Nordenden av Jølstravatnet med det gamle Skei Hotel til venstre og postvegen til høgre. Til venstre ser me litt av hotellet Tollef Gabriel Skrede opna i 1889. Hotellet fekk konkurranse av av Stanley Hotel som vart bygd 1 km lenger sør. Skrede kjøpte hotellet då det gjekk gjekk konkurs i 1894, og flytta det opp til Skei.
Datering
1888-1894.
Fotograf
Knud Knudsen.
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen.

Den Trondhjemske postvei frå Skei til Utvik

Sjølv om postvegen mellom Skei og Utvik var klassifisert som hovudveg, var han ikkje rekna som lett framkommeleg. Breimsvatnet var eit hinder, særleg når det var meinis på vatnet, eller i storm og uvêr. Etter kvart ville fleire ha vegen lagt om Våtedalen. Det ville gjera postgangen lettare og kortare. I 1889 stod vegen gjennom Våtedalen ferdig. Vegen vidare over Utvikfjellet var og rekna mellom dei verste strekningane på postvegen, men lite vart gjort med denne smale og bratte fjellvegen før i 1930-åra.

"En Revne mellom sønderrevne Fjeldmure"

Frå Skei gjekk postvegen til Breimsvatnet gjennom eit trongt dalføre. Diktaren Henrik Ibsen seier det slik då han var på folkeminneinnsamling i 1862: "Dalføret er igrunden ikke andet end en Revne mellem de bugtede, uhyre, sønderrevne Fjeldmure, og fyldt med nedstyrtede Tinder og Bergstykker, saa store, at man kunde udhule en heel domkirke i mangen en af dem." Skyssen gjekk vidare med båt over Breimsvatnet til Reed i Nordfjord, ein fredeleg plett med klynge av små, torvtekte hus og rekkjer av naust. Her kvilte dei reisande seg før dei for vidare den bratte og tunge vegen over Utvikfjellet og ned til Utvik.

 

Den gamle postvegen mellom Skei og Førde ved Breimsvatnet. Vegen vart nedlagt som hovudveg i 1889. Ordførarane i Breim og Jølster arbeidde sterkt mot denne planen grunna den aukande turisttrafikken, men dei fekk ikkje gjennomslag for å oppretthalda vegen som hovudveg.
Datering
1880-1883
Fotograf
Knud Knudsen
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen

Mellom utøy og skit

Reed hadde postopneri alt frå 1787. Engelskmannen Henry William Breton, som reiste nordover i 1834, seier om skysstasjonen på Reed at han var elendig, slik dei fleste stasjonane langs ruta var. Stort sett kunne dei berre tilby ein skiten halm-madrass å strekkja seg på, mellom utøy og skit. Problemet med for få og for dårlege overnattingsstader gjorde at mange reisande hasta vidare.

 

Postvegen på Reed med utsyn sørover Breimsvatnet. Vatnet ligg her speglande klårt, men det hende Breimsvatnet var umogeleg å fara. Ved sterk kastevind og isvanskar vinterstid, hende det at posten vart forseinka. Postopnar P. T. Reed skreiv ein gong at 'formedelst stærk synden Vind derfor maa Posten blive forsinket nogle Timer'. Det var sett opp svært nøyaktige tider for postruta mellom dei ulike poststadene. Postopnarane måtte føra detaljerte opplysningar om tilstanden for postsekken og innhaldet, og om vêr og føreforhold.
Datering
1885
Fotograf
Knud Knudsen
Eigar
Universitetsbiblioteket

 

Reed er ein gammal tingstad med kyrkje og prest frå katolsk tid. Her var gjestgiveri og landhandel alt på 1600- og 1700-talet. I 1817 fekk Lars Jakobsen Rebakken løyve til å drive kro og herberge for vegfarande. Han dreiv og med skyss. Det er denne verksemda som seinare utvikla seg til å bli Gordon Hotell (1882). Her ser vi Gordon Hotell til venstre og eit konkurrerande hotell, Victoria Hotell (1880), til høgre. Mot slutten av 1800-talet var det sterk konkurranse om å kapra turistar som etter kvart byrja å komma.
Datering
1880-1882
Fotograf
Knud Knudsen
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen

Ny veg gjennom Våtedalen

Breim var vinters tid ofte avstengd frå utanverda før vegen gjennom Våtedalen stod ferdig i 1889. Då vart postruta Skei-Breim nedlagt. Veg frå Skei gjennom Våtedalen til Byrkjelo vart første gong føreslege med løyving i 1860, men løyvingane kom stykkevis frå 1877-1889. Overslaga vart for dyre, og dei måtte fleire stader gå ned på vegbreidda, som difor varierte gjennom dalen. Gjennom Våtedalen hadde det frå gammalt av gått ein mykje nytta allfarveg, og når det var særleg vanskelege forhold, frakta dei posten denne vegen. Veginspektør Wiese meinte alt i 1839 at vegen burde utbetrast, men planane vart skrinlagde, truleg grunna skredfare. Då vegen kom, vart skysstasjon og overnatting lagt til garden Egge. Eit nytt bygdesenter voks fram på Byrkjelo som ei direkte følgje av dei nye hovudveglinene.

 

Vegen gjennom Våtedalen var bygd svært smal, mellom 3,8 og 2,6 m. Til saman kosta heile anlegget kr 118.076,98. Distriktet måtte ta ¼ av kostnadene. Strekninga var ca 16 km.
Datering
1888-1894
Fotograf
Knud Knudsen
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen

Over Utvikfjellet

Då vegløytnant Christian Junghans og postfullmektig Lauritz Sporring la fram rapporten om veglina for postvegen i 1775, føreslo dei ei enklare line nordover gjennom Våtedalen til Reed og over Gloppenfjorden til Hundeide, båt over Eidsfjorden til Naustdal og via Smørdal over Bjørkedalseidet til Møre og Romsdal. Denne veglina vart ikkje valt, truleg av di dei måtte kryssa svært mange fjordar. I staden vart vegen lagt i ei indre line over Breimsvatnet og Utvikfjellet. Utvikfjellet var ei utfordring både sommar og vinter. Ibsen skreiv om denne vegen,: "Opstigningen kan være besværlig nok, men Nedstigningen paa den anden side [til Utvik] er dog verre. Angre Touren vil man imidlertid ikke ..". Vegen var smal, steinete og ujamn, med stupbratte stigningar,. Fylkesmann Aubert hevda i 1856 at vegen tente meir til å forhindra samferdsla enn til å fremja ho.

 

Traséen fortel kor lite brukbar den gamle metoden med å byggja veg i rette liner var. Frå toppen av Utvikfjellet går vegen rett ned mot Utvik. Det var tunge bakkar som hestane hadde store vanskar med. Den nye riksvegen, som er lagt i store svingar, kryssar postvegen fem gonger. Fylkesmann Aubert hevda i 1854 at sambandsvegen mellom Sunnfjord og Nordfjord var håplaus grunna Utvikfjellet. Å byggja vegen om Sandane ville binda fylket betre saman.
Datering
1880-1882
Fotograf
Knud Knudsen
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen

Vanskar med løyvingar til Utvikfjellet

Hovudvegen over Utvikfjellet følgde eit gammalt far. Moldestadbakkane og Brekka på fjellet var særleg tunge, og mang ein hest vart sprengd av dei bratte bakkane. Ei ombygging var naudsynt, og i 1874 og 1877 reiste vegdirektør Krag spørsmålet i budsjettframlegget. Men truleg av di Våtedalen då vart teke med i budsjettet, vart vegen over Utvikfjellet liggande som før. I 1894 søkte private om framhald med ombygging av vegen, men Stortinget gjekk ikkje med på det. Det skulle gå lang tid før dei store ombyggingane over Utvikfjellet kom. Den kom og i konflikt med fylkestinget si støtte til vegen mellom Reed og Sandane, som fekk løyvingar frå 1880-åra. Først i åra 1934-36 vart vegen lagd om.

  • Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
  • Nordstrand, Ingemar: Postvegen - Norges lengste kulturminne. I Årbok for Nordfjord. s. 16-31, 1997.
  • Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen-Trondheim. Det norske samlaget 1996. Djupedal, Torkjell: Førde Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag 1998.
  • Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. 1978-2001.
  • Den Trondhjemske Postvei. Hovudplan for restaurering og forvaltning av postvegen. Fylkesprosjekt Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane fylkeskommune, 1995.

Sjå også