DS «Finmarken», tilhøyrde Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), og blei bygd 1912 for fart i hurtigruta Bergen – Kirkenes. Den 9. april 1940 kom «Finmarken i sørgåande rute til Måløy. Skipet vart rekvirert for transport av mobiliserte soldatar og gjekk inn Nordfjord til Sandane. 12. april gjekk «Finmarken» frå Sandane til Hyen og låg gøymt der til 7. mai, då skipet gjekk ut fjorden og nordover til heimehamna Stokmarknes.
Datering
Ukjent
Fotograf
Ukjent
Eigar
Per Rydland

DS «Finmarken» i Nordfjord april/mai 1940

Om morgonen 9. april 1940 la hurtigruteskipet DS «Finmarken» til kai i Måløy. Båten var over eit halvt døgn forseinka. Det var her skipet fekk kjennskap til krigsutbrotet. Alt telefonsamband sør- og nordover var brote. Og spørsmålet blei: Kva no? Dekksdagboka til «Finmarken» er ei førstehandskjelde til kunnskap om DS «Finmarken» sin uventa avstikkar i Nordfjord i april/mai 1940. Dagboka er utfylling til det vesle som er skrive fleire stader og framfor alt på somme punkt, eit korrektiv.

Daglege innførsler i samsvar med lov og forskrifter

Det er lovpålagt å føra dekksdagbok til sjøs. Dagboka skal førast i samsvar med lov og forskrifter om kva som skal noterast, korleis det skal gjerast, m.m. Slik var det og i 1940. Ei dekksdagbok får juridisk verknad i saker om skader, forlis, last, arbeidstilhøve, m.m.

Dekksdagboka for DS «Finmarken» for tida 8. april – 9. mai 1940 har daglege innførsler; - om vêret, kvar båten går/er, bunkring, last, fortøyningar, om hendingar (t.d. flyobservasjonar), gjeremål, mannskap, m.m. Gjennomgåande er notert presise klokkeslett og posisjonar.

Til dømes går det fram at «Finmarken» dagen før den tyske invasjonen gjekk frå Trondheim om natta kl. 3.40, kom til Kristiansund kl.11.15 og gjekk derifrå kl.12.25. Ved Hesteskjer fyr vart skipet stogga av «torpedojager «Sleipner» som nekta vidare fart i den vanlege leia over Hustadvika. Området var minelagt. «Finmarken» returnerte til Kristiansund og låg der til kl. 17.20, då båten heldt fram i ruta sørover ved å gå utanom det varsla minefeltet. Det same skjedde ved det varsla minefeltet ved Stadt. «Finmarken» gjekk utanom, og kom til Måløy om morgonen 9. april, kl. 9.15. (Etter annonse i Fjordenes Tidende, Måløy, 1. april, skulle «Finmarken» gått frå Måløy, kl. 17.30, dagen før.)

Merknad: Fransk/britisk marine la ut miner i norske farvatn natt til 8. april. Om morgonen overleverte den franske og den britiske minister i Oslo likelydande noter om aksjonen, at det var lagt ut miner i Vestfjorden, på Hustadvika og ved Stadlandet. I røynda var det berre lagt ut miner i Vestfjorden. På Hustadvika var det aldri planar om å leggja ut miner. Meldinga om minelegging vart truleg gitt for å skrema og villeia. Minelegginga på Stadhavet vart avlyst i siste liten etter kontraordre. (Vårt Folkes historie, 146-147)

Bok 2011 – «under dekke av tåke»

I korte trekk – og i følgje fleire bøker og nettstader - er historia om hurtigruteskipet DS «Finmarken» i tida 9. april – 9. mai 1940 denne: «Finmarken» «var i Måløy» 9. april, og gjekk inn Nordfjord i mobiliseringstransport til Sandane. Etterpå gjekk skipet til Hyen og låg gøymt der i nærare tre veker. Mange gjekk på land for å melda seg til krigsteneste. Då «Finmarken» gjekk ut fjorden att, var det berre att åtte mann. Det var skodde. Meininga var å ta båten over til Shetland, men slik gjekk det ikkje. «Finmarken» kom ut i storm og båten hadde lite fyringskol. Dette gjorde at båten styrde nordover, mot heimehamna på Stokmarknes i Vesterålen.

Fleire «fakta» i trykte kjelder samsvarar ikkje med dekksdagboka, jamvel i boka «Livslinje og eventyrreise. Historien om Hurtigruten» som kom ut så seint som i 2011. Det står: «Da tyskerne rykket frem til Sandane, klarte kaptein Falck med syv manns besetning å ta skipet ut fjorden, under dekke av tåke (utheva her).» Boka har ikkje kjeldereferanse eller fotnote til opplysningane. To «fakta» her stemmer ikkje med dekksdagboka. På datoen 7. mai er notert eit namngjeve mannskap på 11. Dessutan var det med tre namngjevne «tidligere serveringspiker», og ein namngjeven militær kaptein, altså i alt 15 personar. Om vêret står notert: «Stille, skyet.», og om veret dagen etter, 8.mai: «bris, skyet.»

1956 – i rederiet si jubileumsbok

Innhaldet i «Finmarken»-omtale i fem trykte kjelder (bøker) tyder på at Vesteraalske si jubileumsbok «På Nordnorsk kjøl. Vesteraalens Dampskibsselskab gjennem 75 år» (1956) er sjølve grunnteksten for seinare skildringar. Det står:

«Finmarken» som var på sørgående, befant seg i Måløy 9. april, og skipet ble straks stilt til disposisjon for de militære myndigheter i Nordfjordeid for troppetransport. Etter at en slik transport var utført, ble skipet skjult i Hyen i Nordfjord. Da tyskerne nærmet seg distriktet i begynnelsen av mai, tok kaptein Falck den dristige beslutning å gå over til Shetland, til tross for at størstedelen av besetningen hadde forlatt skipet mens den lå i Nordfjord og han bare hadde 7 mann om bord. Utenfor kysten kom «Finmarken» imidlertid ut i sørvestlig storm, og da kullbeholdningen var liten, måtte planen om å gå over Nordsjøen oppgis. Skipet holdt derfor nordover ca 150 nautiske mil av land og kom i god behold inn til Stokmarknes. Men da var kullbeholdningen oppbrukt.»

1963 – i boka «Nordover med Hurtigruten»

Denne boka er ei nyutgåve av boka med same tittel som kom ut i 1943. Boka har to tilleggskapittel, det eine «I okkupert farvann.» Her står det om «Finmarken» i dagane etter 9. april. Omtalen er nesten ordrett den same som i boka «På nordnorsk kjøl» (1956).

1975 – i boka «Lang kyst!» (1975)

Neste skildring finst i boka «Lang kyst!» som kom ut i 1975. Boka har fleire opplysningar, mellom anna detaljen at på turen nordover «var (…) de innom Røst og fikk tyve tønner kull der», rett nok med atterhaldet «det er sagt». Boka har ikkje kjeldereferanse. I «Lang kyst!» står det:

«Finmarken» lå i Måløy på sørgående. Skipet meldte seg straks til de militære myndigheter på Nordfjordeid. Ferskfisklasten ble losset i Sandane, og skipet utførte deretter iallfall en troppetransport. Det gikk så til Hyen og gjemte seg bort der. Det gikk nærmere tre uker før det kom en dag med skodde og usiktbart vær så skipet kunne seile. De fleste av besetningen, og blant dem hele dekksmannskapet var da gått i land for å melde seg til krigstjeneste. Om bord var bare kapteinen og to styrmenn og en los, og i maskinen to maskinister og to fyrbøtere. Dessutan var kokken om bord.

Det var lite mannskap å stikke til havs med, men de våget det. Tyskerne var allerede kommet til Sandane. Ute i sjøen lettet skodda, og det røk opp med sørvestlig kuling til liten storm. Kullbeholdningen var liten, og i stedet for å gå til Shetland, måtte de holde nordover godt klar av kysten og tyske fly. Bunkersen svant inn til ren nødrest, og de fikk opp presenninger og fyrte med trematerialer. Det er sagt at de var innom Røst og fikk tyve tønner kull der, og med tanke på farvannet i området var det et vågestykke som bare godt sjømannskap kunne mestre.

Til norske myndigheter kom det 9. mai melding fra Eggum i ytre Lofoten at to båter passerte nordover nokså langt til havs. Den ene var et polsk troppeskip som gikk til Tromsø. Den andre var «Finmarken». Gråmalt og ukjennelig sèg skipet inn til rederiets kai på Stokmarknes.»

1981 – i rederiet si jubileumsbok

Vesteraalske runda 75 år i 1981 og det kom ut ny jubileumsbok: «De blå skipene. VDS langs fjord og fjære i hundre år». Denne boka har langt mindre med enn «Lang kyst!», dessutan korrekturfeilen at «Finmarken» var ved Florø 9. april. Det står:

«Finmarken» befant seg den 9. april om morgenen på sørgående ved Florø og ble øyeblikkelig satt inn i troppetransport. Ferdig med jobben besluttet kaptein Falck å sette over til Shetland, men det vakre skip stanget øyeblikkelig mot en sørvestlig storm og maskinsjefen måtte dessverre melde om utilstrekkelige kullbeholdninger – hvorpå skipet lenset unna helt opp til Stokmarknes.»

1987 – i boka Coastal Express (1987)

Boka «Coastal Express The ferry to the top of the world» (1987) er så og seia engelsk omsetjing av «Lang kyst!». Men her blir det presentert som faktum at “Finmarken” var innom Røst og bunkra kol, ikkje 20 tønner, men 20 tonn. Det står:

“Finmarken” was southbound at Måløy. As soon as news of the invasion reached her she sailed for Nordfjordeid, where she was requisitioned by the Norwegian military authorities and used for troop transport in the fjord districts. She was then taken to to Hyen, camouflaged, and maintained by a skeleton crew of nine. Their intention was to take her over to Shetland as soon as the weather permitted, but three weeks passed before a suitably misty day arrived. By then the German forces, advancing northwards, were almost on top of them.

In deteriorating weather, and with low bunkers, it was decided to abandon the Shetland plan and instead to head north, well clear of the coast, to Stokmarknes. “Finmarken” ran before the gale, with tarpaulins rigged as makeshift sails, while her crew stripped her wooden fittings to burn as fuel. At Røst, in Vest-Lofoten, they obtained 20 tons of coal, and arrived triumphantly in Stokmarknes on 9 May.”

Med dekksdagboka som kjelde

DS «Finmarken» kom til Måløy om morgonen 9. april. Der fekk skipet kjennskap til det tyske angrepet på Norge. Båten bunkra vatn, gjekk same dagen til Bryggja, og låg til kai der på utsida av DS «Fanaraaken». Om ettermiddagen gjekk «Finmarken» utatt til Måløy, «skibet [var] rekvirert av militære for troppetransport.» Båten bunkra 250 hl kol på «militærrekvisisjon».

Dagen etter, onsdag 10. april, kl. 8.15, gjekk «Finmarken» frå Måløy inn Nordfjord med mobiliserte. Båten var innom Bryggja, Davik, Kjølsdalen, Stårheim og Nordfjordeid, før båten kom til Sandane kl.18.10. På Sandane gjekk «samtlige militære (…) fra borde», og båten si last av fisk til Bergen vart lossa etter militær rekvisisjon.

«Finmarken» låg på Sandane til om kvelden 12. april. Då gjekk båten til Hyen og vart liggjande til kai saman med DS «Firda». Av dekksdagboka går det fram at kapteinen i tida etter Sandane fekk ordre fleire gonger frå styresmakter i fylket (lensmannen på Sandane og fylkesmannen) og handla i samsvar med ordrane.

«Finmarken» låg i Hyen nokså nøyaktig tre veker, frå 12. april til 7. mai, og då heile tida saman med «Firda» fortøygd på babord side. Etter nesten to veker ved dampskipskaia forhalte begge inn i «bugten» innafor (Åvågen). Elles har dagboknoteringane fleire gonger innførsler vedkomande mannskap; til dømes at nokre fekk fri til å forlata skipet, at sju mobiliseringspliktige vart sende til Nordfjordeid, at nokre kom tilbake, og at fire mann den 5. mai gjekk i land trass «anmoding» frå kapteinen om å bli ståande om bord.

Image
Vesteraalens Damskibsselskab sitt hurtigruteskip D/S «Finmarken» og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sin rutebåt D/S «Firda» låg gøymt i Hyen. «Firda» var fortøygd til «Finmarken», på «Finmarken si babord side. Båtane låg først til dampskipskaia (stjerne 1), før dei forhalte to gonger inn i vågen, siste gong «helt inn i bugten, innunder fjellveggen» (stjerne 2 og 3). NB! Posisjonane i Åvågen er ikkje presise. Båtane låg til anker med trosser i land.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Dagane i Hyen gjekk med til rustbanking og «forskjellig skibsarbeid». Skipet fekk om bord is og ved, og 27. april «fire båtlaster eine», som blei brukt til kamuflasje. Det blei og ordna med gråmåling på skipssidene. (Merknad: I Hyen var det på denne tida isproduksjon frå Hopsvatnet.)

Måndag 6. mai står notert at «kapteinen har under alvorlig overveielse å gå til sjøs å forsøke å nå op til Nordland». (Det står ingen ting om ordre utanfrå). Og, om morgonen dagen etter, kl. 09.00, vart det bestemt å gå nordover så langt «kullene rekker.» Dei «stakk fyr under kjelen» og gjorde skipet sjøklart. Klokka sju om kvelden gjekk «Finmarken» frå Hyen med eit namngjeve mannskap på 11. I tillegg «medfulgte» tre «tidligere serveringspiker» og «major Løvstad».

«Finmarken» gjekk ut Nordfjord og passerte Klovningen (holme ytst i Nordfjord) ved midnatt. Veret dagen etter, 8.5: sør-sørvestlig «bris, skyet». Vidare gjekk «Finmarken» nordover utaskjers til heimehamna Stokmarknes. Turen tok knappe to døgn, frå avgang Hyen tysdag 7. mai, kl. 19.15, til ankomst Stokmarknes torsdag 9. mai kl. 14.00.

Avvik mellom skrivne kjelder og dekksdagboka

Dekksdagboka har sjølvsagt ikkje med heile historia om «Finmarken» sitt opphald i Nordfjord april/mai 1940, men det som står, må tilleggjast høgt truverde. På fleire punkt er det stort avvik mellom dekksdagboka og det som står i fleire trykte kjelder og på nettstader. Nokre punkt er alt nemnde ovanfor. Ei liste i kronologisk rekkefølgje kan sjå slik ut:

«De fleste av besetningen (…) var da gått i land for å melde seg til krigstjeneste.» - Dekksdsagboka: sju mobiliseringspliktige fekk ordre om å møta på Nordfjordeid. Seks kom tilbake. Nokre fekk fri for «for å reise hjem» og «for å reise til Bergen». 5. mai gjekk fire mann i land etter ha svara nei på «kapteinens anmodning om å bli stående ombord».

«tok kaptein Falck den dristige beslutning å gå over til Shetland»
Dekksdagboka: 6. mai: «Kapteinen har under alvorlig overveielse å gå til sjøs å forsøke å nå op til Nordland.», 7. mai, kl.09.00: «Kl 9 00 besluttedes å gå nordover så langt som kullene rekker.»

Frå Hyen med kaptein og «syv manns besetning» -
Dekksdagboka: 11 mann, pluss 4 andre

Gjekk ut fjorden «under dekke av tåke» –
Dekksdsagboka: Gjekk frå Hyen om kvelden 7. mai. Om morgonen, - «stille, skyet»

Kom ut for storm, - «det røk opp med sørvestlig kuling til liten storm» -
Dekksdagboka: nådde utaskjers klokka 22.55, ved Svinøy klokka 01.30: «S.w. bris, skyet»

Innom Røst og bunkra 20 «tønner» kol -
Dekksdagboka: står ikkje nemnt noko om det

2016 – hugsar dei fekk «sukkelade»

Jørgen O. Holme (87) i Hyen hugsar «Finmarken». “Ja, eg hugsar at Finmarken vart ankra opp på Åvågen og låg der. Der er nokre jarnboltar i fjell som båten vart fortøygd til. - Då båten skulle gå, la han til oppunder kaia på Hyen. Vi ungane fekk gå ombord, og vi fekk “sukkelade.”

I Riksarkivet

Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) vart skipa i 1881 på Stokmarknes, Hadsel kommune. VDS var sjølvstendig rederi til 1988 då fusjon med Ofoten Dampskibsselskab var første steg mot avvikling av administrasjon på Stokmarknes. Rederiarkivet blei i 1999 avlevert til Riksarkivet. Dekksdagboka frå DS «Finmarken» er der, i «eske Iac-0004». Her følgjer innføringane på datoane 8. april – 9. mai 1940.

Dekksdagbok

for DS «Finmarken», Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), tida 8. april – 9. april 1940.

1940

Mandag 8.4
Westlig liten kuling, overskyet. Fra Trondheim 3.40 til Kristiansund 11.15 derfra 12.25. Da man kl 13 var ved Hesteskjær fyr, blev man stoppet av torpedojager «Sleipner», og negtet å passere den vanlige lei over Hustadvika på grunn av minebelte. Returnerede til Kristiansund hvor man var kl. 14.00. Kl. 17.20 forsatte reisen sydover utenom det opgitte minefelt. Kl. 19.30 blev man praiet av engelsk krigsskib, men fikk fortsette uhindred. Til Molde 22.25 derfra 22.40

Tirsdag 9.4
Nordlig frisk bris, overskyet. Til Aalesund 1.40 Derfra 3.15 passerte Statt utenom det oppgitte minefelt. Til Måløy 9.15 Her fikk man rede på at krigen [var] utbrudt mellom Norge og Tyskland. Da alle telefonforbindelser nord- saasom sydover var avbrudt, gik man, efter å ha fyldt vann, til Bryggen i Nordfjord. hvor fortøiedes ved kaien på utsiden av D/S «Fanaråken» Kl. 17.30 avgik fra Bryggen til Måløy 18.25. Skibet rekvirert av militære for troppetransport. Tatt inn 250 hl. kul på militærrekvisisjon.

Onsdag 10.4
N w bris, overskyet, snesludd. Kl. 8.00 avgikk fra Måløy med rekrutt [mobiliserte]. Til Rugsund 8.50 derfra 9.00 til Bryggja 9.25 derfra 9.35 til Davik 10.05 derfra 10.10 til Kjølsdalen 10.25 derfra 10.30 til Starheim 10.50 derfra 10.55 til Nordfjordeid 11.30. På samtlige steder blev der innskibet tropper. Kl. 16.05 fortsat under militær ledelse og er Skibet armert. Til Sandane 18.10. Samtlige militære gått fraborde. Den inneværende fiskelast, bestemt til Bergen, blev rekvirert av det militære, og oplosset her.

Torsdag 11.4
N.w. bris, overskyet med enkelte snebyger.

Fredag 12.4
S.o. lett bris, skyet. Kl. 20.00 gik man inn til Hyen hvor fortøiedes langs kaien kl 21.30. På utsiden fortøiedes d/s «Firda».

Lørdag 13.4
Sydlig bris overskyet med sluddbyger. Arbeider med rengjøring. Vagtm. for natten.

Søndag 14.4
Sydlig bris, overskyet med sludd. Vagtm. for natten

Mandag 15.4
Stille, skyet, opholdsveir. Vasker master og bommer. Fått om bord en del is og ved. Bådsmann Haugland og matros Gustav Karlsen fått fri for å reise hjem. Vagtm. for natten

Tirsdag 16.4
Stille, klart. Vasker maling rundt dekk og forskjelligt forefallende. Vagtm. for natten

Onsdag 17.4
Svak bris, skiftende skydekke. Arbeider med rustbankning og forskjellig. Fyrbøter Ragnar [….?] fått fri for å reise hjem. De ombordværende innkomanderte mannskaber, er raportert til lensmannen i Sandane og har de fått besked om å avvente ordre fra ham. Vagtm. for natten.

Torsdag 18.4
N.o. frisk bris, skyet. Arbeider med rustbankning og forskj. forefallende. Vagtm. for natten

Fredag 19.4
N.o. frisk bris, skyet. Arbeider med rustbanking og forskj. Vagtm. for natten

Lørdag 20.4
N.o. frisk bris, skyet Arbeider med rengjøring. Det bemerkes, at der daglig passerer fly, dog så høit, at man vanskelig kan gjøre ut nationalmerke. Vagtm. for natten.

Søndag 21.4
Westlig bris, overskyet med enkelte lette snebyger. Dagen helligholdes. Vagtm. for natten.

Mandag 22.4
Westlig bris, lettskyet. Fått om bord en favn ved til byssen. Kl. 11.30 forhaltes inn på bugten, inne for kaien. D/S «Firda» var fortøiet på b.b. side og brugtes DS «Finmarkens» maskin. Man fortøiet med begge anker 60 fv. kj. på hvert, samt 2 wiere og en manillatrosse i land fra agter. Styrmennene Roness, Bakken, los Breiland, kok Fredriksen og tre av den kvindelige betjening, fått fri for å reise til Bergen. Vagtm. for natten

Tirsdag 23.4
Westlig bris, lettskyet. Efter skriftlig ordre fra rodemannen i Hyen, fra lensmannen i Sandane, blev følgende manskaber gjort klar og sendt til Nordfordeid (sic) for militærtjeneste: Johan Ellingsen, Jonas Solberg, Olav Hansen, Erland Fredriksen, Sverre Jacobsen, Ottar Wennevold og Bjarne Aanestad. Arbeider med forskjellig skibsarbeid. Vagtm. for natten.

Onsdag 24.4
N o -lig bris, lettskyet. Arbeider med forskjellig skibsarbeid. Av de innsendte mannskaber, kom i dag tilbake, som for nærværende ubrugelige: Johan Ellingsen, Jonas Solberg og Sverre Jacobsen. Vagtm. for natten.

Torsdag 25.4
Westlig bris, lettskyet. Arbeider med forskjellig skibsarb. Styrbords to livbåter satt på vannet. Vagtm. for natten.

Fredag 26.4
Skiftende lett bris, lettskyet. Fortsetter med rustbankning og forkjellig skibsarbeide. Vagtm. for natten.

Lørdag 27.4
Skiftende lett bris, lettskyet. Hentet fire båtlaster med eine, med hvilket man har dekket skibet best mulig, samt hengt presenninger over skorsten og forkjellige lett synlige steder. Hvite utside midtskibs malt grå overmalt nasjonalitetsmerkene utenbords. Vagtm. for natten.

Søndag 28.4
Skiftende lett bris, lettskyet. Daglig passerer flere fly nord og syd og i dag særdeles mange, men i stor høide. I kveld kom restaurationschef Tyssing, kok Fredriksen og en av kvindelige betjening tilbake fra Bergen. Vagtm. for natten.

Mandag 29.4
Skiftende svak bris, klart. Arbeider med rustbankning og forskjellig skibsarbeid. Vagtm. for natten.

Tirsdag 30.4
Skiftende svak bris klart. Arbeider med rustbankning og forskj. Vagtm. for natten.

Onsdag 1.5
Skiftende svak bris, klart. I dag morges kom styrm. Roness med familie fra Bergen. samt fire andre siville flyktninger. Man gjorde klart for å forhale længere inn i bugten, men idet man skulle begynne ved middagstider, kom der besked fra fylkesmannen, at vi foreløpig kunne bli liggende. Satte igjen fortøininger i land. Vagtm. for natten.

Torsdag 2.5
Skiftende svak bris, klart. I formiddag enklet (sic) op fortøiningene og satt ut varpanker. Efter middag forhaltes helt inn i bugten, innunder fjellveggen, med vår maskin og d/s Firda på b.b. side. Styrbord anker, 75 fv. kj. og to varpanker agter om st.b. Mellom oss og land ligger «Firda». Forsvarlig, fortøininger i land. Vagtm. for natten.

Fredag 3.5
Skiftende svakt bris, klart. I morges kom tre av de innkalte mannskaber tilbake, nemlig Bj. Aanestad, Olav Hansen og Ottar Wennevold. De hadde av sine overordnede, fått besked vaabnene og reise tilbage. Vagtm. for natten.

Lørdag 4.5
Stille, klart. Nattet dekkene og utført de mest nødvendige arbeid. Tredie mask. Jacobsen, 2 matrosser, 3 kokker og 2 lempere reist. Vagtm. for natten.

Søndag 5.5
Stille, klart. Tømmermann Torleif Tollefsen, matros Lars Toftevåg, jungmann Jonas Solberg, og donkeymann Erling Nilsen, gik iland i dag. På kapteinens anmodning om å bli stående om bord, svarte samtlige nei. Vagtm. for natten.

Mandag 6.5
Skyet, tiltykknende, litt regn. Kapteinen har under alvorlig overveielse å gå til sjøs å forsøke å nå op til Nordland. Vagtm. for natten

Tirsdag 7.5
Stille, skyet. Kl 9 00 besluttedes å gå nordover så langt som kullene rekker. Stakk fyr under kjelen å gjorde forøvrigt sjøklart. Gjenværende besetning kapt. Falck, styrm. Einar B. Larssen, styrm Erling Roness, loss Karl Hansen, mask. Knud [?] Grøndahl, mask. Hans Nilsen, fyrbøterne Aksel Fredriksen, Olav Hansen, og Einar Nilsen og lemper Kyrre Karlsen [,] kok Oscar Fredriksen. Ved siden av medfulgte tidligere serveringspiker Petra Heggelund, Hjørdis Bergersen og Alfhild Aune samt major Løvestad. Fra Hyen 19.30. kl. 22.55 pass. Kløvingen log. v.o. [Merknad: Klovningen er ein godt synleg holme ytst i Nordfjord.]

Onsdag 8.5
S.S.w. bris, skyet. Kl 1.30 Svinø fyr, beregner å være i S O ½ O 16’ av. Kl. 12.00 S.W. overskyet litt regn. Kl. 20 s.w. frisk bris, overskyet litt regn.

Torsdag 9.5
S.w. frisk bris, overskyet regn. Kl 0.50 beregnedes [?] Trænen fv. 36 kv av log v. 17. Kl. 7.25 … [?] Værøy sydpynt i O.S. 5 kv. av log inntattes styrende farvandets kurser etter losens anv. Kl 11.15 Eggumaksla i S O.S. 3 kv. av. S.W. bris, lettskyet disig. Kl. 13.30 pass Dragnes. Til Stokmarknes Kl. 14.0. Fortøiet ved ekspedisjonskaien. Kl. 19.00 forhalt til gamlekaien og fortøiet. Vagtmann fra land for natten.

Image
Dekksdagboka har presise data på distansen Hyen – Stokmarknes 7. mai – 9. mai 1940: klokkeslett og posisjonar. Frå Hyen 7. mai kl. 19.00 - til Stokmarknes 9. mai, kl. 14.00. Reidar Jørgensen og Oddvar Kleppa, Stokmarknes, har lagt seglingsdistansen inn på kart. Samla distanse er rundt rekna 1000 km. «Finmarken brukte 43 timar. Det vil seia ein snitt-fart på cirka 12,5 knop, (1 knop: 1852 m pr. time).
Datering
2016
Fotograf
Oddvar Kleppa/Reidar Jørgensen (teikning)
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


<?UMBRACO_MACRO macroAlias="SettInnKart" />
Privatarkiv Vesteraalens Dampskibsselskab, dekksdagbok, datoane 8. april – 9. mai 1940, eske Iac – 0004.
Stavseth, Reidar: På Nordnorsk kjøl. Vesteraalens Dampskibsselskab gjennem 75 år. 1956. (Digital utgave)
Nordanger, Trygve: Lang kyst! En fortelling om fartøyer og folk på norskekysten under krigen. 1975.
Lillegaard, Leif B.: De blå skipene. VDS langs fjord og fjære i hundre år. 1981. (Digital utgave)
Bent, Mike: Coastal Express The ferry to the top of the world. 1987.
Bakka, Dag jr.: Livslinje og eventyrreise. Historien om Hurtigruten. 2011.
Fjordenes Tidende, Måløy, 1.04.1940 og 10.04.1940
Firda Folkeblad, Florø, 09.04.1940
Wikipedia : DS «Finmarken» (Digital utgave)
Om Fylkesbaatane i tida 9. april – 16. mai 1940 (Digital utgave)