Nils Furnes var fødd den 25. april 1901 på Furnes i Bygstad, Gaular, og voks opp i ein søskenflokk på fire. Far var Rognald f. Nos (1861-1949) og mor var Rebekka Furnes (1862-1916), begge frå Gaular.
Nils starta å spele fele allereie i 11-års alderen, og første læremeisteren var farbroren Ola Nos (1850-1923), eller Spele-Ola, som han vart kalla. Spele-Ola hadde lært felespel av far sin, Nils Nos (1818-1870), og hjå den gamle meisteren Gunnar Lundekvam (1816-1912), Spel-Gunnja, også frå Gaular.
I 1925 flytte Nils til Bergen for å gå i lære som bøkkar (tønnemakar), og seinare tok han seg arbeid som maskinvedlikehaldar på ein tønnefabrikk. I byen møtte Nils Gulen-jenta Jenny f. Birknes (1908-1997) som han seinare gifte seg med. Saman fekk dei borna Reidun f. 1939 og Johan f. 1941.
I Bergen kom Nils i kontakt med eit spennande spelemannsmiljø med spelemenn frå store delar av Vestlandet, og i 1929 var han med på å skipe spelemannslaget Fjellbekken. Her var han svært aktiv og engasjert gjennom eit langt spelemannsliv, og vart også utnemnd som heidersmedlem. I tillegg til å spele til dans i dei ulike bygde- og ungdomslaga i byen, var han ein ivrig kappleiksdeltakar.
Nils reiste kvar sommar heim til Bygstad der han møtte slekt, vener og spelkameratar. Særleg på Osen gard var han mykje, her hadde han vore dreng i yngre dagar og her budde spelemannen Olav Johan Mo (1893-1947). Sommartida i Sunnfjord nytta han elles til å spele i bryllaup og andre samkomer.
Både i NRK Folkemusikkarkivet og i Arne Bjørndals Samling fins det ei rekkje opptak av Nils. Av det innspelte repertoaret finn ein eit rikt utval av både runddans- og bygdedansmelodiar frå Sunnfjord, og ein god del slåttemateriale som truleg stammar frå tida i Fjellbekken.
Nils Furnes gjekk bort den 14. august 1990.
Nils Furnes
Hardingfelespelemann Nils Furnes (1901-1990) kom frå Bygstad i Gauler, men var busett i Bergen.
TA19CD Slåttespel frå Sunnfjord