Krigsforlis DS «Bisp», 23. januar 1940. Heile mannskapet på 14 omkom, mellom dei 37 år gamle Ansgar Broholm frå Florø. Namnet hans står på minnestøtta over falne i krigsåra 1939-1945 ved Florø kyrkje.
Datering
2001
Fotograf
Hermund Kleppa

Om Ansgar Broholm - krigsseglar frå Florø

«En krigsseiler er betegnelsen på et besetningsmedlem om bord i norske handelsskip under de to verdenskrigene» (Store norske leksikon). Ansgar Broholm frå Florø var krigsseglar. Han var mannskap på DS «Bisp» som forsvann sporlaust i Nordsjøen vinteren 1940.

Store tap før 9. april 1940

Den andre verdskrigen braut ut 1. september 1939 då Tyskland gjekk til åtak på Polen. Det nøytrale Norge kom likevel med i krigen ved at norske handelsskip i utanriksfart blei utsette for krigsforlis; det første MS «Ronda» frå Bergen som blei minesprengt natt til 13. september sør i Nordsjøen. 17 menneske omkom, mellom dei Lars Bakkebø og Johan Friis frå Sogn og Fjordane. I tida 1. september 1939 – 9. april 1940 totalforliste i alt 50 norske skip på tilsaman vel 116.000 brt. som følgje av krigshandlingar. I tillegg forsvant 8 skip sporlaust. I alt mista 394 menneske livet.

Image
Krigsforlis DS «Bisp», 23. januar 1940. Overskrift på nyhende i avisa Fylkestidende, Florø, 19. februar 1940.

«antas krigsforlist»

Laurdag 17. februar 1940 hadde mange aviser oppslag om DS «Bisp». Lasteskipet hadde gått frå engelsk hamn 20. januar på veg mot Åndalsnes. Sidan hadde ingen høyrt noko frå båten. Ein frykta for at «Bisp» var krigsforlist, og at alle ombord var omkomne. Florø-avisa Fylkestidende melde om hendinga måndag 19. februar, og nemde særskilt at ein av mannskapet var frå Florø, Ansgar Broholm. «Han var gift og efterlater seg hustru og tre barn.» Den andre florøavisa, Firda Folkeblad, hadde notis om hendinga dagen etter. Her går det fram at «Bisp» hadde vore innom hamna i Florø «i jolehelgi – etter eit havari», og det var då 37 år gamle Ansgar Broholm mønstra på. Tre veker seinare hadde familien dødsannonse i begge avisene.

Image
Dødsannonse i Fylkestidende, Florø, 14.03.1940.

Det står ingen dato i dødsannonsen. Familien visste berre at «Bisp» hadde gått frå engelsk hamn 20 januar, og at båt og mannskap var sporlaust borte. Først etter krigen vart det kjent kva som verkeleg hadde hendt. «Bisp» var blitt torpedert av den tyske ubåten U-18 om morgonen 23. januar 1940, klokka 07.01, i posisjon 48.05 Nord 0.13 Aust som vil seia om lag midt mellom Orknøyane og Vestlandet/Haugesund.

Dampskipet «Bisp» på vel 1000 brt tilhøyrde skipsreiar O. Kvilhaug i Haugesund. Det var ein gamal båt, bygd i 1889, som hadde vore innom mange eigarar før O. Kvilhaug tok over i 1933. Fleire nettstader har informasjon om DS «Bisp» og krigsforliset i januar 1940. (sjå kjeldetilvising under).

Biografi i Våre falne

Firebinds-verket Våre falne (1949-1951, inneheld rundt 11 000 biografiar over «alle som døde under krigen (…) for så vidt som krigshandinger [krigshandling] var årsaken eller en vesentlig medvirkende årsak deres død.» Biografien over Ansgar Broholm attgjeven i boka Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 er som følgjer:

Ansgar Mattias Broholm, fødd 30. oktober 1902 i Florø, sjømann, son til Peder Broholm og Anna Dorthea Jakobina, fødd Synnervik. Gift 1932 med Ragna Solholm, 3 born. Fiskarskule. Var før krigen fyrbøtar. Miste livet som byssegutt med DS «Bisp» som forsvann etter avgang frå Sunderland 20. januar med kurs for Åndalsnes.

Det kan leggjast til at spreidde funn i historisk kjeldemateriale elles, vitnar om ein mann med lang erfaring frå sjøen. Ansgar Broholm var son til ein fiskar (folketeljing 1910), han hadde «fiskarskule» og kurs på skuleskipet «Statsraad Lemkuhl» (1924). Han er nemnd sjømann, fyrbøtar og byssegut. Eit særleg «sjømanns-dokument» finst oppbevart i Varanger Museum; ei hyrekontrakt for «Ansgar H. Brocholm» (namnet feilskrive) datert, 16. mai 1925, som matros og fangstmann, på motorkutter mk «Bømmel», heimehøyrande i Vardø (sjå faksimile lenger nede).

Heidra på minnestøtte

Søndag 16. september 1945 var minnedag for dei falne i krigsåra 1939-1945. Firda Folkeblad hadde namn på falne frå Sunnfjord. «Vi vil alle vera med og heidra dei. I djup sorg over at dei er borte, ikkje fekk oppleva å sjå det frie Norge, ikkje fekk vera med og byggja det vidare, men og i takksemd for den innsatsen dei gjorde, vil vi minnast dei alle.» Ansgar Broholm står saman med 11 på lista for Florø. Avisa tek elles til orde for å reisa minnesteinar. Året etter, søndag 11. august 1946, vart det avduka minnestøtte ved Florø kyrkje over falne frå kommunane Florø, Kinn, Bru og Eikefjord. Fylkesmann Nikolai Schei heldt avdukingstalen. Han slutta talen med å seia fram alle dei 33 namna på steinen.

Image
Ansgar Broholm var sjømann. Sommaren 1925 var han påmønstra Vardø-skuta «Bømmel» som matros og fangstmann.
Datering
1925
Eigar
Varangerarkiver, Vardø.

Fylkestidende, Florø: 19.02.1940
Fylkestidende, Florø: 14.03.1940
Eithun, Grethe, o.fl: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane. 1940-1945. Selja forlag 2005.
Varanger Museum. Arkiv: Brodtkorb handel AS. Hyrekontrakt, Ansgar H. Brocholm, 16.05.1925
Bjelland, Jon Arne Andreassen : Då krigen nådde Kvinnherad (Digital utgave)
Warsailors : Bisp (Digital utgave)
Minnehallen : Bisp (Digital utgave)
Krigsseilerregisteret : Omkomne norske sjøfolk 1939-1945 (Digital utgave)
Krigsseilerregisteret : D/S Bisp (Digital utgave)
uboat.net : Bisp (Digital utgave)
Skipshistorie.net : 1890 DS NORMANDIE (OSL464189001) (Digital utgave)