Fotograf
Knud Knudsen
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen
Lisens
CC BY-ND

Gloppen hotell

Gloppen Hotell ligg fint tilbaketrekt i botnen av Sandane-bukta. Det vart starta i 1829 som skysstasjon. I 1866 bygde Joachim E. Sivertsen den første delen av hotellet, slik vi kjenner det i dag. Bygningen skulle brukast til landhandel og gjestgiveri.

Lakselordar og emigrantar

På Sandane, som i mange andre bygder på Vestlandet, vart turistnæringa ei viktig inntektskjelde rundt århundreskiftet (1900). Særleg engelskmennene søkte seg til stader der dei kunne få gode jakt- og fiskeopplevingar. Gloppenelva, eller Storelva som ho vart kalla, var ei god lakseelv der dei engelske lordane fekk den spenninga og den opplevinga dei søkte.

Laksefiskarane levde sitt eige liv, med si eiga døgnrytme, tidleg oppe og seint i seng. Men midt på dagen, når fisken ikkje ville bite, hadde dei god tid. Då søkte dei "bordets gleder" i dei fine stovene på hotellet. Miljøet frå denne tida er teke vare på, mellom anna ved at både peisestova og dei andre stovene har møblar frå 1800-talet.

Ein periode var billettkontoret på hotellet nesten like viktig som sjølve hotelldrifta. Sivertsens hotell selde nemleg Amerika-billettar for Cunard Line og Den Norske Amerikalinje, og for mange emigrantar vart tidlegare Sivertsens Hotell den siste opphaldsstaden i gamlelandet.

Fotograf
Eugen Nordahl-Olsen
Eigar
Fylkesarkivet i Vestland

Kurs- og konferansehotell i vinterhalvåret

Tidene endrar seg. I vinterhalvåret er gjestene for det meste deltakarar på kurs og konferansar. Men i perioden mai til september er det framleis laksefiskarane som dominerer gjestelista. I 1996 tok hotellet over fiskerettane i Gloppenelva.

Familien Moen har satsa mykje på å ta vare på det særpreget hotellet hadde før påbygginga på 1960-talet. Gloppen Hotell har i dag 40 rom, dei fleste med historisk stil, men likevel med moderne fasiliteter.

Tilrettelegging for funksjonshemma brukarar

I åra 1999-2000 vart det gjennomført eit prosjekt i Gloppen der målsetjinga var å legge forholda betre til rette for funksjonshemma menneske i kommunen. Tiltaket fekk namnet Gloppenprosjektet. Ved hjelp av midlar frå prosjektet har Gloppen Hotell innreidd to av gjesteromma spesielt med tanke på rullestolbrukarar. Hotellet fekk også laga til eit handikaptoalett på grunnplanet, samt rullestoltilgjenge til underetasjen.

Hotellet er medlem av De Historiske Hotel, og vart tildelt Gloppen kommune sin kulturpris i 1998, samt kvalitetsmerket Olavsrosa i 1999.

Sivertsen Hotell var eit familiehotell i 5 generasjonar fram til 80-tallet. Etter nokre år med ulike eigarar, kjøpte K. Strømmen Lakseoppdrett hotellet i 1988 og tilsette Dag Moen som dagleg leiar. I 1994 kjøpte ekteparet Dag og Irene Moen det no omdøypte Gloppen Hotell og var vertskap saman fram til 2013, når Dag uventa gjekk bort. Sidan 2013 har sønene Preben og Dag Håkon vore vertskap. Preben Moen var hotelldirektør fram til 2022, då tok Birgith Hjelle Roset over leiarrolla.