Eit første steg på vegen
Mellom Sandane og Sande gjekk det ein gammal bygdeveg frå 1887-91. I 1900 vart det sagt at det var ein tidsmessig veg. Berre 20 år seinare, med aukande biltrafikk, var vegen langt frå tidsmessig. I vegplanen av 1921 var anlegget komme med som eit utbetringsanlegg, medan Sande-Hestenesøyra var komme med som bygdeveg. Våren 1936 vart veganlegget Sandane-Storebrua sett i gang med forskotsmidlar av kommunen, men meir skjedde ikkje.
Stortingsvedtak
I 1966 vedtok Stortinget å byggja strekninga Sande-Hestenesøyra som første etappe på ein ferjefri veg mellom Hyen og Sandane. Arbeidet byrja i 1967, og i 1971 kunne ein køyra til Hestnesøyra. I 1974 var vegen ferdig til Eikenes. Ferjesambandet Anda-Hyen vart opna i 1969 og heldt fram til 1990. Ferja «Davik» gjekk i rute på Hyefjorden mesteparten av av tida. Ferjesambandet dekka først og fremst Hyenområdet lokalt, men var og til nytte for trafikken mellom Florø-området og Nordfjordeid.
Stortinget greip inn
Vegarbeidet langs Hyefjorden byrja i 1970, og i 1971 var vegen farbar frå Hyen til Holme. Vidareføringa frå Holme til Kleppenes byrja i 1975, og vegen var farbar i 1977. Men strekninga Kleppenes-Hestenesøyra var tung å få inn i Sogn og Fjordane sitt prioriteringsprogram. Under handsaminga av Norsk Vegplan for perioden 1982-85 føretok samferdselskomiteen i Stortinget visse endringar som gav plass for dette prosjektet. Dette slutta eit samla Storting seg til. Ein sterk lokal innsats var truleg medverkande til eit positivt resultat.
Plan om einfelts veg skapte konfliktar
Først hausten 1984 vart anlegget Kleppenes-Hestenesøyra sett i gang. Det hadde då vorte semje om at Sogn og Fjordane Energiverk skulle forskottera anlegget med 6,3 mill. kroner. Det var rekna med at forskotteringa skulle gjera det mogeleg å opna vegen for trafikk i løpet av 1989. Føresetnaden for vegbygginga var at vegvesenet skulle byggja ein einfelts veg, men då opna det seg sterke kritiske røyster. I 1986 vart planane endra til ein tofelts veg, med breidde på 6 m. Dette fordyra anlegget nokså mykje. Trass i dette vart anlegget opna berre eit knapt år etter planen.
I bratt og ulendt terreng
Terrenget langs Hyefjorden er bratt og ulendt, og det går mange ras. Vegen måtte difor leggjast i tunnel på fem stader. Til saman vart det 3 km tunnel. Vegen var farbar i 1989, men den offisielle vegopninga var den 24. august 1990. Vegutløysinga sparte staten årleg for om lag 2 mill. kroner til ferjekostnader.
Båtbyggeri med mange arbeidsplassar
Vegsambandet har sjølvsagt hatt stor betydning for lokalsamfunnet. Ei hjørnesteinsbedrift i Hyen er båtbyggeriet til brørne Aa. Dei starta alt i 1947. På 1990-talet hadde verksemda 100 arbeidarar. Utviklinga medførte at fleire bygde seg hus i Hyen, men det var og arbeidarar utanfrå. Dette sette sjølvsagt press på kravet om veg til bygda. Ferje vart for tungvint. Bertel Aa var med i kommunestyret i ein periode og kjempa hardt for å få veg mellom Sandane og Hyen.