Fotograf
Sigurd Brandt Olsen

Storebåten i Traudalen

Stølsbeitet til gardane Rygg og Grov er delt i to av Traudalsvatnet. På dei to gardane var det til saman 13 bruk. Alle bruka hadde sel og fjøsar framfor vatnet. Samstundes hadde dei også kvar sine sel og fjøsar innafor vatnet, i Dalen, eller på Flætene, som beitet der inne vert kalla. Det var regelbundne tilhald på dei to stølane, med faste periodar for når ein nytta dei ulike beita.

Heim kvar dag

Kvar arbeidsdag gjekk stølsjentene heim, etter å ha mjølka om morgonen, og attende til stølen om ettermiddagen. I dei tre periodane om sommaren når buskapen beitte på Flætene, nytta stølsjentene ein felles båt, Storebåten, for å kome seg fram og attende over vatnet. Sjølve flyttedagen gjekk nokre av jentene langs stranda med krøtera, medan resten rodde båten.

Image
Naustrekkja ved Osen, ved fremste enden av Traudalsvatnet. Storebåten står i det lange naustet, naust nummer 4 frå høgre.
Datering
1993.
Fotograf
Jan-Kjetil Øygard.
Eigar
Jan-Kjetil Øygard.

Kløv-skjelta

I midtvatnet, om lag i leia der dei rodde, ligg det ein stor stein under vassoverflata som dei kalla Kløv-skjelta. Om vatnet var lite, var det fare for at dei kunne gå på han. Difor plasserte dei ein stolpe på steinen når dei rodde den første turen over vatnet om våren, slik at dei kunne vere sikre på å unngå samanstøyt seinare.

Sekskeipingen

Båten, ein sekskeiping, var ei sameigne mellom alle bruka. Tolv av jentene rodde kvar si åre, medan den 13. styrte roret. Inne i dalen var det to bryggjer som storebåten kunne leggje til ved. Naustet til båten stod ved utfallsosen, eller Osen, som området vart kalla i Traudalen.

Minst fire storebåtar

Ein veit ikkje sikkert kor lenge det har vore båt på Traudalsvatnet, men der har vore minst fire sameignebåtar. Den nest siste båten vart bygd i 1908, og vart nytta fram til 1947.
Den siste Storebåten i Traudalen vart bygd i 1947 av Ingvald Sande. Båten ligg no i naustet på Osen ved fremste enden av Traudalsvatnet. Nordfjord Folkemuseum tok over båten og naustet i 1962.

Image
Frå kulturminnestafetten i 1997. Lotskyrkjen - også kalla Veslekyrkjen - i godt sig utover Nordfjorden. Med godt mannskap og jamn roing kan ein fort legge nokre sjømil bak seg i ein slik båt.
Datering
1997.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Gloppen kommune.


Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim, band II og III. Sandane 1978.