Handel til 1985
Butikklokala til Lothe-forretninga på Hestenesøyra står med innreiing og inventar slik dei var då butikken stengde dørene for siste gong i 1985. Butikken hadde lokala sine i den eine av to store sjøbuer på eigedommen til J. H. Lothe. I det ytre har det knapt vore gjort endringar på buene sidan dei vart bygde sist på 1800-talet. Det staselege bustadhuset, som ligg mellom buene, vitnar om optimisme og gode innkomer den gongen Hestenesøyra var eit handelssenter. Bustadhuset vart bygt rundt 1912.
Gloppens Spare- og Forbrugsforening
Det har vore drive handel- og gjestgjevarverksemd på Hestenesøyra sidan 1712. I 1873 skipa bønder frå Nesjane, Nordbygda og Hyen Gloppens Spare- og Forbrugsforening. Første åra heldt butikken til på Øvregaard sin eiegdom, nord for den noverande dampskipskaia, men overtok i 1880 det som seinare har vorte Lothe-eigedommen, og starta opp handel der. Josef Lothe kjøpte så eigedommen i 1900. Han hadde tidlegare vore styrar for forbruksforeininga, og skjøna at grunnlaget for vidare handelsdrift var til stades.
Dampskipskaia
Bygningsmiljøet i strandsona på Øyra ber preg av at sjøen ein gong var ferdslevegen. Ved den gamle dampskipskaia står enno lagerbua for varer som kom, eller som skulle sendast med fylkesbåtane. Ved denne kaia står også huset som tidlegare hyste ein av butikkane i grenda. Mellom Lothebutikken og dampskipskaia stod meieriet, ein liten kvit bygning med gavlen mot sjøen. I 2006 vart meieriet rive, og det vart bygt eit bustadhus på murane. Under alle dei nemnde bygningane er det solide gråsteinsmurar som tek opp den nødvendige høgda mot fjorden.
Eit knutepunkt for ferdsla på fjorden
Folket på Hestenesøyra har heilt fram til bygda fekk vegutløysing rundt 1970, vore nær knytt til sjøen. Så seint som midt på 1960-talet hadde fylkesbåtane sine ruter på Bergen fast stopp her, og kvar søndagsmorgon korresponderte denne ruta med lokalbåtar til Hyen og "Innfjorden". Ein time etter at desse tre båtane la frå kaia, kom lasteruta, på veg til Bergen.
Bygda hadde ei tid to reiarlag som dreiv fraktfart på kysten. Skyssbåten Nesjar, ått av eit lutlag på Hestenesøyra, var ein institusjon i midtre og indre del av Nordfjord i ein 50-årsperiode fram til han vart seld rundt 1970. Fleire nesjarar var sjøfolk. Denne kontakten med "den store verda" var nok ein av grunnane til at det tidlegare sentrumsområdet på Hestenesøyra fekk ei litt anna utforming enn det som var vanleg i slike småbygder på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet.