldt på å berga overlevande frå eit anna skip. Biletet står som illustrasjon til omtalen av krigsforliset i boka Nortraships flåte.

Johannes Stavang lost his life when his ship, MT "Havbør", was torpedoed while the crew was rescuing survivors from another ship. The picture is used as an illustration to the reference to the disaster in the book "Nortraships flåte".

Datering
1940.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Nortraships flåte

Alvær-gruppa

Sigurd Hilmar Wick var med i Alvær-gruppa. Dette var ei stor motstandsgruppe i Bergen oppkalla etter Roald Alvær, journalist, 22 år gammal og tiltala nr. 1 i ei omfattande rettssak for den tyske rikskrigsretten i Berlin.

Gruppa vart opprulla og mange arrestert. I april 1942 vart fangane sende til Tyskland som NN-fangar. Den 7. september 1942 vart 14 mann skotne i Berlin og 20 andre dømde til lange tukthus- og fengselsstraffer.

NN-fangar

NN-fangar (Nacht und Nebel - natt og tåke) var ein kategori fangar som vart dømde ved krigsrett i Tyskland. Fangane skulle haldast heilt isolert, og ingen ting skulle offentleggjerast om dommen. Dei skulle forsvinna til skrekk og åtvaring i nacht und nebel.

Kring 1000 nordmenn vart NN-fangar. Vel 500 vart sende til fangeleiren Natzweiler og halvparten døydde. Av dei andre var kring 400 tukthus-fangar frå bergens-organisasjonen Stein.


Våre falne. Oslo 1948.
Norsk krigsleksikon 1940-1945. Oslo1995.
Firdaposten. 13.05. og 21.05.1949. Florø.