Hovudhuset har ei grunnflate på heile 270 kvadratmeter. Biletet er teke frå sørvest, og viser at inngangsdøra framleis er som ho var då biletet av sokneprest Prytz og kona vart teke ein gong mellom 1904 og 1911.
Datering
2002.
Fotograf
Arne Eikenes.
Eigar
Gloppen kommune.

Prestegarden på Vereide

Gjennom 1000 år har det budd prestar på Vereide. Dei første var nok sterkt knytte til stormannsætta som budde her frå før 900, og var nærast som gardsprestar å rekne. Men etter kvart vart "soknet" utvida. Vereide kyrkje vart ei av fjerdingskyrkjene i Firdafylket. Det gav presten ekstra status.

Gode kår for Vereide-presten

Etter kvart vart kyrkja strengt organisert og biskopane fekk stor makt, men presten vart også meir uavhengig. Gulatingslova seier: "No får presten seg hus og gode kår og vener. Då skal biskopen ikkje taka han bort frå prestesetet sitt." På Vereide har presten frå før år 1100 hatt hus, gode kår, drive gardsarbeid og vore ein del av lokalmiljøet, med eit lite opphald på slutten av seinmellomalderen. Men i 1570 er igjen Indre Vereide prestegard.

Image
Sokneprest A. F. W. J. Prytz og kona Milda Dorthea, fødd Olsen, fotograferte i inngangsdøra til hovudhuset i prestegarden på Vereide. Prytz var fødd i Alstahaug i 1853, og var sokneprest i Gloppen frå 1904 til 1911.
Datering
1904-1911.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Bygdebok for Gloppen. Band II.

Ein stor gard med mange hus

Prestegarden var mykje større enn ein vanleg gard, og vart så seint som i 1886 rekna som den mest velståande prestegarden i Sogn og Fjordane. Det stod så mange hus kring på prestegardstunet at det såg ut som ein liten landsby. Nokre av husa står framleis, og er freda. Hovudhuset frå 1782, som har ei grunnflate på ca. 270 kvadratmeter, er ein solid tømmerbygning i to fulle høgder. I Nordfjord finst det to hus til som har same byggmeister og utforming, nemleg det gamle hotellet på Eid og sorenskrivarbustaden på Leikvin. Sokneprest Johan Widing Heiberg, som fekk bygt huset, var svigerson til sorenskrivaren.

Image
Eitt av dei to gamle kvernhusa som høyrer til prestegarden. Over døra er årstalet 1700 rissa inn.
Datering
2002.
Fotograf
Arne Eikenes.
Eigar
Gloppen kommune.

Image
Jordkjellaren ligg aust for bekken som renn gjennom tunet, og er bygd av stein. Huset var nok i si tid ein viktig lagringsplass for poteter o.a. I dag vert kjellaren mellom anna nytta som stall.
Datering
2002.
Fotograf
Arne Eikenes.
Eigar
Gloppen kommune.

Hus og hage vitnar om fortida

Hagen var i si tid opparbeidd som ein barokkhage, og det står tre som er eldre enn huset. Det finst urter frå ein hage som er omtala alt rundt 1700.
Prestegardshuset har vore restaurert fleire gonger, men har fått ha den opphavlege stilen og rominndelinga. Det ytre panelet er festa med trenaglar. Eit bryggjarhus, ein jordkjellar og to kvernhus er også freda. Hovudhuset på Vereide prestegard er eit stilfullt og vakkert bygg. Soknepresten i Gloppen bur framleis i huset.

Image
Prestegardshagen er stor. Han var i si tid bygd opp som ein barokkhage. Som biletet viser, har trea langs Stettavegen etter kvart vakse seg skikkeleg store.
Datering
2002.
Fotograf
Arne Eikenes.
Eigar
Gloppen kommune.


Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Band II. Sandane 1979.