Nedste linene av innskrifta på gravminnet til fyrbetjent Michelsen.
Datering
2007
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gravminne på Kinn - fyrbetjent på Ytterøyane

Kyrkjegarden på Kinn har eit gravminne knytta til fyret på Ytterøyane. Det er ei liggjande smijernsplate attmed kyrkjegardsmuren i vest. Gravminnet blei i si tid sett på grava til ein mann som døydde "på Ytterøernes fyrstation."

Fyrbetjent på Ytrøyna

Ytrøyna er namnet på ei gruppe øyar, holmar og skjer vest i havet frå Kinn. Kystfyret Ytterøyane fyr står på det høgaste punktet i øygruppa. Fyret vart bygt og sett i drift i 1881. Det budde folk på fyret i åra 1881-2004. I 2004 vart fyret automatisert og "avbemannet". Folketeljinga for 1900 viser at det år 1900 budde to familiar på fyret på Ytrøyna, fyrbetjentane Michelsen og Kettelsen, i alt 15 personar, og i tillegg to andre. Michelsen døydde i 1905 og vart gravlagd på Kinn.

Image
Petrine Kinn (1872-1965) var i mange år postførar mellom Rognaldsvåg og Kinn. Ei tid omfatta også postruta hennar Ytterøyane fyr. Magne Eide laga denne teikninga av "postdistriktet" hennar til eit stykke i Firdaposten.
Fotograf
Magne Eide (teikning)
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gravminnet

Det blei ordna med eit påkosta gravminne på grava til fyrbetjent Michelsen; ei liggjande smijernsplate. Dette gravminnet er i dag fyrhistorisk interessant. Det er eit minne om ein av dei som i si tid budde på Ytrøyna og hadde tilsyn med fyret. I 2008 ligg gravminnet heilt inn til kyrkjegardsmuren i vest.

I opphøga skrift står det å lesa:

SEVERIN FREDRIK HVIDT
MICHELSEN
FØDT 24. SEPTBR. 1832
I BERGEN
DØD 6 JUNI 1905
PÅ YTTERØERNES FYRSTATION. 


Firda folkeblad 22.06.1928
Informasjon frå Kystverket
Statsarkivet i Bergen