Når jordbruket utviklar seg, endrar busetnadsmønsteret seg. Det vert fleire funn langs fjordane og innover i fylket. Også langs kysten ser vi at bustadene gjerne ligg lenger frå sjøen. Flintdolkar og flintsigdar er reiskap som kan ha vore brukte til å skjera korn med for 3-4000 år sidan.