Breimsbygda
Datering
18.04.2019
Fotograf
Annette Langedal Holme

Stadnamna Breim og Breng

Bygdenamnet Breim i Gloppen kommune og turistattraksjonen Breng i Lodalen er språkleg i svært nær slekt. Ein reknar med at begge namna har vore tidlegare gardsnamn. Breng var på 1300-talet nemnd som eigen gard, og vart i 1667 og 1723 nemnd som underbruk under garden Sæten i Loen. Om namnet Breim er ein meir usikker. Stemshaug skriv i Norsk Stadnamnleksikon: «opphavleg kanskje gardsnamn». Den språklege slektskapen er at begge namna inneheld adj. «brei».

Breim

Breim var eiga kommune frå 1886 til 1964, men vart då slått saman med Gloppen kommune. Tettstaden Reed var den gongen det naturlege sentrum. Bygda ligg i ein typisk u-dal, som er brei og vid, strekkjer seg frå Jostedalsbreen/Myklebustbreen i aust til Breimsvatnet i vest. Dette vatnet vart tidlegare også kalla Re(ed)vatnet. Det er ikkje tilfeldig at dette er ei av dei beste jordbruksbygdene i fylket, med Tine sitt stormeieri midt i sentrum. Bygda er også kjent for eit godt friidrettsmiljø, med Breimsstafetten og Byrkjelo Games. Dessutan arrangerer dei festivalen Norsk Countrytreff. Ein person som bur der, vert kalla «ein breimning». Dei som har redigert boka «Gamle ord og uttrykk frå Breim» skriv at den gamle forma var «ein breimninge». Ordet vert uttala /'breim/ eller /'breimn/ (eldre uttale).

Den breie bygda

Dei eldste skriftfestingane er «Breidhepne», «Breidemni», «Bredemni» (alle frå 1300-talet). Seinare varierer skrivemåten mellom bl.a. «Bredemne» (1469), «Bredom» (1520), «Breidheim» (1490), «Breum» (1600-talet). «Breim» dukkar opp som skriftform første gong i 1563. I 1892 vart det skrive «Brejm». Lars Søreide brukar skrivemåten «Breimn» i boka om Nordfjordmålet (1930).

Den norrøne forma må ha vore «Breidefni», samansett av adjektivet «breidr» og «efni n» = emne. I den eldre uttalen /'breimn/ er -n ein rest av etterleddet «efni». Det er utan tvil eit høveleg namn, dei flate og fruktbare viddene var eit godt emne for ein gard. Sagt på ein annan måte: Breidefni var ei brei strekning, eigna for dyrking. Både Rygh og Stemshaug skriv: «opphavleg kanskje gardsnamn», men vi veit ikkje kvar denne evt. garden låg. Karl Egge meiner i stadnamninnsamlinga si at den kan ha lege i det opne området nær Breimsvatnet, sidan det frå gammalt av låg mest sentralt. Gardsnamnet er ikkje eineståande, i Kvinnherad ligg garden Breievne, og i Elverum garden Brenna, som har same opphav.

Breng seter.
Datering
1960
Fotograf
Mittet & Co. AS
Eigar
Nasjonalbiblioteket
Lisens
PDM

Breng

Breng ligg like ved Lovatnet i Lodalen (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Staden blir i dag kalla Breng seter, fordi den tidlegare garden vart overteken av garden Sæten, som brukte den som seter. Seterhusa ligg på eit relativt flatt område ved vatnet der eit nes stikk ut i vatnet, Brengsneset. Langs Lovatnet er det elles svært bratte strender. Det har vore ein farleg stad å bu på grunn av snøskred – Brengsfonna - og vassdemmer frå Brengselva. Ei segn fortel at fonna ein gong sopte alle husa på vatnet, og at alle som budde der, omkom. No står seterhusa i ei klynge utanfor skredområdet, alle fint oppussa med torvtak.

Kjent turistmotiv

Foto av Breng seter er eit svært populært motiv for turistar. Det fungerer nesten som eit ikonisk bilde for ein superromantisk natur. Då NSB i 1970-åra køyrde ut reklamekampanjen «Se Norge fra toget!», hekk det over heile landet 2 store plakatar med fargefoto av Breng seter og Oppstryn. Stryningane fekk hakeslepp. Der går det aldri tog.

Namnet vart i 1588 skrive «i Breidingj», seinare «Breidingi» og «Bredinghe». Norrønt «Breidingr». Det er avleidd av det norrøne adj. «breidr» med endinga -ingr. Substantiv med suffiksa «-ingr» og «-ungr» kunne vere ein karakteristikk av personar eller stader som hadde den eigenskapen som grunnordet nemner. Jamfør ord som «fjording» og gardsnamnet Greidung. Med andre ord – Breng tyder då eit område som er breitt. Men ei breidde kan vere relativ; ved Veitastrondvatnet i Luster ligg gardsbruket Brengsnes, uttala /'braingsnes/, utan at ein kan sjå kva som et breitt her.

Den språklege slektskapen mellom Breim og Breng ligg altså i at begge var «breie» område. Rett nok er Breim ein mykje breiare lokalitet i dag, men ein reknar med at det opphavleg har vore eit gardsnamn. Men ettersom språket endrar seg i gamle namn, vert tydinga meir eller mindre tilslørt.

600 stadnamn med «brei» i trang natur

Adjektivet «brei» er elles svært mykje brukt i stadnamn, i Sogn og Fjordane brukt i over 600 stadnamn. Vi kan nemne Breidalen, Breiskori, Breiskreda, Breivika, gardane Breisnes, Breistøl (fleire) og støylane Breisete (fleire). Det mest karakteristiske for naturen i dette fylket, med sine mange tronge fjordar, dalar, gjøl, smale skorar, kløfter og bratte fjellsider kan nok ikkje seiast å vere adjektivet «brei». Men nettopp derfor vart vel kontrast-ordet gjerne brukt når landskapet breidde seg ut, slik som på Breim og Breng.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn (Digital utgave)
Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk Stadnamnleksikon, Oslo. Det norske Samlaget
Gamle ord og uttrykk frå Breim (1998). Breim, utgjeven av ei nemnd (Digital utgave)
Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardsnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S (Digital utgave)
Heggstad, Leiv (1963) Gamalnorsk ordbok. Oslo, Det norske Samlaget
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2014135 Egge, Karl: Stadnamn frå Breim. Band 1. 1920-1956