Johannes Olai Holsen var fødd den 27. mars 1910 og voks opp på garden Hetle på Viksdalen, Gaular. Far var Nikolai Ludvigson Holsen (1871-1953) frå Holsen, Førde, og mor var Olina Andreasdotter f. Hetle (1876-1968) frå Viksdalen, Gaular. Johannes voks opp i ein søskenflokk på ni born, og han var den einaste av borna som vart god spelemann.
Johannes lærde felespel av faren, som igjen hadde det etter sin far, spelemannen Ludvig Holsen (1839-1892). Rundt 1930 flytte Johannes til Førde, og han var busett der heile sitt vaksne liv. Dei første åra dreiv han ein kafé på Flaten saman med søstera si.
I 1935 utdanna han seg som urmakar ved ”Forskolene for Håndverks- og Industrilærlinger” i Bergen. Tilbake i Førde starta han sin eigen urmakarverkstad på Hafstad, og han hadde også ein frisørstol i forretninga der kundane også kunne få seg ein hårklipp om det trongst.
I sommarhalvåret var Johannes ein mykje brukt spelemann i bryllaup og andre samkomer i heile indre Sunnfjord, og kanskje spesielt på Viksdalen og elles i Gaular. Han var ein ivrig deltakar på både små og store kappleikar rundt ikring, og ein trufast lyttar til Folkemusikktimen i NRK.
Johannes gjorde innspelingar både for NRK Folkemusikkarkivet og Arne Bjørndals Samling, og det er særleg runddans- og bygdedansslåttar etter faren og bestefaren som pregar repertoaret hans.
Johannes Olai Holsen gjekk bort den 18. september 1992.
Johannes Holsen
Spelemann frå Viksdalen, busett i Førde, med alderdomelege hardingfeleslåttar og svingande dansespel.
TA19CD Slåttespel frå Sunnfjord