Hestad kapell vart bygt opp att på same staden som det som vart rive i 1805. Innvendig vart lite endra, medan tak og tårn vart ombygde i 1864.
Datering
1990-talet.
Fotograf
Dagfinn Vasstrand.
Eigar
I Bygdebok for Gaular, band III.

Hestad kapell

På ein idyllisk holme ved Hestadfjorden ligg det vesle Hestad kapell. Det har røter attende til mellomalderen.

Kapellet og Øyrakyrkja

"En liden vakker, skogklædt holme i et langt bugtet vand, der smalner av til et trangt sund paa sydsiden, rundt omkring fjeld og aaser, dels nakne, dels klædd av furuskog, bare av og til litt lyst løv til at mildne indtrykket, - slik ligger Hestadkapellet i Viksdalvandet."

Slik innleier Gerhard Fisher i ein rapport om Hestad kapell i Fortidsminneforeningen si årsmelding i 1912. Holmen vert av folk i bygda kalla Øyra, og sjølv om det er vanleg å bruke nemninga Kapellet, vil eldre folk helst bruke Øyrakyrkja.

Image
Hestad kapell ligg vakkert til på ei landtunge mellom Hestadfjorden og Viksdalsvatnet.
Datering
1920-1930.
Fotograf
Olai Fauske.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ei av fem kyrkjer

Kapellet har røter attende til mellomalderen. Segna seier at det stod kyrkje på Øyra på 1100-talet, men i skriftlege kjelder er ho først nemnd i ein paveleg rekneskap frå 1327. I ein oversikt over lokalkyrkja sine eigedommar frå ca. 1350 er Øyrakyrkja nemnd som ei av dei fem kyrkjene i Gaular. Etter Svartedauden var kyrkja ute av drift, og vi finn ho fyrst att som soknekyrkje på slutten av 1500-talet.

Nytt kapell i 1805

Før vegen på sørsida av vatnet vart opna i 1884, var vatnet framkomstveg. Dermed vart også kapellet liggjande midt i leia. Sommarsdagen gjekk båttrafikken gjennom sundet, og om vinteren gjekk sledefarten over Øyra. Kapellet vart rive i 1805 og bygd opp att på same staden. Innvendig vart lite endra, medan tak og tårn vart ombygde i 1864.

Image
Interiør frå Hestad-kapellet.
Datering
1905-1943.
Fotograf
Olai Fauske.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hestad landskapsvernområde

Ved Kongeleg resolusjon i 1971 vart det vedteke å opprette eit landskapsvernområde ved Hestad kapell. Området omfattar eit areal på omlag 35 dekar. Føremålet er å verne det særmerkte i eit vakkert naturlandskap som ramme om eit kulturminne. Eit samspel av varierte naturelement gjev landskapet ein eigenarta idyllisk atmosfære. Seinare vart området kjøpt av staten.

Image
Ein detalj frå ein benk der stolpen stammar frå mellomalderkyrkja. Motivet er draken som slynger seg omkring.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Olav Øygard.
Eigar
Ukjend.


Søgnen, Ludvig: Hestad kapell. I Jul i Sunnfjord. 1994.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 1. 1990.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 4. 1998.