Bergverksdrift i steinalderen
Tvers over neset går ei 500-600 meter lang kløft med vekslande djupn og to meters breidd. Her har smeltemasse frå jorda sitt indre pressa seg opp gjennom sprekker i berggrunnen, og skapt flintaktige randsoner der smeltemassen raskt har kolna mot den kalde sidesteinen.
I området fann Brandsøy store mengder diabas-avslag som låg strødd utover stranda på vestsida av neset. Han har også gjort ei mengd funn av buplassar i Flora-distriktet, med emne og avslag frå Stakaldeneset.
Arkeologen Asle Bruen-Olsen tok seinare magistergraden på dette. Han skriv at dette steinøksbrotet gjorde Flora-området til ein sentrum for fangstkulturen på nordre delen av Vestlandet.
Her har forfedrene våre hatt storstila bergverksdrift med uttak av steinslaget diabas gjennom meir enn fire tusen år. Det lange tidsrommet er også spesielt med Stakaldeneset. Vi kan sjå for oss eit stabilt samfunn med ei viss spesialisering og arbeidsdeling, og med handelssentrum i Brandsøysundet, basert på bytehandel med økser og emne frå Stakaldeneset.
"Eineståande i sitt slag"
Blant dei mange fagfolk som har gjesta Stakaldeneset i åra etter funnet, er den australske arkeologen Isabell McBryde. Ho er rekna som den fremste kjennaren av steinalderbrot i vår tid, og har sagt at funnet er eineståande i sitt slag i Europa. Det er det tidlegaste dømet på varmesprenging i nord-europeiske bergbrot.
Diabasen frå Stakaldeneset har ein mørkegrøn farge, ispedd mattkvite krystallar. Dette særpreget gjer at det er lett å skilje ut reiskapane herifrå med andre. Analyser viser at diabas-øksar frå Flora-området er spreidd frå bergenskanten til trøndelagskysten. Det er også funne enkelteksemplar frå Jæren til Nordland, og frå Gudbransdalen og Hallingdal. I vårt fylke og i Møre og Romsdal er øksane frå Stakaldeneset dominerande. I Hordaland er det grønsteinsøksar frå Hispriholmen vest for Bømlo som finst i størst tal.
Drift i 4000-5000 år
I alt er det funne kring 50 diabasgangar i Sunnfjord, dei aller fleste i Flora, og dei skil seg ut frå resten av landet ved den kjemiske samansetninga med ekstremt høgt innhald av jern og titan. Berre i den på Stakaldeneset er det påvist bergverksdrift, så det må ha vore noko spesielt med denne steinen som gjorde den særleg veleigna til å lage reiskapar av.
Enkelte stader har diabasgangen åtte-ti meter høge, loddbeine vegger. Det er det djupe laget av lausmassar, blant anna trekol og brent stein, som har gjort det mogeleg å tidfeste bergverksdrifta. Asle Bruen-Olsen meiner det har vore meir eller mindre samanhengande drift frå om lag år 6500 til år 2000 før vår tidsrekning.
Her er påvist tre hovudbrot; to ved sjøen i kvar ende av kløfta, og forunderleg nok eit på toppen i ca. 135 meters høgd, der alt måtte vere meir tungvint å utvinne. Kanskje har kvaliteten på steinen vore særleg god her, sidan dei har teke seg denne umaken?