Biletet er teke mot sørvest med Notabua og Selvågane i framgrunnen. Rett bak Notabua, på Elvaneset ser vi den gamle pipa etter tidlegare Evebøfoss fabrikkar på Sandane. I bakgrunnen garden Arnestad som ligg på sørsida i inste del av Gloppefjorden.
Datering
2000.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Gloppen kommune.

Notabua i Selvågane på Sandane

Sandanebukta vert avgrensa mot sør av Selvågane. Her stikk ei fjelltunge ut i fjorden mot vest. På Klubben, den ytste pynten av berget, står Notabua. Ho vart sett opp i 1898 av eit notlag.

Notlag bygde og brukte bua

Det var eit notlag med 12 partseigarar som bygde bua i 1898. Laget hadde to båtar; storebåten og lettbåten. Båtane vart lagra inne i bua. Laget kasta først og fremst etter brisling, som vart salta i tønner på bua og seinare seld. Bua har ei god vinde. Ho vart nytta til å ta på land silda med.

Notabua er skildra i Gloppen kommune sin kulturminneplan.
Fotograf
Gloppen kommune / Birte Fossheim

Turking og barking

Etter at nota hadde vore i bruk vart ho tørka på Bergane aust for Notabua, før ho vart hengd inn. Nota vart barka med bjørkebark i eit barkekar. Karet stod inne i bua, og målte 2,5 m x 1,5 m. Karet står framleis, men er i dag overdekt for at det ikkje skal vere farleg for barn.

Siste kastet

Notlaget gjorde sitt siste kast i 1934 like innanfor Notabua. Båtane vart seinare selde til Sande, lenger ut i fjorden. Hermansen, som budde på Øyrane, reiste med inventaret. "Sandenota" hengde lenge inne i bua, men er vekke for lenge sidan. Nokre tønner og barkekaret står att og minner om farne tider og aktivitet. Vinda er enno i orden, og kan takast i bruk, om det skulle trengast.

Restaurering

Dei siste par åra har eigarane gjort ein ekstra innsats for å vedlikehalde Notabua. Taket er vølt og ein god del av kledningen er skifta. Målsetjinga er å fullføre også dette arbeidet, slik at bua kan stå i nye hundre år.
Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gloppen kommune har ytt tilskot til restaureringa.

Fleire notlag

Rundt Gloppefjorden var det ei tid fleire notlag. Rygg og Sande hadde kvar sitt notbruk. Heilt inne i fjorden var det "Sandanenota". "Nyenota" høyrde til på Øyrane og "Storenota" på Døsen. Sandane, Døsen og Øyrane fiska av og til i lag. Rivna nota for den eine, så kom dei andre til og hjelpte til med å berge kastet.